Per Sivle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bauta over Per Sivle på Strømsgodset kirkegård.
Foto: Liv Bjørnhaug Johansen (2010).

Per Sivle (fødd 6. april 1857 i Flåm, død 6. september 1904 i Kristiania) var diktar. Han hadde ein sterk nasjonal orientering, og kampen for eit fritt Noreg er eit gjennomgangstema i dikta hans.

Slekt og familie

Han var son av hestehandlar og gardbrukar Eirik Hansson Sivle (1825–1898) og Susanna Andersdotter Ryum (1821–1859).

Den 1. august 1887 vart han gift i Laksevåg med Wenche von der Lippe Nilsen (1856–1932), som var dotter av seglmakar og skipsreiar Randolph Nilsen og Wenche Elisabeth Mowinckel. Dei fekk dottera Sussi Sivle (f. 1888).

Liv og virke

Han vart døypt i Flåm kyrkje den 24. mai 1857 – navneforma som står i kyrkjeboka er Peder – og står som fødd utanfor ekteskap.[1] Mora døydde i barselseng då han var to år gamal, og faren var ute og farta som hestehandlar. Per Sivle vaks derfor opp hos ulike skyldfolk, og flytta ofte mellom dei.

Han byrja tidleg å interessere seg for bøker, noko faren oppmuntra han til. Då han var femten reiste Per Sivle til Sogndal for å gå på Sogndal folkehøgskule. Han vart kjend med målmannen Henrik Krohn, og etter to år på skulen fortsatte han eit halvt år som elev hos han.

Han hadde planer om å verte prest, og i 1875 drog han til Christiania for å studere. Han vart sjuk, og lækjaren konstaterte at han hadde fått ein nervesjukdom. Han mente at det var all lesinga som var problemet, og Sivle braut av studiane. I staden satsa han på skrivinga. I 1872 hadde han fått sine fyrste dikt på prent i Vossingen, og seinare tok fleire aviser dei imot. Debutboka En digters drøm kom i 1878. Den vart utgjeven under pseudonymet Simon de Vita. Som tittelen syner var boka på dansk-norsk. Frå den neste boka nytta han landsmål, og det var språket han nytte mest i seinare tekstar.

I 1883–1884 var Sivle redaktør i Buskeruds Amtstidende. I 1885 reiste han så til Danmark for å gå på Askov Højskole. Han var eldre enn dei fleste elevane, og fungerte ofte som lærar for dei. Han vende fleire gonger seinare i livet attende til Askov for å finne ro til å skrive. Der møtte han òg Wenche von der Lippe Nilsen, som han gifta seg med. Dei var gift så lenge han levde, men budde for det meste frå kvarandra. Dottera Sussi var mest hos mora.

I 1887 vart han redaktør i Kristianiaposten, der han var til 1891. Avisa var eit organ for Venstre, og Sivle hadde vist ein dragning mot sosialismen. Då han skreiv leiarartiklar som støtta Johan Sverdrup fekk han kritikk frå fleire som meinte at han sveik ideala sine. Samstundes nytta han stadig høvet til å prente arbeidardikt i avisa. Han hadde òg sitt litterære gjennombrot i 1887 med Sogor, ei samling av fem forteljingar. Han sleit òg mykje med sjukdomen på denne tida. I eit brev til Iver Kleiven skreiv Kristian Prestgard den 10. januar 1887: «Men det er syrgjelegt med Sivle au stakkar. Han er nervøs, myrk og udygtug til å arbeida alt imillom.».[2]

Då han i 1891 søkte avskil frå Kristianiaposten var det for å kunne skrive. Den neste romanen var Streik, som er ein av dei fyrste arbeidarromanane i norsk litteratur. Han baserte boka på ein arbeidskonflikt i Drammen i 1881. Medan dikta hans har stor kunstnerisk verdi, var romanen meir eit politisk innlegg der ein får møte agitatoren Sivle meir enn diktaren. Det skal ikkje tolkast som at han ikkje var stridbar òg som diktar. Han har vorte kalla ein nasjonal kampdiktar, og han nytta ofte historiske personar som inspirasjon for samtidas menneske. I 1890-åra peikar diktinga klårt fram mot unionsoppløysinga i 1905. Ein finn òg meir personlege dikt, der han mellom anna tar opp kampen mot nervesjukdommen. Denne indre kampen i hans eige sinn kunne han òg knytte saman med kampen for sjølvstende.

I boka Vossa-Stubba kom ein lysare side ved Sivle fram. Inspirasjonen kom frå munnlege tradisjonar på Vossestrand, og stubbane er skrivne på dialekt med eit munnleg preg. Det kom seinar to bøker til med stubbar.

Eit høgdepunkt som nasjonal diktar kom med samlinga Noreg i 1894. Han skreiv same året kampdiktet «Vi vil os et land» på riksmål. Det skreiv han til ei kampanje Venstre hadde for ålmenn røysterett. Diktet vart tonesett av Christian Sinding i 1897, og vart ein viktig kampsang fram mot 1905. Eitt års tid budde han hos venen Anders HovdenLista, og han hadde mange vellukka foredrag rundt om i landet. Men han sleit òg med nervesjukdommen, og døyva kjenslene med alkohol.

Då faren døydde i 1898 som ein velståande mann arva Per Sivle ein gard utanfor Drammen. Han freista å leve som gardbrukar, men dette passa ikkje for han, og han selde garden etter nokre få år. Økonomisk hadde han det ikkje så greit, men reisestipend frå Stortinget fleire gonger i 1890-åra hjelpte ein del.

Etter århundreskiftet klarte han ikkje å skrive like godt som før. Den siste diktsamlinga, Olavs-Kvæde, vart ikkje godt motteke av kritikarane. Dei meinte at Sivle ikkje greidde å fornye seg. Det var ein debatt om han framleis skulle få stipend, og i 1904 ramla han ut av lista over diktarar som fekk støtte frå staten. Kritikerslakt og stipendnekt, saman med nerve- og alkoholproblem, førte til at han i septemner 1904 skaut seg på Kristiania Bad i Ringsgangen 3 i Pipervika.

Ettermæle

Sivlesteinen ved Stalheim turisthotell på toppen av Stalheimskleiva
Foto: Nasjonalbiblioteket (1960).

Strømsgodset kirkegård i Drammen står ein bauta over Per Sivle, med sitatet «Eg har ei visa eg, og det er Noreg».

På toppen av Stalheimskleiva ved Stalheim turisthotell står Sivlesteinen, reist 1909 med innskripsjonen «Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa».

Vi finn vegar oppkalla etter han fleire stader i landet:

Under andre verdskrigen vart ei strofe frå diktet «Tord Foleson» nytta på NS-bautaen på Stiklestad. Dette skjedde førti år etter at Sivle døydde, og altså heilt utan hans medverknad.

Referansar

Kjelder