Kjeldearkiv:1886-12-14 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1886-12-14 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 14.12.1886
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 14
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 14de desbr 1886

Min Ivar!

Huff! no er eg blå på hendom og nasetippen att; – men det er ikkje fyse å halda det varmt held. For det fyrste må me kjøpa brendfang av eigen pung, og for det andre, høyrer det med til helvitesstrafom å få eld i denna styggheiti. Ja når eg sit her og knuvlar og strævar med denne hosne myrtorvi – liksom gamal gampemøk – og råe, kalde, tunge steinkol, som eg lyt døype med lampoli, og eg so tenkjer på alle dei blåfuru og feitrøt som ligg rotnar kring Mæringsdalsvatnet, so . . . ja so fær eg nok hug til å spenna kolfatet, so det røss og gje’ den vesle, usle omnkulten ein lavask på planeten. Huff! Jaggu skjølv’ eg som eit lam! Nå! Her går eine dagen som den andre so fort, at eg fylgjer slet ikkje med. – Den eine som den andre, sa eg? – Nei pyt! so laug eg stygt. Nei me fær nokot nyt, gjilt kvar dag, og kvar kveld tykjer eg, det er gjort eit steg framover; men det er likavel ikkje slikt, ein kan skriva um det. Eg har no stolet meg tid til å lesa nokre av nybøkom våre, som er utkomne. Sne[1], Tre par[2], Rosmersholm[3], Dagligdags[4] og Mannfolk[5], og Komandørens døtre[6] skal eg au snart få. Eg har ikkje råd til å kjøpa deim, var det likt seg; men det heng soleids ihop, at Åsmundstad’n har vortet godvenner med eit par medlimer av eit lesarselskap, og so smøygjer dei i han desse bøkerne soleids i smugg, og me lyt so sitja uppe um notti og lesa.

Rosmersholm var lyftat høgst i vedret i avisom, såg eg, men eg likte no best “Sne” eg. Å biskade for ei gjente ho var den Gabriele. Har me havt mange slike, so er eg banga for, alle dei gamle rotne prestgardsstabur landet rundt vilde ramla ned avdi snjogen låg for tung uppå taket.

Eg vart so forelskat i gjenta, at eg rendte etter burtigjenom granskogen sidan Johannes Jürges laut venda att.

– Ja det er ikkje vant um bøk her, skal du vita. Skulen har ei samling på fleire tusen band, og tvert over gata er det ein stor bokhandel[7]; men der dustar det ikkje utan mynt, måta.

– Siste onsda’n gjorde me – Det norske selskap – lag på romet vårt. Det var fødselsdagen åt Bjørnson[8], ser du. Me kjøpte tvæ flaskor pons, sukkerkringlor i ein pose og så brasad me på; og Åsmundstad’n sette tollkniven sin attfor døri, so ingen [...] slapp inn. Det var riktigt koselegt utover kvelden for me var sløge, ser du, og tufsad ikkje burt tidi med turre, låke talor. Me drak ein slurk for Bjørnson og hans folk; det var det heile. Dei kom nok ihop å pruta um Ullmann og Brun på slutten, men då sat eg og log burtpå kista.

Laurdagskvelden skal det vera stor gymnastikfest her. Det er eit avslutningslag for skyttarformennom, som har voret her og lært gymnastik[9]; hellest skal nok me andre au syna fram, kva me duger til, ja dei 50 “damerne” våre skal au gjera kast. Til dess kjem Schrøder heim au; han skal tala um Goethe, og Jakob Knudsen skal lesa upp av gamle ven “Per Gynt”. Atpå altsaman blir det dans og leik. For å koma inn lyt ein nok betala ei heil krona. – Dei er morske til å finna på alt som løner seg her, ser du.

Ja dei er meir utum seg til å dyrkja kroppen au her. No har her voret 60 av sprækaste gutom frå landet rundt, som “sogni” har sendt ut med hjelp både til upphald og læra, for at dei so skal koma heim og læra upp ungdomen i gymnastik. Det er nokot det. – Å dyrande deg du, kor eg skal harpesere ungarne mine i svensk gymnastik. Dei skal bli ledmykne, tjukke, faste og sterke i krop og bein som gamle Asator. Jaggu skal dei so!

Når eg ikkje har vortet so fatik og rengd og blank som ei nyfiskat sild, når eg stryk frå her, har eg tenkt so småt på freistat fåt lært svensk gymnastik tilgangs, um eg kunde fåt bruk for det heime nokon gong; men dei norske høgskularne fær nok alder råd til å gjera nokon “støy oc opstandelse”[10] for gymnastiken attåt dei andre. – Men til skal det!

Men eg tør ikkje tenkja so langt, som til eg skal frå her, for då veit eg ikkje, kor eg skal setja kosen att. Eg går her som eit skjip på ville havet forutan kompas. Eg trur mest, eg blir dummar og dummar dess lenger det lid og dei gamle kjeringgrillorne tek so småt på å halda fjælster i meg: kvat skal det bli tilsist? kor skal du hen tilsist? – Eg gjorde vist galet, eg ikkje gjekk i kloster i Asker[11] likavel, eg; for det blir ikkje til annat held ei turr maskine, som skrik i gjengje kor som er. – Men det fær no baskast! –

– Jau, du kan hava hugnad av vyrket dit du, som har byrjat i sjølve heimafolket. Det kan nok råka til vera sæla å sitja ibland ein ungdom som vil lyda i sjølve heimbygdi. Eg vart so forlibt i den tankjen – held det arbeidet –, at eg skulde ynskt meg heime, skulde du fåt ein elev meir. Det var reint ein stordåd det du.

Og so til fristundsarbeid den boki di. Å eg ventar trut på ho, og det same segjer Åsmundstad’n. Eg er vis på, det blir ein vinter, du ikkje har havt maken åt, og fortel mig so ivår, um du ikkje ynskjer fleire av same slaget.

Du har ransaget skrifter[n]e uppi hjå os no. Å jau det finst myket rart endå når ein berre kan væra det upp. Og då har du voret hjå ’om Per Kleiven[12] au og fåt hol på han? Eg trudde hunden rugge meg, han var “fast uransagelig” den kulten, eg. Ja du fær uppi og njosna meir. Ho blir vel ikkje istand førr til vårs “Frå gamle dagar” då, sidan du fær meire nyt endå. Å nei namnet du! Det høvde snaut som fot i hose!

– I desse dagar er eg komen i funderingar over kor eg skal gjera av meg i joli. Eg er bodet åt Jens Bek, Mellerup, åt Thyge Hansen, Ferritslev og vår gamle Svane ved Horsens. Eg trur mest endskapen blir den, eg kjem ikkje ut av hytta i heile joli. Eg fekk brev frå Svane igår med bilet. Han er “befalings-elev” no, med knappar og band, snore[r] og duskar morskar held på “Gamelkeisaren[13], som fór heime i gamle dagar. Jau eg skulde nok havt hug til å gjestat han i joli.

Det rår for meg, eg hadde landsmenn[ene] mine stygt under pisken, sist eg skreiv. Å ja eg hadde trulegt voret sint, hæ hæ! Nei det går ret godt, men at eg kjem til å liva meg soleids inn i nokon som i Siljord det gjerer eg alder. Nokot varmt familjeliv med lærarom er no ikkje å venta med 200 skrottar, um dei vil alder so gjenne. – Ja blir eg roleg i joli, skal du sagte få ein gevaldig epistel att då.

Liv so vel Ivar og hels mor di og brørn dine. Skriv dugeleg lange brev og fortel, korleids det går med skulen.

Helsing frå Åsmundstad’n.

Din

Kristian.

Du kan vel stauka gjenom dette raglet au du som tyder skindbrev kor som er!

Fotnoter

  1. Roman (1886) av Alexander Kielland.
  2. Lystspel (1886) av Alexander Kielland.
  3. Skodespel (1886) av Henrik Ibsen.
  4. Forteljing (1886) av Kristian Gløersen.
  5. Roman (1886) av Arne Garborg.
  6. Roman (1886) av Jonas Lie.
  7. J. P. Jakobsens Boghandel, i åra 1885–89 driven av Erhard Garnæs.
  8. 8. desember.
  9. Ifølgje annonsar i Højskolebladet byrja kurset 7. november og varte til 19. desember. Festen var laurdag 18. desember.
  10. Uttrykk frå romanen Det flager i byen og på havnen (1884) av Bjørnstjerne Bjørnson. Uttrykket kjem att eit titals gonger i denne brevsamlinga.
  11. Asker seminar.
  12. Per Heidalskleiven.
  13. Omstreifaren Gunder Gundersen frå Solør, fødd i 1806 på Keiserud i Åsnes, død i 1871 på Hørte i Lier. Han kalla seg keisar Dal, gjekk i militærjakke fullhengd med medaljar og stjerner og anna glitter, og fortalde overalt han kom om den tragiske kyrkjebrannen i Grue i 1822, der fleire i hans næraste familie skulle ha mista livet. Tilnamnet (Dal etter mora) var så innarbeidd at kyrkjeboka for Lier berre kallar han "keiser Dahl, en omvankende sindssvag Mand" i dødsmeldinga.