Jon A. Renolen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jon A. Renolen (fødd 8. juni 1860 i Ålen (no Holtålen kommune), død 10. oktober 1939 i Åmot) var lærar og amtsskulestyrar. Foreldra var Anders Solandsen Morken og Kirsti Jonsdotter Kirkhusmo. Han var gift med Bertea Strand.
Han tok eksamen ved Klæbu seminar i 1881 og var lærar i folkeskulen og amtsskulen. I 1900 vart han styrar ved amtsskulen i Åsnes og i 1923 ved fylkesskulen i Ringsaker.
Han var med i den frilynte ungdomsrørsla og var tillitsvald i fylkeslaga Breidablik og Varden, ei tid formann i båe laga. Han var òg med i skyttarlag og fekk Skyttervesenets fortenestmedalje og Solør skyttersamlags heidersteikn.
Kjelder og litteratur
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- John Andersen Renolen i Historisk befolkningsregister