Kolabotn

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kølabånn»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei kolmile på Elverumskanten. Kolmilene ga stadnamn som kolabotn, kølabånn og kullebunn.
Foto: Erling Syringen

Ein kolabotn, kolebotn, kolbotn, kølabotn, kølbotn, kølabånn eller kullebunn er ein stad der det har vore produsert trekol i kolmiler. Trekol har vore viktig som brensel i den energiintensive utvinninga av jarn — i eldre tider berre i jarnmiler, og frå 1600-talet òg i masomnar. Ordet er mykje bruka i stadnamn; særlig i skogsområda kring Oslofjorden, men òg mange andre plassar i landet der det har vore god tilgang på furu eller gran og etterspørsel etter trekol i samband med bergverk og metallutvinning.

I Norsk stadnamnleksikon er det ei oppføring på namnet, på forma «Kolbotn». Eldste form er «Kullebotnen», nemnd i 1526 som gardsnamn i Oppegård.

  • Kolabotn(en) er registrert frå Telemark (Notodden, Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke), Hordaland (Kvinnherad, Tysnes, Fjaler) og Sogn (Årdal).
  • Kolebotn(en) er registrert frå Telemark (Hjartdal, Notodden) og Hordaland (Fjaler).
  • Kolbotn(en) er registrert frå Indre Austlandet (Åsnes, Alvdal, Folldal, Gausdal, Lesja, Sel, Sør-Fron, Nord-Fron, Øyer, Nord-Aurdal), Telemark/Agder (Skien, Tinn, Sauherad, Notodden, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Drangedal, Tvedestrand, Risør, Åmli), Vestlandet (Gloppen), Midt-Noreg (Rauma, Hemne, Hitra, Oppdal, Midtre Gauldal, Trondheim, Steinkjer) og Nord-Noreg (Nordreisa).
  • Kolbotnet er registrert frå Midt-Noreg (Holtålen).
  • Kølabotn er registrert frå Buskerud (Drammen, Ringerike, Sigdal, Flå).
  • Kølbotn/Kølbotten/Kølbotnan er registrert frå Austlandet (Ringsaker, Stange, Tolga, Os i Østerdalen, Sigdal, Krødsherad, Rollag) og Midt-Noreg (Rennebu).
  • Kølabonn og Kølabånn er registrert frå store deler av Søraustlandet: Hof, Rakkestad, Hobøl, Ås, Øvre Eiker, Nedre Eiker, Modum, Sigdal, Ski, Nes i Akershus, Ski, Enebakk, Nittedal, Asker, Jevnaker, Ringerike, Røyken, Sande i Vestfold, Re, Vestby, Trøgstad, Fet, Eidsberg, Hurdal, Andebu, Drammen og Kongsberg. Den aller mest kjente kølabånnen er Kolbotn (Kølabånn, Kullebunden) i Oppegård kommune.

Kjelder

Sjå òg