Kjeldearkiv:1892-02-20 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1892-02-20 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 20.2.1892
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 79
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

20/2. 92.

Kjære Kristian!

Ja eg tvilte paa, at det ikkje enda væl, eg – og no veit eg ikkje korleis det kan vera med deg; men etterdi eg fekk sakerne eg skreiv um her eindagen har du fulla dengongen vore saa god, at du har vore ned i byen. Eg vil no vonast, at det gjekk over seg. Heruppe au grasserar “influensa” verre enn illt, halve bygda ligg laake; saavidt eg har høyrt har ingen rokje med i sjuka enno her i bygda. Paa Kleiven har vi vist havt farangen alle, men berre mor har havt ho strengt, ho har til idag legje eit par dagar.

Svinagtugt kaldt her no, 24º førre sol, – ja sola monar ikkje stort her enno, for ho har ikkje skjine her lenger enn sia den 15de, og da veit du det gje ’kje stort ly for ’n.

Den 17de hadde vi møte i skulestyre til avgjerd av ein heil haug med saker. I millom anna fleire brigde i “timefordelingstabellen”. Vi tok ikkje upp tegning og gymnastik for det fyrste, men saa kom kirkedep. isomar og fortalde, at dei 3 fag haandgjerning, tegning og gymnast. ikkje var valgfrie men “obligatoriske”. Paa det grundlage hadde eg arbeidt ut forslag til brigde i møte den 17 og den fekk eg vedtekje heilt ut paa ein time nær, som eg laut ta fra[a] geografi og leggje paa gramatik i den 3 delte skule. Eg var glad det gjekk saa, for no trur eg vi skal ha ei fuldkome brukbar skuleplan – tenkjer likevæl det skal syne etter den nye skuleordninga her um 4, 5 aar. Berre vi kunde faa læraranne ut paa eit kursus i naturkundsk. o. m. Eg vil skrive aat Blekastad med det fyrste og bea han leggje seg i sælen for aa faa eit kurs for heile lande i Xania til somars – desse utover bygderne du’r saa maateleg, mange av dei. Ja, du saag fulla “Dagbl. ha nogo um det eindagen.

I dette sidste skulestyremøte hadde vi 100 kr. aa kjøpe undervisningsmateriel for og her foreslog eg aa kjøpe 1 sæt anatomiske væggjetavlor aat kvar skule for aa faa lite gjerd paa sunnheitslæra – og saa innkjøp av 3 sæt fysikalske apparater for det, som vart tilovers; (kirkedep. skal ha gjort akkord med instrumentmaker Gjøsten um fysik. appar. aat folkesk. for ½ pris mot førr.) Men da skulde du høyrt presten! Han var saa forfærd dei anat. væggjetavlor, at han var ikkje ræddar fa’n i skulen – dei skulde aldrig væra i skulen – ein uppsprætta maga og beinrangel og slikt! det vilde avskrækkje og støyte born og gjera deres moralske kjennslor og skjønheitssands ein grundknekk – Vorherre hadde sjøl dækka over dette her – nei lat oss kjøpe vakre bilæte, sonekart og slikt nogo. Ja, eg sa da presten[1], at denne sjaamaaten hans stod han einsleg med mesta over all verda, at det ikkje fannst ein dygtug skulemann som heldt med ’an i desse og at det vilde bli sett paa som ei meiningsløyse, um Vaage skulestyre fylgde honom i desse. Freista aa gjera honom innlysande, at det, aa undervise i sunnheitsl. forutta anat. billæte var det sama som aa underv. i geogr. forutta kort – slo saa paa, at naar borna fekk sjaa den vise innretninga av kroppen sin og livsverksomheiterne vilde dei klaarast som det kunde gaa an nogon stad, faa sjaa Vorherres baade visdom og godheit. Da han høyrde, det ikkje gjekk aa faa umvenda korkje meg eller fleire, bad han um, aa faa saka utsett, saa medlemmerne kunde faa umtenkt seg. Nei, eg sette saka under avstemning og med 9 mot 4 (presten, I. Brækken, J. Flikke, J. Blessum) vart det avgjort aa kjøpe Eschners bilæte. Dei fysik. appar. gjekk forutta motlegg. – Tilhausta skal vi ha ein 2 maanas fortsættelsesskule – ein, som vi fløt millom sognom. Den har eg tru paa – utstyre han godt aa ta berre dei vigtugaste fag: norsk, reikning, historie, naturk. – saa skal vi kjøre fort paa 8 viker.

Men det lyt bli seinar ein gong eg rullar upp bilæte av skulen her i bygda under mine “auspecier” forr deg.

Med næste post stryk han “Storola” for aa bjo seg fram hjaa Litlerê – ! ei heil stor bok paa mindst 42 trykksior. Og saa underlegt gjekk det, at just med det sama det lakka med avritse – strauk han Ola sjøl ut av jammerdalen – han dø den 18de no. For eit fjortendaga sia senda eg bod aat honom um aa faa laant levnetslaupe hans som snarast – det fekk eg og nogre dagar baketter senda eg honom ei tobaklørgje, for eg fekk høyre, at han var huga paa ein røyk enno, naar dei baade karva i pipa og tenda paa aat honom – han var elles mesta blinn og sengjeliggjande no paa slutten. Igjaarkvell fekk eg døarordi hans. Saa kjem fulla eg til aa erve baade salmune og levnetslaupe hans – aa ja, det er no ingen nærar til det, hell.

Men det skulde vore snodigt, um eg kunde faatt avritse av honom ut dette aare!

Eg har lagt nogo stort arbeid paa han Ola og eg tykkjer sjøl, at det er det beste eg har gjort; leit, at eg ikkje skal ha ein kritiker her no – hadde du vore her no, saa hadde eg tekje avritse, sett meg til med ein lang tolkniv frammed deg og lese upp – jaggu skulde du faatt ut med di hjertens meining um kvar setning. Ja, du skal no snart faa høyre kva Monsguten sejer.

Skriv trast. Helsing!

Din

Ivar.

Rett ortografien sjøl!

Fotnoter