Hagestøyl (Bykle gnr 4/55)
Hagestøyl | |
---|---|
Huset til Birgit Haslemo 7.2.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1990 |
Utskilt: | 1990 |
Stad: | Hoslemo |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 4 |
Type: | Bustadseigedom |
Hagestøyl i Hoslemo i Bykle kommune ligg like attanfor Hoslemo Camping, mellom den gamle og den nye riksvegen forbi Berdalsbru. Tufta gjekk ut ifrå Uppigard i 1990, då Birgit Haslemo og mannen hennes sette seg opp hus her. Birgit er dotter åt Sigbjørn Eivindsson Hoslemo og kona Jorunn Olavsdotter, fødd Nylund.
- Birgit S. Haslemo, f 1953
- g 1990 m Harald (Hansen) Haslemo, f 1958, d 2000. Born:
- Sigbjørn, f 1990
Harald var frå Evje, og son åt Johannes Karsten Hansen og kona, Margit Rigmor Homdrom Hansen. Han arbeidde som oppmålingsingeniør i Bykle kommune frå 1986. Etter giftemålet skreiv han seg med etternamnet Haslemo.
Birgit er sekretær og tilsett i Bykle kommune sidan 1979.
Utanom bustaden her har ho også Hoslemo Camping, bnr 52, Hagestøyl, bnr 46, og dertil 5 bortfeste hyttetomter.
Hagestøyl (Bykle gnr 4/55) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Skogly • Neste bolk: Nigard Hoslemo |