Hermoder (tidsskrift)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hermod rir Sleipner til Hel for å utløyse Balder. Frå islandsk 1700-tals manuskript.

Hermoder var namnet på tre ulike norske tidsskrift som kom ut i Christiania i ulike, kortare periodar innan tidsrommet 1795-1843. Namnet var henta frå norrøn mytologi. Hermod var gudane sitt sendebod, og han fekk utløyst Balder frå Helheimen.

Hermoder 1795-1800

Frederik Schmidt (1771-1840), fyrste redaktøren av Hermoder.

Det fyrste var redigert av den gongen tukthusprest Frederik Schmidt (1795-1797) og deretter av rektor ved Oslo katedralskole Jacob Rosted (1797-1800). Trelasthandlar Paul Thrane støtta føretaket sjenerøst økonomisk. Det var eit litterært magasin med blanda skjønnlitterært og faglitterært stoff, skrive av norske forfattarar og vitskapsmenn. Blant bidragsytarane kan nemnast dr.med. Hans Møller, teologane og topografiske forfattarar Hans Strøm og Jacob Nicolai Wilse, filosofen Niels Treschow, kjøpmann, gods- og brukseigar Bernt Anker og diktarprestane Jonas Rein og Jens Zetlitz.

Bladet hadde visst ikkje noko politisk program. Det var til dømes innlegg både for og mot den franske revolusjonen der. Føreålet var heller å vise det kulturelle nivå og litterære spennvidde i Christiania og Noreg, med ein uttala fråstand til feider og polemikkar i København. Men, som Odd Arvid Storsveen påpeikar, var tidsskriftet noko prega av at både redaktøren Schmidt og støttespelaren Thrane tilhøyrde den liberale fløya blant patriotane i tida.

Hermoder 1821-1827

«Hermoder, et Ugeblad af blandet Indhold», innheldt mest skjønnlitterære bidrag i poesi og prosa, reiseskildringar og artiklar av estetisk art. Det vart stundom utsendt med kunsttillegg av fargelitografiar av norske nasjonaldrakter etter originalar av Heinrich August Grosch og Johannes Flintoe. Hermoder kan sjåast som eit element i ei nasjonalromantisk bølgje i 1820-åra som førespegla det endelege nasjonale gjennombrotet eit par tiår seinare.

Redaktør for bladet var ingeniørkaptein Theodor Broch, som samstundes også gav ut det opposisjonelle politiske bladet Patrioten.

Ny Hermoder 1841-1843

«Ny Hermoder, et æstetisk Ugeskrift» vart utgjeve av boktrykkar, forleggar, bladmann og fotografipioner Hans Thøger Winther. Ny Hermoder var eit framhald av Norske Læsefrugter (1839-1840). Bladet var rikt illustrert med stålstikk og litografiar.

Kjelder og litteratur