Kjeldearkiv:1893-09-24 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-09-24 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 24.9.1893
Stad: Chicago
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 100
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Chicago Sundag 24-9 [1893].

Kjære Ivar!

Eg sat her midt i værste Basken med eit Bryllupsbrev, da Breve dit kom i Dag. Og væl var det, for eg sat berre og beit i Penskafte og ha kjørt meg saa væl fast, at eg viste korkje ut held inn. Takk for Breve! Eg trudde mest, at Folk tok te segja upp Framg. uppover Dalen for Amerikabrevom mine si Skuld, men det ser da ikkje so ut. Ja, dei tek vist dei sidste Haarkveinun, eg atthar uppi Skolten desse Breva. Aa skriva eit særskilt norsk og eit dansk og eit svensk Brev kvar Viku, det er Uraad; Likso Uraad er det med eit Brev for Bønder og eit for Byfolk, eit for dei, som fyrst og framst vil ha mykje aa vita men bryr seg [...] um Stilen og eit for dei, som fyrst ser på Formi og dernæst paa Innhalde. Og saa er det ingen an Utveg held prøve aa megle det, so dei nokorlunde kan greie seg med ein og same Epistel alle ihop. Men alle disse Hensyn gjere, at det blir korkje Liv held Blod att i Brevom. Sume Tier, naar eg ha forsegla eit slikt eit, ha eg mest Hug til aa putte heile Skjiten i Omn. Men so er det det, at det kanskje blir ein Middag held tvo og faa for det og so fær det i Guds Namn gaa i den raue Kassa. – Nei bi no berre, til eg blir rik, da vil eg skrive berre for Dølom og skriva berre, naar eg har noko aa skriva um, og da skal Framg. faa heile Greia gratis; men da skal døkk faa Brev med Posten da! Dægeren tute. Aa jau det lakkar vonoms no.

I Førrvikun var eg lat. Men so ha eg tekje meg att denne Vika. Her har eg liggjande Vyrkje til tredje Brevet. Maandan la eg sidste Haand paa “Kommunikasjonsvæsenet”. Onsdag skreiv eg um Annie Besant og ei Anarkistjagt og for um moglegt aa pina lite meir ut av det, delte eg det i tvo og senda det til Verdens Gang istan for til Framg. Men da eg forlangte Betaling, so er det truleg, V. G. vil ikkje ha det, og so kjem det slet ikkje for Dagen i norske Blad. Danskarne tek det nok, naar dei har faat lemlæsta det, slik dei vil. For Danskarne er umoglege: Korkje ljose held myrke Makters Namn maa eg ta forfengjeleg; eg maa f. Eks. ikkje segja “Pokker i Vold” og enda mindre “Gud bevare meg.” Og so klemte eg altso paa i Gjaar med Bryllupsbreve – eit lite godt Emne, men sovidt eg skjøna blir det og berre Kulk.

For tri Viku sia senda eg eit Par Ord til V. G. Det var um Ullmann og Henry George; men eg ha ikkje set meir til det held.

Torsdag Kveld 27de[1]

Du ser, eg kjem ikkje langt for Dagen. Men Sundan var det no dette stakkars Bryllupsbreve som regjorde uppi Hausen min. Maandan kom det i Kassa, men det gjekk, som eg meinte: det vart klaar ideleg Skjit. Ei Lefse so groveleg, at eg laut dele ho i tvo. – No har dei endeleg bestemt aa stengja heile Butikken den sidste Oktober. Det er altso att ein Maana berre, og paa den Tid ser eg meg umkome for aa koma igjenom um berre det likaste av Utstillingi. Eg lyt no prøve aa glytte inn i Elektrisitets- og Maskinhallen og so “Kunsten”, men jaggu gruvar eg meg for det. For eg veit korkje, kor eg skal begynde held ende. Men det fær no baske, som det kan naturligvis. – Men dei vilde la heile Greia staa sligt det staar i tvo Aar, det skulde enda rekkja til eit Brev kvar evige Viku. Og so er det so mykje anna ein lyt vera frami. Soleis imorgo skal eg ut att på Jagt etter Anarkistom. Dei skal ha Kongressen sin Laurdan, men kor [...] dei held Hus da, det er ikkje so beinspelt aa finna ut. Men naar slike Karar som Krapotkin og Flammarion er med, so er det ikkje an Raad enn vera ute med Nasen sin held. Og den 9de Okt. er det Utstillingens “Chicagodag”. So fær eg den att. Dersom eg da ikkje gaar og vaasar med al denne Herlegheite til eg hamna paa Fattigkassa, førr eg veit Ore av.

– I Førrdags, da eg kom heim att fraa ei “Opdagelsesreise” ute i Byen, sat det ein lang, turr, mager Strangje burti ei Ro her og venta paa meg. Det var han Ola Stokkestad. Fagnafundr mikill! Vi har mangt aa prate um, kan du vita, laag vakne heile Natte. Og i Gjaar vanka vi rundt i Soria Moria mest til Midnat. Han vart mest handfallen han Ola au, da han kom dit. Eg dreiv mesta rundt med han paa Frigar for aa gjera han kjendt, men han saag seg mest uppraad for aa koma innadørs. Det er no i Kunsten han skal gaa eit 14 Dagars Ti da. Vi skal ha mykje Hugna ihop paa dei Dagarne. Og so lyt vi prøve aa faa til eit og anna Dølalag av og til: Ta med os ho Ingebj. Solberg ned aat’n Herborg. Eg vanka ofte i Huset hjaa n Herborg og Mann hennar. Eg veit ikkje, kor det er med Herborg eg. Ialfald er ho 8 Aar gamlar ho au no enn den Gongen i Siljord. Og 8 Aar kan setja Merkje i anna Folk tehelst Vestlendingar. Aarekol derimot, han er akkurat same Skrulten som da han baska som likast med Berre. Men det er vist mesta i Kjøte, han har det, han Arnfinn. Han Grip, Mann hennar Herb. veit [eg] ikkje, kva er for ein Fyr. Han er ikkje vakker, eg ha ikkje høyrt noko serlegt aandfuldt av han, men Herb. viste vel kva Kar’n dugde til. Han ser ut til aa vera ei ret og slet truverdug Kvardagsmeneskje. Ingebj. ha eg ikkje set sia sidst eg skreiv. Ho skal vilja reisa heim i Haust, ikkje til Siljord men til – Kjøpenhamn. – Nei no fell Dølemaale meg for tungt. Det endar vel med, at eg bokstaveleg blir maallaus, veit eg. Norsknorsk kan eg ikkje lenger, dansknorsk ha eg alder kunna, og so lyt det vel til aa gaa med Minor tilsidst – og so Strekjer og høge Utraapstegn.

– Um eit 14 Dagar kjem Ullmann att. Eg lyt sjaa til aa treffe han da, for det var knapt, eg snakka med han fyrste Venda, han var her. Det kom Kurre paa Traa’n med Ullm. og Maakestad fyrste Dagen dei var her, men det er ei Hikstori so floket, at ho lyt vera denne Gongen.

D[en] 15de Oktbr. Ja dette blir berre noko Fjask kor som er. Og no har han Ola hefta meg so reint burt. Men no er han reist. Vi ha mykje Moro ihop. Men det vart eit Sprang paa 14 Dagar i Framg.brevom mine for Umaken. No ha eg siti i tvo utlange Dagar med eit skarve Brev um den store “Chicagodagen” paa Utstillingi. Det kjem i Kassa saman med dette. – [...] ikkje aa ha Pengar, um det var aldri so lite. Eg har no Von um fri Jønnbanefragt kor eg vil i Amerika – i Egenskap af Bladmand, og heitaste Ynskje mit, kan du vita, var at reise ut i Vesten for aa ransage Farmarlivet, burt fra Millionbyen, Lorteholet, ut til Fjeld og Skog og den vilde Prærie. Da kunde eg kanskje faa Ro til eit skjikkelegt Brev ein Gang au. Den Turen vilde ikkje koste store Ting, men med den armodslege Betalingi eg fær for Brevi mine, er det vist Uraa likevæl. – Til V. G. skriv eg altso ikkje meir. Eg ha no set fyrste Brevet mit. D. v. s. dei tok ikkje Brevet men dei tok Innhaldet. Delte det i 4 med 4 Overskrifte og sumt heiter “efter et Privatbrev” og sumt “ifølge Chicagoblade”. Men det er ikkje mit Brev, og so slepp dei betale.

Ola Austrheim besøgte meg i Gjaar. – Meir sia.

Venl[eg] Helsing til alle paa Kleiven. Skriv straks.

Kristian

5 Viku i Dag sia eg byrja Breve, men i Dag skal det i Kassa au, kor [...] det snur. Med di sama puttar eg i Kassa 5 Meter med Vaas um “Midway Plaisance” til Framgang, og dei andre. Likso sendar eg deg eit No av “Modersmaalet” ikkje fordi det er noko ved det Amerikabrevet, men det kjem altso ikkje i Framg held andre norske Blad. Danskarne lyt ha dette i Byte med det turre “3dje Plads” brevet som eg sendte berre til Framgang. – No blir det Djæven til Staak og Slitan att ei Stund. Eg lyt gjera færugt “sidste Brevet” um Utstillingi saa fort eg fær Pennen til aa renna, og so maa eg ha ei Lekse um Harrisons Mord[2] i ein […] Fart. Dermed er det vist ogsaa “jamt slut”. Sia fær eg leggja meg ned aa suga paa Labben.

Igjaarkveld, da eg sat aaleina heime og baska som harast med Midway, kom ’n Hans Bror din og ’n Knut Stae. Og i Kveld skal eg ned aa treffe han Hans. Han blir her berre ein Dag held tvo.

– I Dag trefte eg likso Martha Myklebø og Anna Sjøvik – du hugsar fraa Jolelaget hjaa K. Knudsen paa Fyn ein Gong? Altso: Meir sia. Og so skriv du fort.

Den 30te Oktober

K.

Fotnoter

  1. 27. november 1893 var ein onsdag. Dagnamnet eller datoen er feil.
  2. Borgarmeister Carter Harrison sr. i Chicago vart drepen 28. oktober 1893, to dagar før verdsutstillinga stengde.