Hjalmar Ingjald Fritjov Blytecker

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjalmar Ingjald Fritjov Blytecker (Blütecher).
Foto: Nilsen, Norges leger, 1996, s. 364

Hjalmar Ingjald Fritjov Blytecker (fødd i Aker herred 29. oktober 1849, død 1. mars 1891) var lege. Han var son av cand.theol. Poul Howitz Blytecker og Anna Sophie Roverud. 7. august 1877 gifta han seg i Lårdal med Anna Dorthea Magdalena Wiborg (fødd 13.5.1857, død 19.12.1944)[1] Dei to fekk fire born; Agnes (fødd 14.6.1878), Alf (fødd 7.2.1880), Anne (fødd 27.8.1881) og Finn (fødd 13.8.1883). Namnet Blütecher er også nytta i nokre kjelder.

Hjalmar tok eksamen ved Universitetet i Oslo i 1868 der han fekk karakteren Haud illaudabilis.[2] I 1875 jobba han eit halvår ved Gaustad Asyl, og sumaren 1876 fungera han som korpslege på Gardermoen og Østerdalen.[3] Frå 1877 til 1885 praktisera han som doktor i Lårdal, og dei fyrste åra praktisera han som amanuensis hjå distriktslege Andreas Bakke. Ein periode verka han sjølv som distriktslege i Lårdal legedistrikt. Han hadde kontor i nystoga på vestre Bjåland.[4] I reisehandbøkene til Yngvar Nielsen frå 1879[5] og 1883[6] nemnast "Blyteckers Sanatorium" som ein stad å overnatte.

9. mai 1887 blei Blytecker utnemnd til distriktslege i Hevne legedistrikt. Her døydde av pneumoni 1. mars 1891.[7]

Referansar

  1. Ættesoga - familieband til Kviteseid.
  2. Museum for universitets- og vitenskapshistorie.
  3. Larsen, 1996, s. 364.
  4. Bakken, 1978, s. 80.
  5. Nielsen, 1879, s. 206.
  6. Nielsen, 1883, s. 118.
  7. Larsen, 1996, s. 364.

Kjelder