Kjeldearkiv:1905-09-09 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1905-09-09 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 9.9.1905
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 128
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsæter 9/9. 1905

Kjære Kristian!

Takk for Breve!

Ja, du kan tru det er rart i Norig no um Dagane! Me gaar alle og gleder oss yver at me endeleg ein Gong skal faa setja Fot under eigi Bord og um det skal koma til aa koste os baade Tid og Arbeid og Blod, so vil me no ikkje gjeva oss. For no har me daa tilgagns faat sêt kva Svenskarne meinar med Unionen.

Ogso her i Vaagaa var alle jamnfari med aa sa Ja den 13 Aug: – berre eit Nei – og ved Kyrkja var det stor Høgtid; Vaagaaverane er rolege som altid og tek det tøygt og lognt, men nokor “Firing” skal du ikkje høyre Von til. – Ja denne “Revolusjonen” har gaat stilt forr seg men difor treng Ingen aa tvile paa Alvore og Tyngdi i Folkehugen, dei vil halde ut i Ytta, det er eg stø um. – I desse Dagom gaar me aa undrast kordan dei greier det i Karlstad og lengtar etter Tidender og Mellingor der fraa; men me fær sjølsagt ikkje høyre noko visst, berre lause Rygter som lite er sætande. Kan dei berre semjast um ein Utveg med Grensefestningom, beinka vist det andre seg av seg sjøl. – Her uppi Dalen vilde nok dei Fleste tykkja best um, at Norig vart Fristat, men dei tek nok ogso imot eit Kongedøme forutta serleg Uvilje. Folk ser paa Kostnaden med Kongedømet og allt den Ufysegskapen som alltid følgjer med eit Kongehof. Elles tek me Døler ogso desse Spørsmaali rolegt.

Jau “Idéen” din med eit slik stutt Rit fraa Gudbrandsdalen gaar eg med paa og skal koma med ein 10–12 Sider med Bilæte attaat, dersom det ikkje er før til næste Haust. Er det Præmiboki for denne Hausten vil eg ikkje kunna greie det, daa Tide vert forr stutt serleg til aa faa teki Bilæti. Um det vert noko av trur eg helst eg tek Vaagaa som Grunntype og elles nordre Gudbrandsdalen. Og daa vilde eg gje ei liti stutt Utgreiding um dei gamle Huguslekterne her uppi Dalen og um Skyttarlive, Fjell-live og Sæterlive fraa gamal Tid. Det er just noko, eg skulde ha Hug til aa skrive um naar berre “Aandi” kunde koma; elles so vert det berre eit stivt, Forretningsmaal eg fær til naar eg skal rikse, og naar du kallar Stykke um Bjørnstad i “Aftp.” “ypperligt”, so kan det ikkje vera Stilen du tenkjer paa. Men naar Folk kan faa han i seg, so kvittar det meg og er det altso “Folkelæsning” for 1906 det er meint, so skal eg gjera mit Beste, det fær du daa gje meg nokre Ord um.

Betalingi for Norddølsbrevi har eg faat Tilvising paa og segjer eg Takk for! Ein kan ikkje klaga paa Betalingi, me er ikkje so gjildt vande her, veit du; eg skal um ein Maanads Tid, kanhende helst førr, sende “Dek.P.” eit Haustbrev fraa Fjell og Dal og kanhende nokre smaae Nyhende medsame. Dei var fulla i lengste Lage dei 2 førre?

Her paa Kleivsætri er no “Sæsonen” sovidt slutt; me Sæterverter, Hotelverter o. s. v. har havt ein klein Somar – Byfolke kom seint og reiste tidleg enda me har havt ein god Somar med lugumt Ver. Men det var væl denne Ugreia med Svenskom som mykje var Skuld i, at mange heldt seg i Byen. Og so kan det godt vera, at Valders kjem til aa taka mykje Byfolk fraa Gudbrdsdln.[1] serleg dei fyrste Aari. Eg hadde elles fullt Hus den Tidi det stod paa, men det var, som eg sa stuttvarugt. – Steinar Schjøtt laag uppe her med Ordboki fraa 15/6–24/8; no kjem han att imorgon og vert minst denne Maanaden ut og daa er det 3 Timar med Ordboksarbeid kvar evige Dag. Etter Midten av Oktbr. er det Meiningi eg skal inn til Byen att ei Beite til Jul og seinar ei til fraa umkr. 1ste Febr. til Midten av April eller so. Ordboki ber vel til aa koma i heftevis etter Nyttaar.

Me liver med Helsa alle og ho Mor, som den 1ste d. M. var 81 Aar, er enno rask og røkjin. Paal driv og tek Fisken paa Flatningen og eg fær og snikrar og maalar um Dagane. Fjelle ber til aa faa Haustleten sin og um nokre Dagar kjem vel “Indianersomaren”, vakraste Tidi me har i Aare – ja du hugsar nok kordan ho er. Med hjarteleg Helsing aat deg og dine fraa os alle!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Valdresbanen var ferdig til Tonsåsen i oktober 1903 og vart offisielt opna til Fagernes 29. september 1906.