Hole & Lillebøe AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hole & Lillebøe AS var ein møbelprodusent i Sykkylven. Verksemda utvikla seg frå starten i 1943 til å bli ein av dei leiande stoppmøbelprodusentane i landet i 1970- og 80-åra.

Lysekruner og lampettar utskorne i tre var dei første produkta frå Hole & Lillebøe A/S. Det var Ingvald Lillebøe og Olav Hole som midt under siste verdskrigen gjekk saman om denne bedrifta. Salet av armaturar tok bror til Olav, Leonhard Hole, seg av. Han gjekk på skule i Oslo og hadde ingen vanskar med å bli kvitt dei utskorne kvalitetsvarene frå Sykkylven. Dei vart selde i elektrisitetsforretningar i hovudstaden.

Stort fabrikkbygg i 1956

Det var bjørk som vart nytta i framstillinga. Den måtte dei dels i skogen for å finne sjølv, men det var også råd å få bjørk frå grannebygdene. Ved eitt høve rodde dei til Emleim for å hente eit parti tørr bjørkeplank. I startåra var dei i kjellaren på farsgarden til Olav og Leonhard Hole på Tjønes. I 1946 bygde Lillebøe hus på Vik, og då vart bedrifta flytta dit. Det vart då kjøpt ein del maskiner, og drifta vart lagd om til lenestolproduksjon. Første året laga dei mest treverk til andre fabrikkar. Frå 1948 kom Leonhard Hole med i bedrifta på heiltid. Han tok seg av den merkantile sida.

I 1948 leigde dei lokale av Blindheim Cementsteinfabrikk i Jaktevika. Huset vart noko ombygt, slik at det høvde som tapetserarverkstad. Åtte tilsette var fordelte på dei to produksjonsstadane det året. Året etter var staben fordobla, og i 1955 hadde bedrifta 19 personar i arbeid.

I 1955 sette Hole & Lillebøe opp eit fabrikkbygg på to etasjar på ei fire og eit halvt mål stor tomt som var kjøpt av Martinus Blindheim. Bygget var på 800 m2. Dessutan bygde dei eit lager på 500 m2. Anlegget var klart til innflytting i 1956.

Bedriftsoppkjøp

På same tida gjekk Hole & Lillebøe med i eksportsamvirket Norwegian Furniture Company Ltd. Tiltaket vart ikkje nokon udelt suksess. Røynslene med eige eksportkontor i London var ikkje berre gode. Eit anna eksportselskap, Norfact, hadde base i Ørsta. Der gjekk Hole & Lillebøe inn i lag med Hjellegjerdes Lenestolfabrikk frå Sykkylven. Heller ikkje dette eksportselskapet fekk noko langt liv.

Det var og vart heimemarknaden bedrifta måtte konsentrere seg om. Salet skjedde gjennom eit godt utbygt forhandlarnett, med agentar som dekte alle landslutane. Likevel gjekk mellom 50 og 60% av møblane til Austlands-området.

Bedrifta var igjennom ei større bygningsmessig utviding i 1966. Produksjonslokala dekte etter utvidinga ei flatevidd på 2000 m2. I tillegg var det 1000 m2 lagerlokale. I 1968 var bemanninga 35 personar, i 1974 stod nærare 40 personar på løningslista.

Hole & Lillebøe A/S tok i 1978 over den konkursråka møbelfabrikken til Brødrene Brunstad i Velledalen. Lokala, som var på 2000 m2 grunnflate, vart oppussa, og i produksjonen vart det her arbeid til åtte-ti personar. I 1979 kjøpte Hole & Lillebøe Stryn Møbelfabrikk. Bedrifta i Stryn laga platemøblar. Etter ei tid byrja dei å lage treverk til moderbedrifta i Sykkylven.

Omorganisering

Hole & Lillebøe gjekk i 1982 inn i eit salssamarbeid med Arna Bruk ved Bergen. Arna Bruk var ein av dei største produsentane av bokhyller her i landet. Hole & Lillebøe la ned store ressursar i dette prosjektet. Det var difor eit slag for verksemda då Arna Bruk vart kjøpt opp av Nordås i 1983. Då måtte Hole & Lillebøe finne seg andre salskanalar.

Våren etter trekte Leonhard Hole seg tilbake frå disponentstillinga. Son til Ingvald Lillebøe, Lidvar, tok då over denne funksjonen. Saman med andre tiltak var aksjekapitalen utvida i ein freistnad på å snu den negative utviklinga bedrifta var inne i. Det kom då inn ein del nye aksjonærar.

Snuoperasjonen lukkast ikkje. Den 1.desember 1984 melde leiinga oppbod. Stryn Møbelfabrikk A/S dreiv framleis sin produksjon og tok over fabrikkbygningane på Blindheim og Brunstad. I fabrikken på Blindheim heldt produksjonen fram i eit nytt firma, Nye Hole & Lillebøe A/S, med Lidvar Lillebøe som disponent. På eigarsida fekk han mellom andre med seg Sverre Øyen, Knut Anton Hole, Bjørn Tynes og Bjørn Espe. Firmaet leigde lokale av Stryn Møbelfabrikk.

I fabrikken på Brunstad dreiv Knut Anton Hole frå 1985 og til tidleg i 90-åra produksjon av dei såkalla multi-vindauga. Multivindu Møre A/S med om lag fire tilsette.

Fusjon med Stranda-bedrift

Nye Hole & Lillebøe A/S vart ein nisjefabrikant av eksklusive møblar med eit handverkspreg. I ein samtale med avisa Fylket i januar 1985, forklarte Lidvar Lillebøe denne satsinga: «…For denne produsenten var det i alle fall naudsynt å konsentrere seg om ein profil. Ei for stor spreiing førte til at det rimelege ikkje vart rimeleg nok og at dei dyre møblane vart for dyre.»

Etter omskipinga vart trevareavdelinga nedlagd. Som fylgje av det vart det ein viss reduksjon i arbeidsstokken. Frå 1985 låg bemanninga stabilt rundt tretti. I 1987 kjøpte Nye Hole & Lillebøe A/S dei tidlegare lokala til Velledalen Fabrikker i Straumgjerde saman med bademøbelprodusenten TT Multi AS. Bygget var på 4400 m2.

I mai 1990 vart ein samarbeidsavtale underskriven mellom Nye Hole & Lillebøe og Slettvoll Manilla A/S på Stranda. Samstundes vart aksjekapitalen utvida frå 640.000 kroner til 1,8 mill.kroner. Slettvoll Manilla fekk etter den retta aksjeemisjonen ein eigardel på 64% i sykkylvsbedrifta. Kort tid etter vart dei to bedriftene heilt samordna og all produksjonen samla i Slettvoll sine lokale på Stranda.

Kjelde