Kjeldearkiv:1887-02-01 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-02-01 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1.2.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 19
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 1. 2. 87.[1]

Kjære Kristian!

No, så du er vorte låk i augom no; ja du har ikkje mæ deg meg te å “gesmøre” dei no, så har dæ gått gale og så har du slegje deg på filosofi, metafysik. Jau, dæ er rette gjæra, dæ – eg kjænner så væl te desse ballongferane over dei solljose vidder når vi sviv høgt uppe der i den reine, klåre, varme djupe blå kvelvingen og væra ligg freleg i solljos, “slik som ho skal vera” under oss. Ein har dæ så godt mæ ein fær så; kan ein få seg ei martyrkrone au attåt på ein eller annan måte, t. d. ljuge upp ei ulykkeleg kjærleheit som skuvar ein yttande ytst på gravbakken og så viare mæ mykje å mangeslags rare tverrbykks og krokar men som likevæl endar så inderleg godt og storsaligt – ja da er dæ godt å vera te, da løner dæ seg å ha fantasi. Og så forbanna stærk som ein bli baketter te å ta ihop ve væra, den verkelege væra, ein kjænner likesom kor armane kleia etter å få hogge i denna væra mæ sit daglegdagse kav og stræv, ho, som dæ grår på gjennom haustskodda der utta vindaugo. – Å fy, dit beist, der sit du og gjerer forkunmat av å slå kaldt vatten i bloe på ungdomen; eldhug for dæ fagre, dæ lyftande, dæ goe i live, dæ møte du mæ kald spott, høyrer eg du segjer. Nei dæ var no ikkje så meint held, men eg kom så snøgt inn på denna røa da du nemde dine vakne draumar; eg kjænne dei så væl og eg er svært rædd dei vorte. Um ånden såleis, i slike stunder berre, kan kjenne sit utspring, ja dæ lit eg ikkje alt så væl på, eg undras på um me ikkje i slike stunder ofte er noko “utilregnelige”. Gudsbilæte i os dæ kjænne vi og ser vi innpå kvar gong vort innaste “eg” slær ut, antel i tankje eller handling, overalt i vor livsfær. Dette, som teologarne kalla gudsbillæte, dæ er noko avgange frå jødernes mytologi som dei vist ofte lyt svelgje titt før dei sjølve kan få te å gå ne. Kva eg skal tru um dæ evige liv, dæ kan eg ikkje segja enno, eg står så uklår der. Live kjem meg for å bli så armt og tomt for oss um dæ skal vera slutt mæ desse få årom vi slit og træla her nere og dæ bli spørgsmål kva, som teslut skal halde moe te å leva uppe, um dæ meir og meir bli ålmenn tru, at dæ ikkje er eit evigt liv. Såleis som eg står idag, så kan eg ikkje mæ overtyding tru på eit evigt liv: eg står og bikka mestsom imillom dæ, som mit hjarta ynskjer og dæ som forstanden ser, og ikkje nokon av dei kan gjeva meg ei fast overtyding um denne tingen. Ser vi på “livet” umkring os antel dæ er hjå dyr eller vækster så er dæ ikkje noko som tyer på, at dæ er evigt i den meining, at dæ skal vara ve i eit anna skap, i eit anna vevære. Men på ein annan måte kan dæ likevæl segjas å vera evigt: nye runningar renn upp at på dei gamle røtom, erver forældre både i den eine og andre eigenskapen og held fram deres liv – akkurat som treet skjyt årsvokster for kvart år. “Individerne dør, men slægten lever” – tru er dæ på den måten live er evigt? og er dæ igjenom “vore born, vor umgang, vort arbei” vi skal leva evigt? Ja, dæ veit vi ikkje. Enno kjænner vitenskapen ingenting te livskrafta så at han kan påstå, at ho likesom toe – stoffe – er “uforgjengelig” – truleg han alder kan røkkje å grandske noko ut her heller. Alt er uklårt og dimt på desse grensom; men kva som skal bera menneskjelive uppe når evigheitstanken fell burt – ja dæ lyt vera dei særeigne menneskjelege vilkår, som den evige sjøl har gjeve for live: kjærleiken te live og trongen te lykke som er så stærke, at ikkje noko kan øye dei i eit helsugt menneskje. Dæ som skal halde os uppe dæ er dette “innaste” i oss og som særleg kristendomen er eit uttrykk for – den kristelege moral da –dette “eg” som du trur ikkje kan rotne i mold mæ kjøte og fleske! – Ah – ah – ah! Misser du teve alt no? Ja, men – jau bitterdø er dæ såleis umlag dei “gebærder” seg mæ kjæfta dei, som er filosofe lel, dæ kan du lite på. Og er du kjei vorte, så er dæ mykje di eigje skuld, for dæ var du som begjynda. Dæ er sandt, du gjorde dæ ikkje så turt, for du heldt deg meir i dei hugfyldte – stemningsrike – utkantom, eg gjekk meir midt inni sjølve hovudspørsmåla og der er al poesi burte. Og dermed så fær dæ so dragas, sa han Petter Dass.

Um plana di, eller planerne, tykte eg ikkje ille, du! For din eigjen del var ho akkurat som eg skulde ha lagt ho sjøl, eller som eg altid har tænkt meg te, at ho skulde vera. Gjev du berre fekk fri skule! dæ skal vera mit varmaste ynskje. Og så innerleg godt som du har av å arbeie att i somar – ja dæ er reint nøvenddugt, for du veks upp som ein tistel, gut, og mea ein veks så er ein så grueleg laus i fisken. Skulelive er ikkje sundt, forlite rørsle og forlite mat – dæ er så gruelegt snøgt å få ein lækk på bøygen.

Skule og literært arbei – ja dæ er dine meriter og tangenter, dæ Mons[2] – dæ er den hylla du ligg på, dæ har eg vitst heile tia og sagt dæ au; men eg har alder tykt dæ har vore værdt å preikt dæ inn i deg; eg har vore viss på, at dæ eingong har låta brjote ut av seg sjøl hjå deg så stærkt, at dæ ikkje nytta å famle længer.

I skuletanken din fær du tænkje lite småt på heimbygda – kven veit? dæ kunde snart vera rum for ein av dit “kaliber” betst dæ var; no for dæ fyrste ikkje, men tierne er inne på eit skifte. Held berre fast plana di – dæ kan treffe, at ho kjem te å skaffe deg meir enn ei tung stunn men eg er også sikker på, at ho vil skaffe deg glæe, glæe, som ein kan ha berre ve å stå på sit rette rom i live! Hald fast, gut! Men du lægg planer for meg au! Ja, du må ikkje tru, at eg smiler svivyrelegt åt henna for ho var så grei og så klok au, at ho ha ikkje gjort ein gamal sløg praktikus – som eg! – skam, og eg segjer deg beint fram hjarteleg takk for råerne! Eg skal freiste, um eg kan fylgja deim. Men nokon P. Sivle – nei gud bevare oss! – eg og han Per Sivle, dæ er Jørn hattemaker og kong Salomon og eg har ikkje eingong godt av å bli nemnt i fyrste setningen etter honom tesmeir. Imillom oss sagt, å ja, [...] millom fleir au: eg har altid havt den ulykka eller lykka, at folk har sett meg 35 steg høgre i stigen enn eg står, korleids dæ er veit eg ikkje, eg tykkjer ikkje dæ skal vera mi skuld held, eg veit meg no fri for, at eg alder ha vilja stokkje meg fram, klive upp for å vorte lagt mærkje te. Men eingong lyt folk bli var mit “sande ansigt” og da fær eg kanhende ta dei 35 steg i ein røyk så dæ knaka i siebeinom og jagu kanskje fær eg ta mæ tri fire steg længer ne enn eg skulde au! Eg tvilar for, at når denne stygge boka mi kjem, um ho elles kjem, så høgg dei i da, alle venerne og venners venner, høgg i så dæ knaka i binde. Men så lite etter lægg dei frå seg, hellar seg attende i stolen og gaper og stirer som um take skulde dotte ne: “nei! ikkje anna”! Ja kom alder mæ Per Sivle og “Vossastubbom” hans meir i den tankesamanknytinga, at eg skulde vera kar for å bjo noko slikt! Men som sagt: plana di skal eg freiste og på førehånd skal du ha takk for ho!

Dæ er, trollen raspe, ikkje godt å ha samvet held! Da eg mæ førre posten senda deg brev da ha eg verkeleg vondt samvit for di eg drygde forlængje mæ brev åt deg og da så siste breve dit kom, og du likesom slær lite på, at eg vart langdrug, vart dæ ikkje bere. Men enda var ikkje “bægeret tømt tilbunds”. Der kjem M. Knudsen mæ eit ypperlegt, langt brev, grueleg forvitnelegt um folkemøte på Vetlehamar – og han kjem mæ noko så forbanna leie minningor um at eg var skuldog brev frå september i haust. Ha han enda brukt kjeften den styggeryggen! men han tok dæ på ein annan måte, [...] som beit verre. No skriv eg dette lange utyskje, skrøpelegaste breve du enno har fått frå meg, mykje for å smørja samvite mit. Og du skulde enda fått meir hadde eg ikkje låta ut og elda tørstugo – eg har skrive i rasande hastværk og så fær du ikkje trega på, at dæ er vorte gjærmillom. Meir frå meg på nokre dagar.

Din

Ivar.

Pass augona dine!!! Gløym ikkje å bruke augvatne, du!

Fotnoter

  1. Klår handskrift, men datoen er feil. Brevet er svar på Prestgards brev frå 1. februar, og Prestgard svarar på dette 20. februar. Rett skrivetid må vera ca. 12.–15. februar, og derfor er brevet plassert her.
  2. Uttrykk frå Mons Østmoes sjølvpresentasjon i Fjeldeventyret.