Johan Hveem (1879–1973)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bagn kyrkje i Sør-Aurdal. I 1963 fekk Johan Hveem viljen sin: Kyrkja vart måla raud, og ikkje kvit.
Foto: John Erling Blad (2007).

Johan Hveem (fødd 21. september 1879 i Østre Toten, død 11. januar 1973 i Sør-Aurdal) var prest. Han verka lengst i Valdres, som sokneprest i Sør-Aurdal frå 1923 og som prost i Valdres prosti frå 1930 til 1945.

Han var son av Jens Madsen Hveem og Berthe Helene Pedersdatter f. Oustad. Familien budde på Bakkelund før begge foreldra døydde i mai 1893, då Johan Hveem var 13 år gammal. Som 17-åring vart han kontorist hos ein sorenskriver, med bustad hos totningen Anton Halvorsrud i Fredrikstad, og i 1903 tok han artium. Teologistudia fullførte Hveem i 1910.

Som nyutdanna jobba han i Kristiansund, som lærar ved byens høgre allmennskule og som sekretær i ynglingeforeininga. I 1912 fekk han sitt første prestekall, då han vart residerande kapellanHitra. I folketellinga 1920 vart han registrert på prestegarden Hov i Sunndal. Hveem var då sokneprest.

Fra 1923 budde og verka han i Sør-Aurdal, prestegjeldet lengst sør i Valdres. Han tok avskil som prost av helseomsyn i 1945, men vart buande i Bagn. Hveem sette spor etter seg i Sør-Aurdal, ikkje minst i trengselsåra på 1930-talet, då han hjelpte folk med mat og klede og opna prestegarden for snikkaropplæring for gutar. I 1937 sto han i spissen for restaureringa av Bagn kyrkje, og han var pådrivar for nytt bedehus i bygda. I 1991 vart det avduka ei minneplate over Johan Hveem ved Bagn kyrkje.

Hveem var gift to gonger. Den fyrste kona, Marie Dorthea f. Müller, døydde i 1912, like etter at dei gifte seg. Han gifte seg opp att med Marie Elisabet Hveem, og i 1920 hadde ekteparet to born: sonen Jens Kristian (f. 1917) og dottera Anne Marie (f. Hveem). Seinare kom det i hvert fall tre til, Dora, Helene og Berit.

Bibliografi

Kjelder og litteratur