Kjeldearkiv:1891-11-07 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1891-11-07 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 7.11.1891
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 74
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

7/11. 91.

Kristian!

Har du faat hektografen din? Korleis gaar det med ’om? Eg laut sende han saa snøgt, at eg ingor tid fekk til aa gjera forsøk med ’om sjøl – kanhende det vart berre nogo skrapsaker. Skulde han slaa seg gale fær du skrive aat meg og fortelja kva som staar paa, skal eg sende deg alle gode raader eg veit. Sjøl har eg nyleg hjaa Didriksen og Moe i Kristiania kjøpt ein hektograf for 20 kr. – “Simpleks Duplikator” ei tysk uppfindels som var groveleg uppskrytt; no har eg brukt han til avtrykk av timetabeller, instrukser og slikt fraa skulestyret og har funne ut, at eg for 8 kronor skulde gjort meg ein fuldt saa god sjøl. – Nei det er nogo skjit med denne hektografgreia; det skulde vore gjildt aa havt ei innretning, som ein kunde tekje avtrykk med i 100 tal. Fraa Beyer fekk skulestyre ei bokhandlarmelling ihaust som er kopiert paa ein eigjen maate, truleg ved ein elektrisk pen, griffel, eller kva det er, som stikk gjennom orginalen saa blække slær gjenom paa kopien. Eg legg ved denne kopien, og saa kan du som bur i byen finne ut kva den amboa heiter, kostar o. m. sl.

Jau han kom paa tinget sjefen din[1] lel – og det har han fortent –, saa fær du fulla dei gode dagarne som du skrytte av her eindagen.

No fær du endeleg sjaa aat aa bli ein fæl avismann saa kanhende Upplandska bli blade vort heruppover dalen, særleg dersom ho kunde avsjaa rum til referater fraa herreds- og skulestyrom uppetter Gudbrandsdalen. For paa Vetlehamar ser det ikkje ut til, at nogor vinstreavise har raad med aa leva. I siste numre av “Framgang” fortel det, at det lyt leggje paa 1,50 paa aarsbetalinga um det skal leva, og legg ikkje han Torstein Lunde seg frami da, er det forbi, tenkjer eg. Gausdølane vil truleg ikkje tapa penger lenger og Filseth har truleg ikkje midler til aa leggje iveg paa eigjen hand. Men det er [...] saa argelegt, at vi heruppi skal nøast til aa halde nogo slikt fordømt kram som “Tilskueren” som [...] maatte gjera væl aa annamme.

Korleis likar du deg derute um dagarne?

Med meg er det som vanlegt – alt er svart og graatt paa let, surt og kaldtokka – eg gaar her saa lei meg sjøl og alting at eg er som eg skulde ha eti orm. Og ingenting fær eg gjort korkje med hendom eller hugude; etter planen skulde eg ha bunde fraa meg eit merralas med bøker – dei siste eg vil binde aat andre – til jul, sia skulde eg snikkre innreiing aat “sæterhotelle” mitt tilsomars. Men det ser likast ut til, at heile plana skal ruke i stykkje.

I siste herredsstyremøte vart eg attvald til jurymann og skulde det hende, at eg nogongong i dei komande 2 aar vart uttrekt og kom aat Gjøvik kunde vi fulla faa raad med aa treffast, for eg vil tru, at du bli Hamarenser i langsamleg tid. Um ein maanads tid skal det vera valg att paa formann i skulestyre og hjelp ikkje, at det er ei ubergeleg plaage for meg, som ikkje sit betre i det, vil eg ikkje beint fram seja hverve fraa meg hell, um dei vil velgja paa meg til formann. Som skulestyre no er ihopsett staar det ikkje likar til, enn at det ikkje har nogon annan heller, som skulen vilde vera betre tent med enn med meg – og det er sagt forutta all forfengjeleg sjøltillit.

Men det lid trast saa han Jehans Braanaa kjem og difor lyt eg gjera det kort. Iver helsar, han har vore paa fiskeri att nyleg og var burti etter fisken igjaar, du fær fulla med det fyrste høire korleis det flaska seg, vil eg tru.

Snjolaust og ganske mildt vær heruppe enda, men utylegt, som du veit, med svarte olderskogen og hele paa jordom. Friviljuge auksjoner hist og her – sume lyt gjera friviljug auksjon av tvang og sume vil aat Amerika til vaars.

Skriv jemnan, eg fær ikkje anna enn forretningsbrev fraa ei sjæl lenger.

Helsa fra[a] mor og Iver og

din

Ivar.

Fotnoter