Johanne Lilleslett (1902–1985)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
No-nb digibok 2011112308149 0122 3.jpg

Johanne Lilleslett (fødd Andreassen, 30. desember 1902 i Kragerø, død 9. mai 1985 i Hol) var lærar i Hol i Hallingdal. Ho var aktiv i mange slags frivillig arbeid i lokalsamfunnet. Namnet hennar vert også skrive Lisleslett.

Johanne vaks opp i Kragerø. Foreldra var Inga Karoline (f. Simonsen 1874) og Anton Laurits Andreassen (f. 1872). I folketellinga for 1900 er faren oppført som styrmann 1900, medan han i 1910 har arbeidd på ein salpeterfabrikk.

Lærargjerninga

Etter grunnskulen reiste Johanne til Notodden, der ho tok mellomskuleeksamen i 1919 og deretter gjekk vidare på lærarskulen. Same år som ho var ferdig, i 1923, vart ho tilsett som lærarinne ved småskulen i Sør-Hovet krins i Hol. Her arbeidde ho anna kvar veke i Sør-Hovet og i Sudndalen. Ei tid underviste ho også i småskulen i Holet. Frå 1952 arbeidde ho på den nye skulen som då vart bygd i Hovet.

Skulekrinsane låg spreidd, og den fyrste tida budde ho på skulehuset i Sudndalen den veka ho arbeidde der. Etter at ho gifta seg i 1926[1], budde ho truleg fast på Lisleslett i Nord-Hovet. Frå 1948 vart ho innvilga skyssgodtgjering for rutebil mellom Hovet og Holet.[2]

I 1955 vart Lilleslett valt inn i styret for Hol lærarlag.[3]

Familie

Johanne gifte seg med Hallvard Sanderson Lilleslett (1902-1973), som også var utdanna lærar. Etter ein periode i Øvre Eiker og på Ringerike, vart han lærar i Hol. Han vikarierte for Johanne frå 1926 til 1929 og ein periode i 1933, men etter at han overtok Lisleslett i 1930, arbeidde han mest på garden.

Paret fekk Sander (f. 1934), Per (f. 1937), Arne (f. 1943) og Ingrid (f. 1944).[1] Det var Per som overtok garden. I tillegg arbeidde han på biblioteket i Hovet.[4] To av ungane gjekk inn i skulen, Sander som rektor og Ingrid som lærar på Gol.

Frivillig arbeid

Johanne Lilleslett var ein pådrivar for frivillig arbeid og leiar for fleire organisasjonar. Ho var med og skipa Hovet songkor og opptrådte også med song på tilstellingar. Ho var også med på skipinga av Hovet husmorlag (1933), der ho vart formann. Også i Sudndalen ungdomslag (skipa 1922), Hovet bondekvinnelag og Hol helselag (stifta 1924) var ho formann.

Ho var dessutan med i utdelingsnemnda for Amerikanske holingers legat og var vara i Fattigstyret.[5]

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Munnleg informasjon frå sonen Per Lilleslett via e-post frå Ola Ruud 29. januar 2023.
  2. Hallingdølen 1936, s. 2
  3. Buskerud Blad 1955, s. 6
  4. Drammens tidende og Buskerud blad 1981, s. 6
  5. Buskerud Dagblad 1936, s. 4

Kjelder og litteratur