Kjeldearkiv:1892-05-28 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1892-05-28 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 28.5.1892
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 83
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

28/5. 92

Kjære Kristian!

Dennegongen fær eg nok lata til eit stor-ark, korsomer, enda Vorherre fær no veta, ner eg kan faa det fyllt, – eg er ræd for, at det kjem til aa gaa med smaae teigjer. For det var pokker sjøl kor forvitnelegt det var, det siste breve dit, du! Eg hadde elles venta dygtugt paa det, og, dei tri siste postdagarne – det er saa rart med Seljord likevæl, ein har mestsom saa god hug til aa høyre fraa der, særleg den som, lik meg, ikkje har havt aaføre til aa skvatta bak “kulisserne”. Alt du kan fortelja med der fraa er meg saaleis forkunmat og eg stundar alt paa næste breve for di skuld, at du lovar ut aa ofre bygdastelle eit kapitel næste gong. Og bylive – hybellive – og teatre og heile greia – ja det er saa ein gamal treturr heimføding kan rive av seg dei kveinor han har att: at ikkje ein kunde faa vera med! Ein vilde lære meire paa ein kveld enn alt ein i aarvis syg i seg av bøker og blad bak kakelomnen og i sorperoa der ein sit og gjerer seg skjeive og skakke meiningor og kjem lenger og lenger inn i bakevja. Du kunde no elles gjenne sagt meg di meining um hybellive og live millom desse “bondestudentar” og gjort lite betre greie for det inntryk du fekk av det. Men kanhende du har etla meg det til næste gong og i saa fall er det væl gjort av deg. – Stort lenger har eg ikkje raad med aa koma ikvell, for imorgon tidleg kl. 5 ½ skal eg over “Aasen” aat Nordsell og halde skuleksamen – aarsprøve, som det no heiter – hjaa Hans Nygaard. Eg og presten er av skulestyre valde til aa halde aarsprøverne og no har vi nagelfare skulerne paa Sellsværke, Øvre Hedalen, Skogbygda, Lalm og Otdalen og Breidebygda; um utfalle lenger fram. Ein eksamen til kvar vike, og saa skal eg no til aa sanke ihop gjeita eg har leigt, sende ein timbrar burti Bøneslia, ha snikker o. m. og um 14 dagar skal eg “lede styre og dirigere” eit møte av skulestyre og lærarpersonale som vi skal halde for aa velja lærebøker for skulom. Uff! det er saa illt aa vera Ivar Kleiven no i desse tidom, at det nyttar ikkje aa setja deg inni det eingong – det halve mase, eg har, vilde vera stor nok straf aat ein stor brotsmann.

18/6. Jagu er det den 18 juni idag! Sia eg skreiv fyrste kapitle har eg halde aarsprøve paa Sandnæs og i Sjaardalen og havt møte i skulestyre; – lyt fulla fortelja mit “inntryk” av aarsprøvom, maa’ta. Eg tok iveg med misstru aat fleire av lærarom vore og nektar ikkje for, at eg etla meg til aa la dei gaa gjennom eit naalauga, fleire av dei. Men antel eg no har tekje stygt imist eller den nye skulelova[1] har tvinga karane til aa arbeide av alle krefter – korsomer har aarsprøverne synt fram eit vakkert utfall jemnfare; skulmestrane har lote arbeidt alvorsleg for aa faa borni saa langt: i den 3 delte skule stod siste aarsklassa ikkje mykje langt bakfor amtsskuleelever! Og saa har dei ikkje havt lærebøker hell, enno; eg har faatt god tru um lærarpersonale vort, eg er sikker um, at det skal gaa an aa arbeide med deim – saanær som P. Loftsgaard, han er forliten paa alle kanter. “Paven” var ikkje verst heller, og underlegt nok, det er fleire ting som tyder paa, at han ber til aa interessere seg meire for skulen att – ho er ikkje grei denne nye lova – ho tvingar folk til aa arbeide og denne “aarsprøva” var kanhende ei ikkje saa reint burtkastande drivfjør. Du ser saaleis, at eg har faatt eit framifraa godt inntryk av lærarkreftom vore og eg tykjes vera viss paa, at til næste aar skal aarsprøverne syne fram eit utfall, som er enda meir gledelegt. For no paa møte den 10 vart det valt lærebøker i dei fleste fag: O. Jensen Norges og verdenshistorie, Reusch, geografi, Utne, sundhedslære, naturhistorie og naturlære,[2] Tollefsens kirkehist, Hareides og Ringdals skrivebøker, J. Vellesen sproklære og F. Beyers tegnebøger i 6 hefter. Med lærebøker i religion og reikning vart utsett til eit møte i august for at lærarne kan faa gjera seg kjende med ei ny forklaring etter Klavenæs og ei reiknebok etter Jensen som er i ventom. Eg tør seja, at eg har min del i valge av lærebøker, særleg Norgeshist. geogr. og naturkundskab – Utnes bøker er nogo reint framifraa, dei vil tilføre heim og skule saamykje god og gangleg kunnskap paa 1 aar som dei førr ikkje har faatt paa 10. Berre den sunnheitslæra! ja du lyt kjøpe bøkerne aat Utne. I religion tenkjer eg det er mest avgjort, at vi fær Klavenæs’s forklaring[3] og V. Paulsens bibelhistorie[4] – boka aat Klavenæs er svært grei og kort og har imange ting eit reint utruleg frit syn t.d. det 3 bud. Ho er paa ei gjerd eit utslag av det friare og “fornuftigare” livssyne, som teologane no held paa strævar seg upp til derved, at videnskapen dreg deim med seg som naar ein dreg katten over golve etter rumpa. Og Paulsens bibelhistorie ho er særleg eigna for born med det, ho er saa barnlegt fortalt. Jau du skal sjaa vi er ikkje fysne guter her paa Vaage heller! Men det skulestyremøte med lærarom det skulde du set enda snodigt! Da møte var slut um kvelden kom Elvesæter med forslag um, at skulestyre, lærarne og lærarinderne skulde halde kaffelag utover kvelden og det vart samrøystes vedtekje. Eine skulerumme nedunder stod tomt etter sløidskulen og der slog vi os til og bar til aa syngje for det fyrste – song einstemt og fleirstemt saa det lyftast i ein – vi hadde svære krefter, ser du: tri klukkare[5], Elvesæter, Enebo og m. m. fl. Da sangen hadde vara baade væl og lengje bar det til med “veiven”, “Paal sine hønor”, “det var en lørdags aften”, “den gang jeg drog avsted”, “kurven” og meir liknande saa dufta fauk! Og gamle menner og forgamle ungkarer dansa og gjorde hopp saa det var eit syn! – alle laut med – berre nogre som hadde skavank i sprettye fekk sitja i ro og sjaa paa. Ja det var eit huglegt møte – og eg tenkjer det gjorde godt og; det har vore ei uaand uppe millom lærarom dei siste 6–7 aar, ingor “samfundsaand” men ikkje saalite av sladder og ondskap. No kom den nye skulelova og set dei med eingong under “folkekontrol” og tvingar dei til aa arbeide av alle livsens krefter – og saa kjenner dei kor ille det er, at det ikkje er samhald og samdrette imillom deim. Og saa skal det kanhende ikkje meire til for aa jaga den sure eimen burt enn eit slikt kaffelag! Det skulde ikkje mykje til no, før det gjekk aa arbeide lærarne ihop att – dei hadde stor tru paa meg der og fleire av dei bad meg um, at eg vilde gjera væl ikkje aa seja fraa meg hverve som formann i skulestyre til næste valg, som eg no har etla meg til. Det skulde elles vore meg kjært aa arbeidt med skulen her i bygda, men det gaar likevæl ikkje an aa øyeleggje seg reint for interesserne sine, lel.

I Bøneslien held eg no paa og timbrar og snikrar, meste det gaar for aa koma istell til det lid uti juli um det skulde hende seg, eg fekk nogre somargjester. Eg har havt spurlag um pris o. m. fraa 4, 5 stkjr. men da eg enno ikkje har faatt att svar veit eg ingenting sikkert. Aa, det er [...] aa drive forretninger, naar ein vantar mynt! Det er mest eg riv av meg haare og fordømmer lagnaen naar eg gaar og ser paa, at eg berre med ein skarve 10-kroning her og ein 5-kroning der skulde faa det og det og det til aa bli baade vakkert, lugumt og “komfortabelt”!

Korleis [...] kan det ha seg, du, at Anna Næs saa avendeslut vil upp i Bøneslia aat meg? Bed gud fri og bevare meg fraa henna i denne somar, saa stor og tung som ho er og saa lite rum som eg fær! Men slepper ho ikkje hugen til aars, saa jaggu skal ho faa øve seg paa gjeit og byfolk, um eg heng ihop saalengje, da. Det med aa gjera kjerring av hennar, det kan no ha “sine betænkeligheder”, veit du; det er no fælt tunnt aa lite paa for meg det – du gjet no fulla ikkje nogo um korleis det staar til med skolten aat ein “vis” fyr i heimbygda? eller med den leie leten som er komen paa uppmed øyrom? Skulde vore moro, aa sett fjæse hennar no – i 85/86 hadde ho eit bleikt anlet med eit par augor, som eg tykte var dei vakraste eg saag i Seljord – men 71 kilo! neiggu maa du ikkje la deg elektrisere for mykje: ei slik stor vegt trøng grovt til livnæring, ikkje aa tala um produksjonsnæring – aarsaka, eg har eingong tekje privat undervisning i landbrukslære! Ja berre kom med ei skildring av Seljord og let meg faa sjaa heile “fisiolomie”[6] – det skulde vera moro! Hels alle paa Midbøen fraa meg, Margit maa vera ei staut jente no, tenkjer eg. Eg lyt vist sende ei heil mengde portræt isomar – kunde jaggu vera ein god spekendas og koma i krithuse hjaa uttabygdes jentor: falsk vare skal uttabygdes avhendas. Amen!

Kr. Knudsen er komen som snarast aat Myklebø – fekk eit blyantsbrev fraa Xania um at han var komen “i anledning konsulatsaken”; trudde han kom saa langt som aat Sikilsdalen og vilde gjenne ha treft deg og meg. K. liver enno i Fjelleventyre, ser du! Skriv!

Ivar.

Fotnoter

  1. ”Lov om Folkeskolen paa Landet” kom i 1889. Alle medlemmene av skulestyret kunne no veljast til formann (§ 47). Soknepresten var framleis medlem, men hadde mista den lovgjevne leiarrolla han hadde før. Den nye lova påla skulestyret å utarbeide skuleplanar med undervisningsplan og timefordelingstabell (§ 50). Faste tilsynsutval i kvar krins (§ 53) og krinsmøte med vid deltakarrett (§ 54) gav òg lokalsamfunnet større innverknad på skulestellet.
  2. Vort legeme og vor helbred, sundhedslærens grundtræk (1889), Naturhistorie for landsskolen med et kort uddrag af sundhedslæren (1892) og Naturlæren (1891).
  3. Forklaring over Luthers lille katekisme (1892, 72 sider).
  4. Bibelhistorie for folkeskolen (1890, autorisert utgåve 1892).
  5. Erik Trondsen Linner (Vågå), Jørgen Nilsen (Heidal) og Johan Knudsen Nygaard (Sel).
  6. Frå Mons Østmoes rapport i Fjeldeventyret; forvansking av fysiognomi 'utsjånad, ytre trekk'.