Kjeldearkiv:1889-04-29 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-04-29 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 29.4.1889
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 57
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Siljord 29. april 89.

Kjære Ivar.

“So atter eg til låns eit år av livet fekk.”[1]

Det er fødelsesdagen min idag, ser du; men status tør eg ikkje ta upp iår, korkje åndeleg held materiel; eg gruva for deim båe tvo. Og dei har vist halde so umlag tritt sia siste milestolpe. Det einaste eg gjorde idag, då eg fekk møykt til bakbeine mine, so eg kunde koma upp, var å rekne skrukkane i skallen og leita etter gråe hårkveino uppmed øyrom. Men skjit! Ikveld skal vi ha os ein gla kveld med sylta myrbær og ribsvin for å feire den store dagen for 23 år sia – jøss 23 år sia! – Men det kalase’ skal no vera “lissom” en vittighed det, forstår du.

Igjår kom breve’ dit og fylgjesetel til skreppa, men ho sjav var ikkje med. Ho kjem da sagte imorgo. Det må vera ei rektig kongservastiv skreppe, for so gjere alle dei store: senda bo fyreåt, at no kjem dei. Hadde ho kome igjår, skulde hellest Hansen havt lånt ho åt Danmarks-reisa si, men no stryk han ikveld kl 10. Hansen vil no au tinge ei åt sjave seg, og kanskje han kjøpe eit par – til å selja med. Og so har han lova å lya etter i Skien, um dei har bruk for slikt, men so er det det ille, at han veit korkje korleis dei ser ut, held kva dei kosta. Du lyt sende prisliste med det fyrste. – Tor Vå skal au ha seg ei.

– Det glatt, det eg tymta um sist. Eg blir ikkje med ved målskulen i somar. For ei viku sia kom det brev frå ’om Lars Eskeland, og han ber so inderleg tunnt, at ein stein kunde ikkje segja nei. “Det er no vel visst, at eg vert med? Å jau eg trur då det. Eg hev liksom lovnad på plassen frå ifjor og, og eg trur, de skal ikkje trega på, eg vert med. Eg skal gjera det for radt inkjevetta, um det trengst. Eg hev alt byrjat arbeidt ut fyredrag um landsmålsdiktarar”.

Soleis ba han. Og da vilde det vera skam for meg, som ikkje kan gjera “fyredrag” um landsmålsdiktarar, å leggja meg atti vegen. Vi har held ikkje gjete den “fråga” sia.

Boki åt Barth “Præstelære og Kristendom”[2] fekk eg sendande påskedagen. Det er gut som les prestom tekste. Og so be han um, at vi lyt få lov å bruka den fornuft vårherre har gje’t os. – Hellest har eg lese berre ei sia her og der enda – Å det er glup kar, den Barthen. –

Eg ligg tantrast med ein skulmester her no um dagen – ein nyverka seminarist-jåle[3], som skulde vera ista’n for Sveinson, då han strauk på tinge’. Han såg trast, det laut ein reformasjon til i skulen åt Sv., og so tok han på med anstandsøvelser. Gutane skulde bukke og gjentene neigje. Men både bone åt Sv. sjøl og han Kjetil Grave strauk dagen etter frå skulen og leigde seg ein an’ lærar. På Utgare var han berre når det var leik, men han fann da, at vi var stygt uhøflege og so turre, at han “aldrig kunde få en samtale med nogen fra høiskolen om åndelige ting”. So vart han nok arg og skreiv so ein notis i Nordm. um skulen her, – og laug alt ihop. Botnen svara han nok i Fedrah., men eg tykte, det tok ikkje dask det, eg, og so smorde eg på i Varden eg, og klinte på rett tjukt, og no går eg ventar på ei salve i Nordm. att dagandes dag. – Han er på ein måte dygtig guten, men so stiv og dogmatisk som ’n Gl-Eirik.

– Med helbrigde går det smått. Påskenatti fekk eg eit bakslag, so eg veit ikkje, når eg slepp ut. Eksis blir det alder av i somar. Knapt nok um eg kan møte fram på J.mo dess held. Gjere eg ikkje det, so blir eg her hjå Hansen i heile mai – like til han kjem att. Kunde eg arbeie, var det enda på ein måte; men eg kan knapt nok lesa ei sie i ei bok til endes. Likso med skriving.

– Det vårast vonoms i vere no. Flatbygdi er berr – eit stykkje uppmed siom med; og vatne ligg idag og stire so blankt, at ingen kan drøyme um, at det for fire daga sia låg åltekt med is. – Ja det er på somar og sol eg venta, eg. So snart folk fløt åt sætrom, krek eg etter. Ullklæe og fjell-luft sa doktoren, og eg trur på han. Men mixtur og salve? Nei takk. – Skriv snart da og kom med det nye, du gat um sist. – Mange helsingo åt deg og alle på Kleiven.

Kristian

Fotnoter

  1. Frå årsdiktet "1868" av Aasmund O. Vinje, trykt i Dølen 3. januar 1869.
  2. Præstelærens Usandhed og den sande Kristendom. Et Modskrift mod DHrr. Professor theol. Fr. Petersen og Pastor J. C. Heuch (1889). Barth vender seg særleg mot skriftet Hvorledes bør Kirken møde Nutidens Vantro? (1880) av Petersen og boka Vantroens Væsen. Populære polemiske Foredrag (1883) av Heuch.
  3. Herbrand Bjerkeset frå Flesberg. Han hadde eksamen frå Asker seminar 1886. Notisen om høgskulen stod utan namn i Nordmanden onsdag 27. mars 1889. Svaret frå Botnen stod i Fedraheimen 13. april og vart trykt opp att i Nordmanden tysdag 30. april med eit tillegg frå bladstyret. Innlegget frå Prestgard stod i Varden laurdag 20. april med overskrifta "Hr. lærar Bjerkeset" og var underskrive med namn.