Helge Fæhn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Helge Fæhn ved lansering av boka Gudstjenesteliv i den norske kirke. Fra Samhold-Velgeren, tirsdag 15. mars 1994.

Helge Fæhn (fødd 13. desember 1918 i Skien, daud 21. oktober 2008 i Sandvika) var professor og doktor i teologi. Han var heilt sentral i utviklinga av dei nye liturgiane som Den norske kyrkja tok i bruk i 1970- og 1980-åra. Fæhn er óg rekna som ein av dei framste liturgihistorikarane i Norden.

Slekt og familie

Han var son av revisor Paul Fæhn (1883–1977) og Karoline Marie Johansen (1888–1972).

I 1948 vart han gift med organist Ann-Marie Falk (1922–2003), som var dotter av kantor og lærar Alfred Andreas Falk og Anna Kristina Olsson.

Liv og virke

Han vaks opp i Skien, der han tok examen artium på latinlinja i 1938. Han studerte så teologi ved Universitetet i Oslo og ved Lunds Universitet i Sverige. Han avla teologisk embetseksamen i Oslo i 1945, og praktisk-teologisk eksamen i 1947. Etter nokra månader som hjelpeprest i Furnes prestegjeld vart han knytta til Teologisk fakultet som stipendiat, og i 1957 tok han doktorgraden. Avhandlinga Ritualspørsmålet i Norge 1785–1813. En liturgisk og kirkehistorisk undersøkelse med særlig henblikk på geistlighetens stilling til tidens reformplaner vart starten på eit yrkesliv der liturgien stod i sentrum.

Han var ein tid kallskapellan i Nes på Romerike. I 1965 vart han så henta attende til universitetet for å arbeide med revisjon av liturgien. Så var han sokneprest i Haslum prestegjeld ein tid, inntil han vart professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo i 1974. I 1986 pensjonerte han seg, men han var seniorforskar ved UiO til 1988.

Fæhn var óg medlem av Den rettshistoriske kommisjon frå 1954 til 1987, og formann der frå 1957 til 1973. Han samarbeida tett med Hans Nielsen Hauge Ording, som i 1949 hadde byrja på ei vitskapeleg utgåve av Hans Nielsen Hauge sine skrifter. Dette arbeidet vart fullført av Fæhn i 1953. I 1966 vart han saksutredar og sekretær for Liturgikommisjonen. Han var heilt sentral i kommisjonen sitt arbeid med revisjon av liturgien i Den norske kyrkja gjennom 20 år, dei siste fem som formann. Frå 1965 til 1984 var han liturgisk konsulent for Kyrkjedepartementet i sakar om kyrkjebygg og utsmykking.

I 1968 vart han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, og i 1989 vart han ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Folkeminnesamlar

I 1957 sendte Helge Fæhn ut spørjeliste NEG 67 med emne skikk og bruk ved gudstjenesten og ved de kirkelige handlinger for Norsk etnologisk gransking.

Litteratur og kjelder