Ingebjørg Mælandsmo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingebjørg Mælandsmo (fødd 21. juli 1898 i Heddal, død 6. mars 1981 på Notodden) var lærar og forfattar. Ho skreiv fleire romanar om kristendom, makt og ære og plasserte ofte forteljingane i ei historisk ramme med folkloristiske innslag. Mest kjend er ho for å ha retta opp minnet om folkeminnesamlaren Olea Crøger.

Liv og virke

Ingebjørg Mælandsmo vaks opp på garden Hovdejord i Heddal. Ho var dotter av gardbrukar og landhandlar Andres Olsen Bøe (Mælandsmo) (1849–1931) og Ingeborg Torgrimsdotter Hovdejord (1858–1949). Ingebjørg var yngst av 12 syskjen. Heimen var open, og her fekk ein fekk impulsar frå aviser, bøker og omreisande predikantar. Vinteren 1915/16 gjekk Ingebjørg på Sagavoll kristelege ungdomsskule, og 1919 tok ho eksamen ved Notodden lærarskule. Etter lærarskulen tok ho middelskuleeksamen.

Ingebjørg arbeidde som lærar på fleire skular, m.a. på Viken kristelege ungdomsskule ved Gjøvik og Dovre folkehøgskule, før ho i 1928 kom til den frilynde folkehøgskulen Romerike fylkesskuleJessheim. Her var ho lærar frå 1928 til 1960 attmed forfatterverksemda. Det å vere både forfattar og lærar har ho i intervju sagt at var som å «rivast i to». I 1960 flytta ho attende til Heddal og blei forfattar på heiltid.

Forfattarskapet

Ingebjørg debuterte i 1923 med romanen "Malmar i eld", men to år før det gav ho ut eit skodespel kalla "Jord. Lite spel for skular og lag" under pseudonymet Inga Bjørge. Debutromanen vart til ein trilogi saman med "På Malm og Waldemar", der temaet var ættekjensla, men òg konflikten mellom kyrkja og legkristendomen.

Folkloristiske motiv står sentralt i dei neste to romanane: "Ola Lensmann" og "Den synske". Forteljinga er bygd på segner og historiske hendingar kring heimegarden til forfattaren, der Ola Lensmann (Tinnemannen) budde på 1700-talet. Ho fekk ros for miljøskildringane i fyrste boka, men oppfylgjaren var kunstnarleg noko veikare. Likevel er bøkene omtalte som dei ypparste i forfattarskapen. Slektningar av Tinnemannen har reagert negativt på den noko skurkaktige framstillinga av lensmannen.

1939 vann Ingebjørg ei nordisk tevling om beste roman med kristent grunnsyn med boka "Og flommen kom". Mange kritikarar var kritiske til dette og meinte at “kristne bøker” mangla kunstnarleg kvalitet. Johan Borgen i Dagbladet var mellom dei hardaste kritikarane av denne tevlinga. Etter dette var det fleire kjende bokmeldarar som boikotta bøkene hennar. Sjølv meinte ho at ho stilte same krav til ein “kristen” roman som til andre romanar. Som grundtvigianar vart ho heller ikkje godteken i alle kristne krinsar.

Denne og dei to neste bøkene skreiv Ingebjørg på radikalt bokmål sidan ho hadde sympati for samnorsk. Sidan samnorsk ikkje vann fram, og sidan ho skreiv betre på nynorsk med telemarkklang, gjekk ho attende til nynorsk.

Kring 1950 starta ho arbeidet med romanane om Olea Crøger – prestedottera frå Heddal som samla folkeviser, men opplevde at M. B. Landstad fekk æra for dette. Det vart ei livsoppgåve for Mælandsmo å rette opp denne uretten, og det gjorde ho med "Søndinn", "Hr. Crøger til Hitterdal", "Mogning i september", "Blomar i oktober" og "Haust i november".

I desse bøkene, som kom i åra 1958–70, skildrar ho bygdelivet i Heddal på 1600- og 1700-talet med stolte bønder og vanekristendom i kontrast til dei meir pietistiske “lesarane”. Her blir også far til Olea skildra som opplysningsmann med nye idear om jorddyrking – noko som òg møtte motstand. Dei tre siste bøkene er om Olea, folkeviseinnsamlinga og korleis det var å vera ugift kvinne i eit mannssamfunn. Bøkene vart godt mottekne av kritikarane, men somme reagerte på at det var vanskeleg å skilje dikting frå fakta, og dei mange personane i bøkene gjorde lesinga tung.

Kvinnene dominerer som hovudpersonar i bøkene til Ingebjørg. Likevel meinte ho sjølv at ho ikkje dreiv kvinnesak når ho viser korleis Olea Crøger måtte kjempe for å bli sosialt akseptert som ugift kvinne.

Ettermæle

I 1977 fekk Ingebjørg Mælandsmo Telemark fylkes kulturpris som den fyrste nokon gong. Heideren sette ho høgt. Ved hundreårsmarkeringa 1998 vart det avduka eit relieff av henne, plassert på fjellveggen mot bygdetunet i Heddal.

Bibliografi

  • Jord. Lite spel for skular og lag (pseud. Inga Bjørge), 1921
  • Malmar i eld, 1923
  • På Malm, 1925
  • Waldemar, 1927
  • Ola Lensmann, 1931
  • Den synske, 1933
  • Nittan år, 1937
  • Og flommen kom, 1939
  • Kjellaug Malm og de to prestene, 1940
  • Jeg bare tror. Minneblad 1940–1945, dikt, 1945
  • Den tidlege våren, 1945
  • Natta til den 19de august, 1947
  • Søndinn, 1958
  • Hr. Crøger til Hitterdal, 1964
  • Mogning i september, 1966
  • Blomar i oktober, 1968
  • Haust i november, 1970
  • Andres og Elline, 1975
  • Du skal teia still!, 1977

Kjelder

Vidare lesning

  • Flåta, Gunn Jorunn Mælandsmo, Ingebjørg Mælandsmo 1898–1981. Eit minneskrift, Notodden, 2001. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.