Kjeldearkiv:1893-06-14 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-06-14 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 14.6.1893
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 92
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

14/6. 1893.

Kjære Kristian!

Skulde eg no berre ikkje ha drygt saalengje med svar paa siste breve ditt, at du alt er reist fraa Seljord naar dette kjem fram! Eg fær no lite paa, at du held deg paa Bjørge saalengje som du har raad med det, lel, for etter som du skryter av den fagre naturen i Seljord maa det vera mon i kvar dag du kan faa njote den. Ja, det er greit, at det er framifraa sumarsleite, saa at ikkje Vaage paa nogon maate kan røkkje upp, men – det er no ’kje Vaage lel, ikkje eingong Otdalen! Slikt kallar fulla du Gudsbespottelse; du fær no hugse paa, at du har ein oskegris for deg som ikkje har vore saamykje ute, at han har havt aaføre til aa gjort ihoplikningor millom naturen i dei ymse landslag. Trongsynt bli ein slik eremit som eg i alle maater. Men fjelli i Telemarken – det er nogo forbanna skjit, nogo [...] runde, graae skolter som ikkje gjer det slag inntrykk – dei fær du gje tapt med! Berre utsyne fraa uppaa Skaarsbrekka over Blaahøi og Rundekjippe![1] – aldrig bjoande til aa likne dei ihop med Skorve og Lifjeld. – Det er fagert her og no, men det ser ut til, at det vil brenne av baade aaker og eng; det er steikjande øl til kvar dag og ikkje ein regndrope paa aldrig saa mange viker. Folk ber til aa reise aat sætrom og paa ei vikes tid lyt fulla eg og freiste kravle meg upp i Bøneslii. Fraa midten av Juli skal det bu 4 studenter fraa hovudstaden paa sætri, eg skal halde dei hus og seng, smør, mjølk og kaffefløyte ein maanad for 100 kronor –, matstelle skal dei sørgje for sjølve. Ved helgi var eg uppaa Melingen og bredde dugeleg baade Melingsbaaten og broki mi og tok kokfisk med oteren med sama. Aa kor fagert det var deruppe – “den Bøneslii, skal ’kje eg eingong bli buande der, saa” – ja ein lyt gjera som Fjørtoft med teologerne: slaa dei med deres eigje asens kjæveben[2], du skrytte saa erbarmeleg av den Skutevolden, du. – Nei, er alt Margit Midtbøen gift og med ein fraa Allmannkaasi, og, ja, dei har no ’kje folkegjerd paa gardnamnom sine heller, der i bygdom, maavita. Og alt det andre du fortel fraa Siljord – det var saa forvitnelegt alt, at eg las breve ditt 7 gongor i rad. Men saa er det ikkje forvitnelegt det eg skriv da, det er baade vist og sannt. Eg har altid ei nyheit aa fortelja, men ho er ikkje av det gode: Anne Stokkestad dø tor[s]dagskvelden den 8de etter ei vikes hard sjukdom. Ho fekk tannbetændels og den sjuka har ho havt 2 gonger førr, sliten og trøtt var ho etter vinteren og saa var det ingor raad aa berge ho. Anne saag saa inderleg utsliten ut i siste tidom; den lærarindestillingi er eit usunnt slit for maten, det og. For Anne var det no sama kjaake um somaren og burti Bessætri – slit og trøgel aare rundt berre for aa halde det flotande der heime saalengje som mogelegt. Ein kan seja at ho ofra live for forældri sine[3] og for deim var fulla dette eit gruelegt tungt slag. Sia ifjorhaust har ho halde syster si, ho Ragnhild paa lærarindeskulen hjaa Torp i Elverum, no bli fulla ho ferdig sist i Juli, og da vi har 2 ledige poster no her i bygdi er det von til, at ho fær ein av dei for aa begjynde sama fortærande slite som systeri som no fallt paa vigvollen. Uff, denne kampen for tilværelsen! Kor stygg den er ofte!

Bestyrarposten paa handelsforeininga i Heidalen er ledig og meinar du ikkje, eg har gaatt her i 3 viker aa grunda paa um eg skulde søkje. Ikkje for det at eg kunde ha nogor von, eg kunde likesaagodt søkje um aa bli amtmann i Finnmarken, men det mindste bein, ein ser eller høyrer gjete, lyt ein snuse paa.

Eg veit no elles ikkje kva det var alt eg etla meg til aa skrive um idag, men det bli ikkje stort av det, eg sit paa reide hand og skal ut aa levere driftfe og naar eg har von um aa faa sjaa ein glims av Bøneslii er det raadlaust aa samle tankarne. Difor lyt eg brjote tvert av med løvte um meir og betre naar eg kjem tilro uppi mit Paradis. Eg lit no paa, at du ikkje gløymer aa skikke meg nokre ord naar du kjem over aat Chikago, eg skal ’kje vera kravfull, for eg veit du fær fulle hend. Ja saa fær du lykke paa ferdi og gjera ei reise som kan bli til gagn, hugna og glede for heile live! Tusenfall lykke paa reisa!

Din

Ivar.

Fær du kje raad med aa skrive aat meg, saa send meg berre adressa di paa eit brevkort, saa kan eg faa raad med aa skrive til du fær rive av deg det verste. Det kjem til aa bli trøytsamt førr eg fær høyre fraa deg no!

“Samtiden” og “Naturen” skal eg greie med det allerfyrste.

Fotnoter

  1. Rondane med den majestetiske tinderekkja.
  2. Dom. 15,16. Samson skryter av at han har slege tusen mann med «et Asens Kjæveben». Olaus Fjørtoft skreiv fleire gonger om kyrkje- og religionsspørsmål og mot prestane, men særleg i artikkelen «Skule og kjirke» i bladet Fram i 1872.
  3. Gardfolka Knut og Mari Stokstad.