Henrik Olaus Aardalsbakke
Henrik Olaus Aardalsbakke (fødd 18. oktober 1879 i Jølster, død 2. desember 1956) var lærar og lokalpolitikar for Venstre i Davik kommune. Fornamnet har òg vore skrive Hendrik.
Han var son av bonde Jakob Aardalsbakke og Danhilde Jensdotter. Henrik Olaus Aardalsbakke gjekk mellomskulen og tok eksamen ved Hambros skole i Bergen i 1900. Etterpå byrja han på Volda lærarskule, der han vart uteksaminert i 1903.
Aardalsbakke vart som nyutdanna tilsett som lærar i Davik i 1903. Han hadde fyrst krinsane Endal, Lefdal og Haus, men etter krinsregileringa i 1918 arbeidde han i krinsane Davik og Endal.
Han sat i soknerådet og heradsstyret og var formann i Davik venstrelag. Aardalsbakke var dessutan bankrevisor.
Aardalsbakke vart i 1908 gift med Oline Endal, men ho døydde i 1920, berre 37 år gammal. Han gifte seg opp att i 1925 med sjukesyster Anna Endal (1887-1946), dotter av Arne Ø. Endal og Maria f. Rønnekleiv. Aardalsbakke fekk tre søner og tre døtrer. Han og dei to konene er gravlagde på Davik kyrkjegard.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 3708859), med bilete av gravminnet.
- Henrik Jakobsen Aardalsbakke i folketeljinga 1900 for Jølster herred frå Digitalarkivet
- Henrik Aardalsbakke i folketeljinga 1910 for Davik herred frå Digitalarkivet
- Kyrkjebok for Jølster 1866-1881: Døypte 1879
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.