Ingrid Tyldum

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ingri Tyldum»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingrid (Anette) Tyldum (fødd 8. januar 1929 på Veme på Ringerike, død 12. mars 2008 i Nord-Aurdal) var lærar og lyrikar.

Ho budde mesteparten av sitt vaksne liv i Aurdal i Valdres. Tyldum var utdanna lærar frå Sagene lærerskole i Oslo, med toårig formingslærarskule etter lærarskulen. Før ho kom til Valdres, var ho lærar i barneskulen på Ringerike og i realskulen på Hov i Land. I Valdres var ho lærar på realskulen i Aurdal, og seinare i barne- og ungdomsskulen fram til ho vart pensjonist.

Tyldum sat i styret i Noregs Mållag fra 1959-1962. Som lyrikar brukte ho dialekt og nynorsk, og nynorsk var språket hennar også i det ho elles skreiv.

Ho gav ut to diktsamlingar, Snø og symre, som ho debuterte med i 1970, og Risen og hjarta hans i 1973. Ho hadde òg ein del dikt og kronikkar i avisa Valdres og i NRK Oppland. Som kronikør hadde ho gjerne utradisjonelle standpunkt, og ho kunne stille seg opp med ein plakat og demonstrere mot nedlegging av postkontor og jernbane. Ho var ein fargerik person, (i følje Allkunne.no) både i framtoning og i meiningar. Ofte laga ho dikt festa til ein blomedekorasjon som ho gav til biblioteket, eller ho leverte ei dikthelsing til folk som ho meinte fortente det.

Kilder


05 Oppland vapen.png Ingrid Tyldum er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.