Karl Braset
Karl Ingemar Braset (fødd 4. april 1880 i Sparbu (no Steinkjer kommune), død 15. februar 1945) var lyrikar og folkeminnesamlar. Foreldra var gardbrukar Johan Kristian Braset (1844–1903) og Gurine Skei (1854–1910).
Braset tok examen artium i 1900 og studerte i fire år realfag ved Universitetet. I Kristiania-tida var han med i Studentmållaget og var fyrste formannen i Målførenemnda i laget (skipa 1902). Han reiste heim til Sparbu etter realfagsstudia.
Han gav ut Sparbumaalet (1903). Seinare gav han ut to verdfulle samlingar av eventyr fra Trøndelag (1910), tre diktsamlingar og ei forteljing, alle på sparbumål. Han var fast korrespondent til Decorah-Posten.
Han var tidleg interessert i bygdemålsgransking og gjekk i 1901 på eit lydskriftkurs hos professor Johan Storm. Da han samla opplysningar om sparbumålet, gjorde han dei første freistnadene som folkeminnesamlar. Moltke Moe oppmoda han til å halde fram arbeidet, og han hadde i fleire år stipend til innsamling av folkeminne.
Kjelder og litteratur
- Liestøl, Knut: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind II. Oslo 1925.
- Studentene fra 1900. Utg. Grøndahl & Søn. Oslo. 1925. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Karl Braset i Historisk befolkningsregister.