Sivert Thoresen Kleven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sivert Thoresen Kleven (født 15. januar 1825 i Hegra, død 31. juli 1889 same stad) var gardbrukar og utvandrar. Han var mellom dei aller fyrste som utvandra frå Stjørdalsbygdene i 1850.

Tidleg liv

Sivert Kleven vart født på garden Ytre Kleven i Skjelstadmark, og var son av Ingeborg Sivertsdotter Skordalen (1795-1860) og Thore Håkonsen (1795-1880). Han vaks opp i ei bygd som framleis var lite eller ikkje prega av utvandring til Amerika, men skulle bli ein av «pionerane» frå Stjørdalsbygdene.

Til Amerika

I 1850 vart det nemleg utrusta ein ekspedisjon av Trondhjem for å grava gull i California, der det var funni gull to år tidlegare. 106 personar meldte seg til å vera med, alle menn, og dei fleste trøndarar. Sivert Kleven var ein av dei som valte å dra, saman med meråkbyggen Lars Kjelstrup, lånkbyggen Hågen Sorte og stjørdalingane Faber Marcus Gørrissen og Hieronymus Sommerschield. Dei seglte ut frå Trondhjem med skuta «Sophie» den 26. oktober 1850.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro i Brasil. Skipet vart erklært å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennene sto derfor utan høve til å komma seg videre. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli nybyggjarar i Colônia Dona Francisca lenger sør i landet, og 74 av 106 nordmennene slo til på dette. Da dei kom til kolonien, var òg kommi eit norsk skip, «Colon», med kolonistar frå Tyskland og Sveits, og tretten av nordmennene valte sannsynlegvis å reise heim med dette skipet.

Nybyggjar og gullgravar

Sivert Kleven var ein av dei 61 som vart nybyggjarar i Colônia Dona Francisca, som seinare skulle bli Joinville. Det er ikkje kjent kva han gjorde i kolonien, men han vart i alle høve ikkje verande lenge: Han forlèt Joinville i 1852, og drog endeleg til California, der han vart verande i fire år.

I 1857, etter ei skipsreise på to månader og åtte dagar, kom Sivert Kleven heim frå California i lag med to skogningar, Anders Bjørnsen Munkrøstad og Johannes Andersen Mønsterhaug. Dei var òg med på ekspedisjonen, men var ikkje mellom dei 61 nybyggjarane i Joinville. Da desse tre kom heim, heitte det om dei at

om de der har været heldige, samlet sig større eller mindre kapital derom bliver man herhjemme af disse folk sjelden klog. … Imidlertid viser det sig paa deres utvortes pynt at de har vært i guldlandet, idet de naturligen ere smykkede med massive ringe, brystnaal og lignende kostbarheter i gull. De ved ikke for tiden om de nu skal bosætte sig her i landet eller reise til Amerika.[1]

Heime att

Av dei tre valte i det minste Kleven å «bosætte sig her i landet»: Vel attende i Hegra vart han gift den 13. juli 1859 med Ane Johnsdotter Kleven (1843-1926) frå nabogarden Midtre Kleven, og tre år seinare fekk han skjøte på denne garden frå svigerfar John Davidsen Kleven. I 1870 fekk han så skjøte på Ytre Kleven, da broren Hågen Thoresen Kleven selte garden og tok med familien til Minnesota. Slik vart dei to bruka slegi saman til eitt. Han heldt fram med å drive garden til han døydde 31. juli 1889.

Sivert og Ane Kleven fekk seks born. Ei av dei døydde ung, tre utvandra til Amerika og to vart att i bygda:[2]

  1. John, født 1859, reiste til Amerika i 1880.
  2. Torstein, født 1861, gift med Anna Gunelie Hallan frå Skogn, tok over garden i 1889.
  3. Andreas, født 1864, gift i Amerika med Riborg Rolfseng frå Rolfseng.
  4. Ingeborg, 1870-1882.
  5. Gudrun, født 1874, gift med meieristyrar Emil Sofus Høiås på Korstad Meieri.
  6. Anna, født 1882, reiste til Amerika.

Noter

  1. Ukjent kilde, sannsynlegvis ei avis, sitert i «Med 106 gullgravere på California-reise».
  2. Stjørdalsboka, side 578; Hegra, bind 2, side 77.

Litteratur