Kjeldearkiv:1891-09-28 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1891-09-28 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 28.9.1891
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 73
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslien 28/9. 91.

Hr. allehaande!

Jau eingong ser det ut til at du har faatt nok aa bestelle du, au, og det tykkjer eg sletikkje saa svært synn i deg for – det er fyrst naar det kniper det viser seg kva mannen duger til og naar du har gaatt igjenom alle trin i “fornedrelsesstanden” saa kjem du uppover steg for steg i “upphøielsesstanden” og endar som den høgt betrudde sekretær i redaksjonen for “Upplandska”[1]. Ja den “Upplandska” ho er ikkje aa blaase aat ho; det blir no ho, lel, tenkjer eg som mykje er aarsak i at valga i Hedemarken vart ein slik grepa seier for vinstre – hadde vi berre havt ei saa dugande avise i Gudbrandsdalen, saa skulde ikkje høgre herover sett rumpa saa høgt som dei no gjorde. Det var berre saavidt vi greidde oss ved vale, høgre raadde over 74 st. og vinstre over 89 – saa reint paa bikken var det. Men saa hadde dei au agitert, dei djevlarne! Sakførar Paal Olsen og Iver Sørum[2] reiste dagen førre valge som missjonærer og gjekk fraa hus til hus paa Sell hjaa alle veike sjæler og Aksel Thallaug tok uppi Hedalen – i Otdalen mønstra Storpaal ein bra troppstyrkje og nordi hugusokne arbeidde Linner alt dei lange skankarne hans traatta og væl saa det. Uppi Heiddalen var det avgjeve 6 vinstrestemmor og 15–16 høgre!! – Men let os gje politikken […], no er nok bikkja berga, korsomer.

Eg trudde saa sikkert du hadde kome nordi Bøneslia isomar saa eg kunde faatt sett deg væl inni alle dei store planer eg har lagt til eit “sanatorium” her – eg gjorde den fyrste freistnaen isomar veit du med 3 gjester. Og utfalle var ikkje verst: eg trur folk kjem til aa trivast her og difor har eg etla meg til aa setja istand nogre rum til tesomars saa eg kan ta imot mindst 7 stykkjer – eg vil ta det smaatt med stutte steg. Saa kunde det, um ikkje verda legg seg paatvert, det eg elles frygtar for –, snart flaske seg saaleis, at eg fekk liggje her baade vinter og somar, saa eg slapp denne fortrædelege fløttinga, som eg er saa imot. No berst det heim att um nogre dagar og berre eg tenkjer paa, at eg trast skal til aa setja laas for dør bli eg reint huglaus. – Det har vore gjerdlaust travelt isomar, eg har rekt att og fram heile tia – eindagen var eg burte heile 14 dagar som overtakstmann i 4 odelstakster paa Sell; trudde det skulde vorte idetmindste ein morosam dag paa den turen, for vi skulde uppaa Høvringen og sjaa paa ei sæter. Jau, det gjekk godt! Vorherre senda ein slik regndag med sur vinn og skodd attaat, at naar eg kjem ihug Høvringen sia er eg ferug til aa brote meg. Snaudt berre kjeidsamt og travelt i all somar. Saa ligg dette skulestyre og piner og plaagar meg i einingen, det er ikkje fred aa faa og ein veit seg ikkje urædd nogor tid. Alle mine “literære” dromer dei gaar i hundene og eg har lagt reint av aa tenkt paa, aa skrive det slag meir. Det var ein dag isomar eg tenkte paa aa bjo “Dagbladet” dei “avritsa” du veit eg har snulla um saa ofte; no har eg gjeve upp den tanken, for eg veit, at dei blir liggjande i Mortensens Kaos og bli attfunne der og, kanhende, sælt til pakkpapir ein vakker dag naar dei væl fær drepe meg med “tillids og hædershverv”. – Eg skulde skrive mykje lenger hadde eg havt tid, men eg staar paa veg aat bygden, skriv berre mea eg ventar paa ho mor skal faa maten reiug, for no lyt eg gjera kasso paa den osten eg har att – og saaledis faar du ikke tage til mistykke, som han Stor-Ola vilde ha uttrykt seg. Du lovar ut, at eg skal faa meir seinar og det sama gjer eg og saa fær vi lite paa det, baae tvo. Fra[a] Iver er det von til du fær ein sjølvstendug klask med det fyrste eg skulde no berre helse som snarast og seja han livde som vanlegt. Likesaa fraa Kari Stokstad, ho stryk med Heggenhaugen no mondag og skal tene hjaa honom paa Fron ivinter.

Og saa skulde eg helse fraa ’n mor.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Oplandenes Avis, som Arvesen gav ut. Prestgard kom til Sagatun hausten 1891 for å vera lærar, men fekk ansvaret for avisa og andre administrative gjeremål i staden. Sjå òg neste brev.
  2. Gardbrukar og tidlegare stortingsmann Iver O. Lunde. Han budde på Lunde. Det var broren Ole O. Lunde som budde på Sørum og var gardbrukar og stasjonshaldar der.