Hellandvegen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hellandvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går austover frå Gamleveg til Folkestadvegen i Bø sentrum og blei opparbeidd frå 2000 til 2001. Han går bak forretningsbygga langs nordsida av Bøgata, gjennom eit område prega av parkeringsplassar og er om lag 300 meter lang
Vegen er kalla opp etter felemakarætta Helland som fostra 14 felemakarar over ei periode på nestan 200 år. Fram til vegen fekk offisielt namn i 2002 blei han kalla «Avlastningsvegen».
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Kommunestyreprotokoll 2001.
- Utval for teknisk, sak 029/02.