Kjeldearkiv:1894-08-19 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1894-08-19 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 19.8.1894
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 105
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslii 19 august 1894.

Kjære Kristian!

[...] til leven paa deg med det breve, eg var dum nok til aa skjote paa eg skulde sende deg somardagen! Men eg har no istaden senda deg eit fraa fyrstningen av juli og har du ikkje longe sia faatt det no, so ligg det sagte i god ro i Chicago. – Med førre posten fekk eg eit no. og eit par utklypp av “Norden”[1] fraa deg – jau, du er paa god veg komi, ser eg: naar ein berre kjem so langt at han bli havt tilgagns paa hønnom (der har vi […] gode slagord i Vaagemaale, du!) og so kan bite fraa seg tilgagns, so er det verste over i journalistlive. Dr. Doe – er det det norske Daa, det? – gjorde deg truleg ei langt større tenest i “Dagbl.” en um han hadde gjeve deg eit stort privat stipendium. Men den paaskrivti til “Norden” paa stykkje dit ho var fulla ægte amerikansk: – St. Paulskorrespondenten aat blade “kjender hvad han skriver om og begrunder sine paastande paa bekjendte fakta” – – og so er han enda verre i kjeften enn du! Det er fulla berre det um aa gjera, at du kunde ikkje grunde paa kjendt fakta, at nokon hadde selt si eigji mors sjæl [...] for 1000 daler. No, det greier seg fulla – klem berre paa! – “Illustr. Husbiblioth.” er eit gjildt skrivt og det var reint harmelegt at det skal stanse ei tid –; du gjer elles ei god gjerning med dei 7 no. du har sendt meg, for der har eg upplesningsemne for mange kvelder i ungdomslage, naar vi begjyndar møti att ihaust, og so kom eg meg lettvinnt til eit av hugustykkjom i literaturen: Per Gynt. Tusen tak skal du ha! – Men jaggu er det lite eg igrunnen høyrer fraa deg au for tidi, tykkjer eg! Nokre sinnte blyantrasp paa aviskanter med spørsmaal etter breve av somardagen, og di “respektive” adresse, det er hellerikkje aa bli feit av. Hellerikkje den upplysningi, at du er vorti til “noget” i eit par norsk-amerik. avisor, naar ikkje ein veit meir um kva dette “noget” gaar ut paa. Nei du fær nok gjera lite betre greie for dit liv og levnet du, og, skal eg tru, for um de “indre forholde”, sia du fløtte fraa Chicago ifjorhaust, er det fælande lite eg har høyrt.

– – Eg strævar og med aa bli “noget” i ei eller annor avise, men det bli fulla langt fraa “noget allerhelvedes noget”.[2] Igjaar senda eg eit lannbruksøkonomisk fjellbrev til Gudbrandsdølen um ver og vinn, fjellferder, slaatten og skurden, dølakonservatisme og nye tiltak i lannbruke for aa staa reide til aa møte fram med noko aa nytte bana til, naar ho um tvau aar kjem frøsande aat Sell[3]. Breve var enda stila so det skulde koma fleir, gud veit korleis eg skal koma utur det um “Dølen” tek det upp – det bli fulla paa sama gjerdi som med somardagsbreve mit. – I “Dølen” kan no nokon kvar bli til “noget”, men det er ein lei hake ved den tingen, antel du heiter Sigurd Ibsen eller slett og rett Ola Olson, so er det ikkje ein dansk kvit aa faa for det ein skriv – ikkje um du ha ein staaande kjellar der i “Dølen” aare rundt. Dei har monopol paa aa leva av almisse lokalbladi vore, maaveta, og enda er det fulla Smalhans oftast – ja “Dølen” greier seg sagte best som noko Vetlehamarblad enno har gjort. Det er altso ikkje raa aa bli til “noget” for betaling der, ikkje. So har eg tenkt paa “Verdens Gang”, men da eg ikkje er eller kan bli politiker maatte det helst bli eit slags nyheitsmakeri og reint gamle saker um so var. Her igjaarkvel stakk det meg so tverrt, at eg skulde skrive ein lang [...] avhandling um “sæterlivets – sæterbrugets – oprindelse og udvikling”! – ei lang “interessant” utgreiing um den fyrste uppryddjing av dei norske dale med innskotne merknaer um urskog og skoggrensor, vaarsætrer, heimsætrer, somarsætrer, upplysningor um sæterstugor fraa 1401 og um bruer over Russa, Veo o fl. langt [...] uppi den svarte middelalderen. So ei utsikt over utviklinge dei siste 150 aar, særleg ved sæterlive paa Vaage, den sermerkte vinterlego og endeleg ei haarfin gransking av korleis utviklinga heretterdags vil koma til aa gaa, naar nye sjaamaater og umstøor skapar seg av di dalen fær bane! Jau, “V. G.” maa sløngje i meg eit 40–50 kronor for den, og vil ikkje V.G. ha ’n, so tek “Folkebladet” ’n og vil ikkje det heller, so skriv eg den um paa døl og let “Dølen” leva høgt paa honom ei heil veke. – – –

Vi held paa og rustar os til valmannsvale; det er ikkje spørsmaal um utfalle her, men det er det argelege, at vi ikkje kunde drive fram 12 nye stemmerettuge til so vi kunde faatt 4 valmenn. Valmennerne sist, Blekastad, Raastad, Krohg bli vist attvalde – eg senda iminste eit solydande forslag til “Dølen” igjaar med ein “n” under. Paa Lom fær ein valmann til iaar og vale bli nok vinstre der og, enda dei har mange rare bikkemenner dernord og ein forunderleg personleg bygdapolitik; og slikt er det høgre fiskar i no. Fresk Hansen for dernord eindagen reint i stillemaater og heldt 3 foredrag; paa Vaage fann han nok stellingi so vonlaus, at han upplod ikkje sin munn. Ja, det var sannt, som medlem av ein overskattekommission fekk eg gjera ei Lomsferd eindagen radt nordi nørste enden paa Bøverdalen, over Leiraasen ned i Leirdalen og fekk helse paa Lomshorungen, Hestbræapiggen, Lofte og Galdhøi som ber kulten sjøl. Det er den einaste utferdi eg har gjort isomar – dei “erfaringer” eg gjorde paa ferdi vil du kanhende faa sjaa i “Dølen”.

Iaar fekk eg ingen somargjest paa sætri, vonleg for di skuld at eg ikkje averterte paa folkevis eller var nok um meg; eg var elles like nøgd, og, for no skal eg attistaden ha eit nytt koselegt rum med 2 sengjer aa bjo fram tilsomars – ialt rum til 8 stykkjer. Fiskerie bli det berre tuffs med med di eg ikkje har nokor hjelp – eg har no sleti kokfisk eit par gonger med oteren, det er alt. Vere har vori ruskot no i 14 dagar og det har vori stygt travalegt med høyturk paa sætrom – heimi bygdi held dei paa aa skjer aakren paa berre sprengen og gaar og ventar paa upphaldsver. Gjild avling av alle slag.

Hellerikkje dennegongen har eg noko nytt aa melle um, ikkje veit eg nokon kjennd som nyst er dau og ikkje nokon som vil gifte seg. Det einaste eg kjem paa er, at bakstrævarpresten vor paa Stade[4], som er eit herrens ljos i sprokvegen, klemmer iveg med ein 2 aarog middelskule fraa 1 septbr. og 14, 15 elevar. Jau det skal bli saftfull ungdom naar dei bli tekje ned att af hyllom i september 1896! Elles ser Vaage og Hedalen ut som førr – seige, surøygde og grinote med ender aa eit “solstreif” imillom.

Og so er du helsa so mykje fraa mor og meg!

Er du snar i vendingi kan eg faa høyre fraa deg mea eg ligg i Bøneslien.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Illustrert vekeblad utgjeve i Chicago 1874–97.
  2. Uttrykk frå forteljinga Fiskerjenten (1868) av Bjørnstjerne Bjørnson.
  3. Hamar-Sel-banen vart opna til Otta 29. oktober 1896.
  4. Torjus K. Staksnæs.