Kjeldearkiv:1898-01-03 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1898-01-03 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 3.1.1898
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 118
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 3 Januar 1898.

Kjære Kristian!

Godt og gledelegt nyaar! – og so vert det fulla ikkje onnor raad en tilpæls med eingong um ein skal tenkje seg til aa faa nokon samvitsfred paa det nye aaret.

Joli og joleturingi er godt og væl over att denne gongen, au, og idag byrja eg med havrelefsa og striskjurta, for eg hev stræva med aa kvitta gamal brevskuld i heile dag. Ola Austrem hev ikkje faat brev fraa meg paa 2 aar hjelp ikkje han paa den tidi hev skrive 3 brev aat meg – jau idag fullførde eg eit brev aat honom som eg halvskreiv den 3die Mai isomar var!

No skal trast ikkje du ha noko aa krevja heller lenger og da skal det ein gong letna lite for meg au.

Eg tala um joleturing og den hev da gaat for seg i sorperoi her paa Kleiven “for min angaaende del”, som smeden uppi Hovda sa – legje heime heile helgi, lese joleliteratur og fare emna paa ei brevsending fraa Vaagaa aat “Den 17de Mai” – skulde mestsom vera ei vælkomsthelsing aat “Den syttande” medsama han kjem som dagblad. Ja er det ikkje storvegjes kor det gaar framtil med maalsaki her heime no, du; kven kunde drøymt um, at 5te aargangen av “Den 17de Mai” skulde koma som dagblad! Eg gjorde det ikkje og so var det vist med fleire. Ungdomen held paa samlar seg kring maalsaki landet rundt sonær som Gudbrandsdølerne, dei eig korkje forfattarar eller sans for norsk maal – me vert nett liggjande bakfor fordi me er so “tungrumpede” som Bjørnson so raakande sa um oss ein gong.[1]

Det er elles merkjelegt, at maalsaki kan gaa fram so munalegt no midt under denne ugreia med svensken – ja so underlegt er det altid ikkje heller, me hev no fulla ingor sak som meir er ei livssak for vort sjølstende en maalsaki og det er det sagte ungdomen no held paa aa faa ei levande kjensla av. Det ber til aa kjennast naudtrengjande aa samle seg um alt, som høyrer oss til, “selvstændighedens æresfølelse” held paa aa vakna.

Jau valgi greidde me ypperlegt, ikkje eingong dei godtrugnaste av vinstre hadde venta seg eit slikt gjildt utfall; me vert no kvitt baade flaggsaki og “stemmeretten” av valprogramme til næste val og det letnar ikkje so lite med di. Korleis røysteretten vert skipa, um han vert aalmenn eller etter “det Daa-Sørensenske”[2], det tør ikkje eg ha nokor meining um. Det skulde sjølsagt vera grei skuring naar tingfleirtale er valt paa aalmenn røysterett, men eg kjenner meg ikkje heilt trygg. Du undrast paa dølerne, kva dei likar seg – aa, innast inne so trur eg nok dei kjende seg glade den dagen tinge kom berre med ein “sterk udvidelse” og med den voni i bakhand trur eg det er, at dei so viljuge hev vore med aa valt paa vinstres valprogram ved baae dei siste vali.

Som du truleg saag var eg valmann ihaust, ikkje fordi eg er “populær”, men fordi det støytte fleire tilhøve ihop som gjorde det lettar aa samle seg um meg en um Ola Blessom. Du saag fulla, at eg var nemnt som tingmannsemne au; det var no elles berre vaas, for ikkje hev eg vore lagd for det arbeide førr og no langt mindre da eg meir og meir misser hugen til allt, som hev med politikk aa gjera. So eg vilde kome til aa kjennt meg svært ulykkeleg hadde det hendt, at dei hadde sett meg paa tingbenken. Paa den handi er eg glad av, at vale vart slikt, som det vart; ein annan ting er det, at E. Landheim aldrig etter mi meining vert noko til kar, tyngdi i “repræsentasjonen” fraa Kristians amt no ligg i Erik Enge, derum er det ingen tvil, han trur eg er ein gjild kar, som lite um senn vil faa eit ord aa seja derinne. Ein stø, grei og endefram bonde. Nei eg lengtar berre etter aa kunna verta skild med alle bygdaombud og istaden faa sopas skik paa utkoma, at eg kunde faa leggja meg for alvor i selen med desse vetle boklege arbeid eg hev fare aa emna paa no ein halv mannsalder snart. Men som det hev vore til no og enno er, kjem eg ingen veg – skissor og skildringor ligg i Mortensons kaos, paabyrja, halvferdige og mest ferdige um ein annan. Ifjor kom Hansliguten i “Syn og Segn” og so vidt eg hev høyrt vart han væl fagna – han greidde seg no ved aa gaa gjenom “censuren” hjaa honom Arne Kolbotten sjøl, ser du. No dette aaret skal eg til aa skrive “drag av skulesoga fraa Gudbrandsdalen” –: eit historiskt oversjaa over utviklingi av folkeskulen fraa reformasjonen, so nedskriv um fleire gamle skulmestare og skulen deres. Herunder kjem ei lang skildring av Hans Pillarviken og prost Krag. Aat desse siste hev eg mykje gjildt vyrkje som eg hev faatt hjaa Paal Haugen mesta etter honom sjøl, men mangt etter brørom hans Imbert og Frik Hougen. For di historiske hev eg gjort noko “kildestudier” og laant ut visitasbøker o. m. sl. fraa universitetsboksamlingi. Eg hev lagt mykje arbeid paa desse “dragi” og er eg mann for aa setja det heile godt i stil, skal det verta bra saker um eg sjøl skulde vaage aa seja det. Eg skal elles ha bra betaling au for det; “Syn og segn” skal gje 2 kronor sida og “Gudbrandsdølen” som skal ha det etter S. og S. skal gje kr. 1,50, altso etter 54 kr. arket. Vonleg vil stykkje koma paa millom 5 og 6 ark i alt; eg skal just no i desse dagom skrive ferdig fyrste bolken so han kan koma i fyrste numre paa dette aare av S. o. S. Av andre ting eg hev under arbeid kan eg nemna “Umkring aaren”[3], fortelljingor etter honom far fraa fjell og fyru um skytteri og fehandlarliv fortalde i kveldstundom heime mea eg var smaagut og i den tidi det var ferdmannskvile heime, førr altso, førr den nye vegen vart bygd uppigjenom Ottdalen i 1862 – eg fær med det sama høve til aa maala fleire drag av ferdmannslivet og skildra Lystringar, saukjøparar, sildhandlarar, kramkarar, skeibindarsvenskar og positivspilarar. Nokk vyrkje, ser du, og ikkje so verst vyrkje heller, kan eg berre ein gong verta ferdig med det.

Men istadenfor aa arbeide paa dette, som eg hev beste hugen til lyt eg attaat alle dei “hverv” og ombud eg er velsigna med likesom freiste aa halde ein leveveg au, ser du. No hev eg freista noko av kvart til eg endeleg hev stadna med di, at eg vil vera hotelvert! Burti Bøneslii, da skjønar du, for somargjester i turisttidi. Du veit fulla at eg førr hev gjort nokre smaae forsøk med desse, men no isomar, fyrste somaren bana gjekk aat Sell, var det slikt spurlag etter husrom, at eg kunde ikkje ta imot det halve. Eg hadde 7 faste gjester i 5–6 viker og nokre til for kortare tid; Bøneslii likte dei svært godt og raadde meg til aa byggje – allt no i helgi fekk eg forlydning fraa ein Kristianiahuslyd paa 5 menneskjor[4] um rom paa sætri til somaren – den eine av deim var hjaa meg i 94.[5]

Jau, so skal eg til aa utvida “forretningen” til somars, byggje um att eine stugo so eg kan ta imot 25 gjester –, isomar var innreidde eg “peisestue” til daglegrom, gjorde um att den gamle skorsteinurdi til ein av dei vakraste skorsteiner eg hev sett. Eg skal ha uppkjørt ei mengd med vyrkje paa vinterføret, skal byrje med timbringi uti Marts maanad og sjøl skal eg snikra sengjer, glas og dører o. m. Soleis kjem eg til aa faa eit grøtelegt stræv framover heile tide og eg gruvar for, at det vert eit slit som kjem til aa ta paa – eg fær vist vera budd paa skjøyta natti med no framover lite um senn. Verst er det aa faa tilvegjes den drivtskapitalen som skal til, vyrkje er dyrt aa faa dit upp, arbeidshjelpi er vorte dyr og alt kan eg sjølsagt ikkje vinnast over med eigi hjelp.

Ja naar det skal verta hotel i Bøneslien so vert det ingen hugna aa koma der meir, høyrer eg du sejer. Vent lite, det høyrer med millom mine “idealer” aa halde det heile i sæterstil baade bygnaen, innreidingi og heile drivti, baade av den grund at eg, som du førr veit, er so “nasjonal” og fordi byfolke au tykjer best um det soleis. So eg trur nok du ikkje skal sakne gamaldags sæterhugna um du eingong kjem sløngjande uppi Bøneslidi att, gaar det som eg meinar, da.

Nei denne utretningi eg tok paa meg med aa reisa ein bauta paa gravi hans Ola Stokstad var ikkje so endefram som eg trudde, for det syner seg at det er styggande vandskelegt aa finne ein naturstein paa det skape, at han vil ta seg høveleg ut. Einaste staden eg veit er no[r]paa Bjørgi nora Holun Holungsøiane, der hev det vore brote 8, 9 alner lange, fine blokkjer av noko hard, grønagtig stein og der fekk eg ein mann til aa gaa leita etter ein bauta isomar, men han fannst ikkje, det lyt minerast ut ein. Paa den maaten fekk eg ingor skapte raad med aa faa reist ein bauta paa gravi hans Ola isomar. No lyt eg greie det til vaars; folke hans Ola er nøgde med, at det vert reist ein høg, pen kleberbauta og den er grei aa skaffe tilvegjes, for me har ein glup gravsteinhoggar paa Sell, Jakob Olstad. Og du fær seja fraa um du trur den vil gjera det – ein 4, 5 alen obelisk t. d. paa fotstykkje. Skal det minerast ut ein naturstein paa Bjørgi er eg rædd, at arbeide, kjøring og avpussing vil koma innpaa ein kr. 80 minst. Dette fær du gje meg svar paa, for eg vil ikkje tinge ein klebberstein førr eg fær ditt samtykkje til det. Pengarne kom gjenom poststyre i rett tid. Kva trur du, um ein klebberbauta so umlag paa denne gjerdi? [ei skisse her] og med den innskrivti du førr hev senda? Eg trur den vilde ta seg godt og høvelegt ut. Fær eg ikkje svar fraa deg inna sluten av februar tingar eg ein stein hjaa Jakob Olstad forutta vidare.

So, du etla deg til aa strjoke aat Allaska du, au; bror min, han Hans og 3 andre reiste dit ivaar var og sia hev me ikkje høyrt noko fraa honom. Gjenom Ola Austrem hev eg faat tiend um, at dei midtsomars skulde arbeide for dagpengar etter 15 dollar dagen; sovidt eg veit hadde dei rusta seg for minst eit halvt aar og solengje utrustningi deres varar er det fulla gjildt. Men gaar ho med og dei skal til aa betale 50 dollar for 12 kg. mjøl, so veit eg ikkje um det lenger. Eg saag gjenne Hans var heilskinna fraa denna herlegdomen att, eg.

Eg hev ikkje faatt spurlag av nokon som skal aat Amerika tilvaars og som skal paa den leidi som du bur, men eg skal no ha forlyding etter di framover; det er so reint stilt med Amerikareisande vorte her no i siste tidom. Hev du ikkje fenge spurlag paa nokre Vaageværer i nærhandom av La Crosse? det skal no finnast nokre Ottdøler og Lalminger der, imillom andre ein systkynbane mitt Paal K. Haugen og som ikkje hev skrive heim paa 10 aar.

Langskjeggen bur framleides i Grue, Solør, Navnaa st; isomar var han mesta ei veke uppaa sætri hjaa meg og dreiv som upplesar av Vinje aat bygjestom. Huglegt samvær veit du, Ola er den sama gode, vælysta dølaosten som det stinkar eine og fjellnæver av like friskt av kvar han ferdast – han dansar springleik au enno, det saag eg med eigne augo ei natt me hadde gjeburtslag aat ein kjøpmann fraa hovudstaden. Missminnest eg ikkje reint fekk han adressa di hjaa meg og han bar seg for brevskuld, men du fær sende honom ei venleg paaminning (!) likavæl..

Eg kan gjenne gje meg naar det er, for eg kjenner paa meg, at du gje meg ikkje etter skuldi um eg klorar upp ark etter ark baade idag og imorgo. Difor skal eg slutte her, ikkje eingong gje deg ein “revselse” fordi du skriv dansk aat meg, ikkje held “Syn og segn” – kanhende ikkje “Den 17de” heller! Med helsing fraa Iver, Paal Nygaard, gamle mor og meg!

Din

Ivar Kleiven

Det gjeld aa naa posten, so eg hev ikkje tid til aa rette det eg hev synda “udi urtegrafien”.

Ola Kringum hev vist gjete paa, at du var paa giftarveg, det nemnde eg aat deg sist eg hadde pennen myljo fingro, men du held tett som han Sjugur i Mo da han var paa brennvins-forhøyr; vil du til-pæls næste gong du skriv? Kva […] skal det nytte, aa vera innholen mot meg?

Fotnoter

  1. Under valkampen før stortingsvalet i Kristians Amt (Oppland) i 1891 vart Bjørnson så sint på bøndene at han skreiv dette verset: «Tungrompa døl, vil bare sig sjøl, nu som før! Ender i skyld, slagsmål og fyll!» Verset kom straks i ei avis på Lillehammer. Seinare er det opptrykt fleire gonger i Bjørnson-litteraturen.
  2. Ludvig Daae og Aimar Sørenssen foreslo at alle som betalte skatt, skulle få stemmerett. Framlegget vart reist første gongen i 1869.
  3. Førebels tittel på stoffet som i bokform vart heitande I Heimegrendi. Minne fraa Seksti-Aarom (1908). Andre mellombels titlar var I Kveldsetun og Umkring Skorstein (el. Aaren).
  4. Truleg Hans Dedekam med foreldre og sysken.
  5. Feil for 1893. Kleiven hadde ingen sommargjester i 1894.