Jostedal bygdelag
Jostedal bygdelag er eit bygdeutviklingslag i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ein friviljug medlemsorganisasjon der kven som helst kan melde seg inn.
Opphav og skiping
Jostedal bygdelag har eit noko uklart opphav og oppstod som eit uformelt nettverkssamarbeid i andre halvdel av 1990-åra. I byrjinga var det eit nettverk for ymse lag og organisasjonar i Jostedalen. Desse organisasjonane var:[1]
- Jostedal ungdomslag
- Jostedal skule- og ungdomskorps
- Jostedal helselag
- Jostedal historielag
- IL Bjørn (trimgruppa)
- Jostedal sokneråd
- Jostedal nutleikarlag
- Bregruppa i Hafslo Røde Kors hjelpekorps
- Jostedal spel- og dansarlag
- Styggevasshytta
- Foreldrerådet ved Jostedal skule
- Jostedal skyttarlag
- Breatrekken
- Jostedal skule
- Jostedal skule- og bygdeavis
På årsmøtet 6. februar 2000 vart laget formelt skipa og fekk vedtektene som gjeld no. Her vart laget dessutan omskipa til ein direkte medlemsorganisasjon framfor ein nettverksorganisasjon.
Føremål
I føremålsparagrafen heiter det at laget skal:[2]
- Ta initiativ til fellestiltak som hevar livskvaliteten for bygdefolk
- Verke som ein koordinator mellom bygdi og kommunale organ
- Utvikle nye tiltak som årsmøtet prioriterer, og andre aktuelle saker
- Stå ansvarleg for koordineringa av ulike fellesarrangement
Laget held årsmøte innan utgangen av januar kvart år. Laget har i periodar hatt prosjektmedarbeidarar løna på timebasis/deltid, men har ingen faste tilsette og vert i all hovudsak drive på dugnad.
Bygdeutviklingsprosjekt
Etter søknad i 1999 vart Jostedal bygdelag teke opp i Bygdeutviklingsprogrammet til Sogn og Fjordane fylkeskommune for treårsperioden 2000-2003.
Bygdelaget kunne deretter føre bygdeutviklingsarbeidet vidare innanfor eit nytt prosjekt, Naturbruksprosjektet (2003-2005), initiert og finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for prosjektet var dei særlege utfordringane Jostedalen har som ei utkantbygd tett opptil store verneområde.
Då Naturbruksprosjektet vart avslutta, vart arbeidet vidareført i eit nytt prosjekt 2005-2007, "Praktisk naturbruk i bygdene - ein prøvemodell".
Desse bygdeutviklingsprosjekta har vore viktige for å samordne og drive framover bygdeutviklingsarbeidet i Jostedalen, som har ei sterk samanhangande tradisjon attover til 1980-åra.
Då Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2005 delte ut den fyrste "Fylkespris til iderike bygdesamfunn" (25 000 kr), gjekk prisen til Jostedalen ved Jostedal bygdelag i tevling med 12 andre bygder/bygdelag i fylket.
Arbeidsoppgåver
Så lenge laget har funnest, har Jostedal bygdelag skipa til 17. mai-feiringa i Jostedal samfunnshus. Hausten 2001 sette laget i gang ein vaffelkafe på dugnad tysdag og onsdag i samfunnshuset (mellom haustferie og påske), som har vore ein stor suksess. Bygdelaget driv òg den faste bingoen i bygda, annakvar fredag på Jostedal hotell.
Tidleg i 2000-åra sytte bygdelaget for finansiering av brøytinga av Vanndalsvegen til stølen Myri, som er eit mykje brukt utgangspunkt for skiturar (mellom anna til Vangsen). Bygdelaget tok på same tida til å køyre skispor frå Bjønnstegane til Øy forbi Fåbergstølen. Dette har vore to viktige vintersporttiltak.
Kring 2000 sytte ei nemnd under bygdelaget for å restaurere den gamle gjetarhytta på Viva i Sprongdalen.
Utbetring og oppgradering av det kommunale Jostedal samfunnshus har elles vore viktig, som innkjøp av lyd- og lysanlegg og etablering av sandvolleyballbanar og kunstgrasbane.
Bygdelaget er med på å skipe til musikkfestivalen Blåe tonar under breen.
Jostedal bygdelag overtok òg kring 2000 ansvaret for Styggevasshytta, som har eit eige styre vald på årsmøtet i bygdelaget.
Næringsutvikling og tilflytting
Eit viktig satsingsfelt i næringsutviklingsarbeidet har vore å stå opp om både eksisterande og nye verksemder innanfor reiselivet. I somme tilfelle har gründerar fått idear og støtte i startfasen (som kajakkfirmaet IceTroll og skiføringsfirmaet Fimbul Jostedal). I nokre tilfelle har òg bygdelaget drive fram prosjekt som seinare er kommersialiserte, som arbeidet med eit hyttefelt, overteke av firmaet Jostedal utvikling.
Innanfor landbruksutvikling har bygdelaget mellom anna arbeidd med etablering av samdrifter for sau (ein fellesfjøs opna i 2008). I startfasen av småkraftsatsinga i Jostedalen hadde bygdelaget, ei arbeidsgruppe som arbeidde med saka, og forretningsideen bak pelletsomnprodusenten Bio-Nordic hadde utspring i idedugnader i bygdelaget.
Arbeid for å fremje tilflytting til Jostedalen har heile tida vore sentralt for bygdelaget, og i 2008 etablerte bygdelaget eit eige tilflyttingsprosjekt. Ein del av prosjektet var opninga av nettstaden jostedal.no.
Leiarar
År | Namn |
---|---|
1999-2000 | Anne-Lise Bakken |
2000-2007 | Svein Norberg |
2007-2008 | Åne Elgersma |
2008-2003 | Svein Norberg |
2013-- | Anne Marte Snøtun |
Notar
Kjelder
- Jostedal bygdelag sin nettstad
- Arkivet til Jostedal bygdelag