Helene Gundersen (1858–1934)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Helene Gundersen (1858-1934)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knud Bergslien sin målarskule. Helene Gundersen står bakerst til høgre.
Foto: Oslo Museum, Byhistorisk samling.

Helene Gundersen (fødd i Brandbu 25. februar 1858, død i Oslo 22. april 1934) var kunstmålar. Ho var dotter av Christian Gundersen og Karen Gougner. Ho måla både portrett, interiører og landskap.

Liv og virke

Gundersen studerte ved Knud Bergsliens malerskole omkring 1880. Seinare vart ho saman med Signe Scheel den fyrste eleven til Christian Krohg. Ho var elev hjå Karl Gussow i Berling frå 1882-1883, og det var no ho la grunnlaget for realismen som var eit kjennemerke for måleria hennar. Seinare var ho truleg elev hjå Hans Heyerdahl som dreiv målarskule saman med Christian Krohg.

Gundersen debuterte på Haustutstillinga i 1883 med Gussowstudier. I perioden 1895-1912 måla ho lite, då ho budde på Brandbu og stelte mor si som døydde i 1912. Frå 1914-15 var ho busatt i Kristiania.

Gundersen måla altertavla i Solvorn kirke i 1916. Oslo Bymuseum eig to av måleria hennar, og det eksisterer også måleri frå ho ved Tromp's Huys i Vlieland, Nederland.

Utstillingar

Annonse for utstilling hjå «Blomqvist Kunstudstilling».
Foto: Aftenposten, 26. januar 1907.
  • Høstutstillingen, Oslo, 1883
  • Høstutstillingen, Oslo, 1886-1888
  • Høstutstillingen, Oslo, 1890-1892
  • Høstutstillingen, Oslo, 1894-1895
  • Høstutstillingen, Oslo, 1902
  • Høstutstillingen, Oslo, 1907
  • Høstutstillingen, Oslo, 1909
  • Høstutstillingen, Oslo, 1911
  • Høstutstillingen, Oslo, 1913-1917
  • Høstutstillingen, Oslo, 1919-1921
  • Høstutstillingen, Oslo, 1923
  • Høstutstillingen, Oslo, 1925-1933
  • Jubileumsutstillingen, Kristiania, 1914
  • Norsk utst., Göteborgs Kunstforening, 1915
  • Kristiania Kunstforening, 1887-1929
  • Oslo Kunstforening, 1931

Galleri

Litteratur og vidare lesing

  • Wichstrøm, Anne. (2013, 3. juli). Helene Gundersen. I Norsk kunstnerleksikon. Henta 27. august 2018 frå https://nkl.snl.no/Helene_Gundersen.
  • Thiis, J., Norske malere og billedhuggere, Bergen, 1904-1907, bd. 1.