Kjeldearkiv:Syklet til Oslo for å gå på vevkurs i 1936

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Syklet til Oslo for å gå på vevkurs
Attest Tora Quillers vevskole.png
Rutt Barkhalds attest fra Tora Qvillers vevskole.
Kildeinformasjon
Sted: Strekninga Sparbu - Oslo
Tidsrom: 1936
Nedtegnet av: Magnhild Tallerås
Beskrivelse: Notatbok etter Rutt Barkhald, gift Tallerås. Kommentert av Magnhild Tallerås.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

I august i 1936 starta ei ung jente fra Sparbu på en krevende og spennende sykkeltur. Hun ville til hovedstaden for å lære seg mer om veving må vite! Sammen med ei venninne hadde hun fått plass på Tora Qvillers Vevskole. Jenta het Rutt Barkhall, var fra Holtan i Sparbu og var født i 1909. Hun ble senere gift i til en gård på Svorkmo i Orkdal, og fikk etternavnet Tallerås.

Jentene hadde sikkert ikke penger til å ta toget, så sykkelen var et naturlig framkomstmiddel.

Mye av det som er skrevet her er direkte avskrift fra en liten notisbok jeg fant etter mor. Her skriver hun om turen og en del inntrykk underveis.

Turen

Turen startet i Gudå, for Rutt hadde i noen år hatt tjeneste hos søskenbarnet sitt, Asmund Solberg, som var lærer ved Skolheim. Da mor reiste til Oslo var det lillesøster Magnhild (senere gift Vie i Grong) som tok over jobben hos Asmund.

Start frå Skolheim kl 9.00 sundag 30. august 1936

Friskt mot og godt fin – fint ver. Magnhild var med til Flora. Råka Karen ved Hell, regn.

I 1933 var Rutt elev ved Namdal Husmorskole på Grande og her ble hun kjent med ei jente fra Beistad, Karen Tørring. Når drømmen om Oslo dukket opp hos de to vet vi ikke, men mot og eventyrlyst hadde de.

Liten rast oppi Gjevingåsen. Var inne på Vikhammer og fekk kaffe, blautkake med mer. Trondheim kl 18., fælt til regn, men no i god behold på Misjonshotellet.

Mandag 31, regn og motvind.

Morgonkaffe ved Heimdal. So fer vi gjennom bygd etter bygd, for det meste motvind og regn innimellom. Vi lager oss middag på garden Haga, nest siste garden i Horg. Svært trivelige folk og godt stell. Gammelkona viste oss mellom anna eit vevmønster.

Passerte Støren et flott lite sted. Så videre opp gjennom Sokndalen, vi pæsa og gjekk mange av motbakkene. Her observerte damene, svært tarvelige garder, for det meste små værbitte brune tømmer hus. Frå Garli og opp til Berkåk fin – fin veg, og svært lett å sykle. No er vi ferdig til å stupe i seng på Berkåk Hotell, har nett sett til livs en heil liter varm mjølk. God natt.

Tirsdag 2.09.*

Tirsdag, god morgen, litt morgensurt men elles fint ver. Rennebu ligg blank og strålende. Start frå Hjerkinn i dag kl 12, berre strid motvind inn etter viddene. Nysnøen ser vi på mest alle fjelltoppar. Ved Storsjøen, der vi pesar og syklar som verst veit vi ikkje ordet av før pedalen hennar Karen ligg midt på vegen. Ikkje anna råd enn å gå ein 200 m til Vålåsjø stasjon. Ikkje så mykje som ein kar heime der, men vi fekk då lånt oss ein skrunøkkel, og alt var snart i orden att.

Middagsrast ved Vålåsjø, men slik blest at det var berre larvi å berga varmen. Vi kokte poteter på kaffekjelen, stekte flesk og havregryn, drakk saft og vatn til, herremåltid. Vi kom oss på syklane att, men motvinden står ved lag. Vegen er fin men svært småkupert. So får vi Fokkstua i syne. Nei der fer pedalen hennar Karen att, men heldigvis var det ein motorsyklist som heldt rast strakst bortafor. Eg dit for å låne verkty, og snart var alt bra att. Så videre, forbi Fokkstua, der var det mange sætrer, men huff det ser kald ut, åt dyra. Så bers det utfor bakkane ned til Dombås, å hoi som det går, og nede i ein forferdeleg sving ligg Dombås, som ein liten by.

I Gudbrandsdalen får vi ettervind. Husa er svært tarvelige og krøttera her har alle regnbuens fargar. Så er vi snart i Sel, eit vidt landskap. Vi spør om rom for natta på eit gammalt hotell i Sel. Kjerringa, ei tjukk grov ei, sitt framom ovnen på ein skammel, kallen sit ved langbordet og mauler flesk og flatbrød, og ein heil horv med halvstore ungar. Men nei ho kjende seg ikke sterk for å ta imot oss. Så prøvde vi ein annan stad der vi var heldigare.

Det er onsdag og vi starter fra Sel. Og hoi kor det går, og snart passerer vi Otta og Kringen. Videre, videre, berre ettervind. På Vinstra lagar vi ein bedre middag, måltidet besto av havresuppe og steikte fiskebollar. 6 fiskebollar på kvar, vi måtte løyse på beltene.

Det er berre å trampe videre, so går det for fullt fres heilt til Lillehammer der er vi kl 8. I dag har vi altså tilbakelagt 13 mil. Månen er strålande no.

Torsdag 2.09.*

Ansatte ved Kaffistova ved bondeheimen i Hamar på 1920- eller 30-tallet.
Foto: Oscar Løberg/Domkirkeodden
Torsdag, god morgon, strålende vær. Lillehammer er en fin liten by.

Stigning mest heile fyrste mila, sidan vert det slik upp og ned heilt til Hamar. Vegen er mange stader forferdeleg humpete. I ½ 11-tida kokte vi morgoskaffe av vatn frå Mjøsa. Middagsrasten strakst fyrr vi kom til Hamar, der vart vi einige om å overnatte, då vi såg det vart for langt til Eidsvoll. Ja vel, so er vi på Bondeheimen i Hamar. Eg hev alt kome meg i seng, og sit no og rotar ned desse linone.

Vi kom nett no frå museet frå Storhamar. Var nede på kafeen og kjøpte mjølk etterpå. Kl er berre 9 endå, men vi har tenkt å starte tidleg i morgo. Hamar er ein svært pen by mange svære bygg og mykje beplantninger.

Såg i Norsk Tidende for i dag at det hadde gått eit stort ras i Stjørdalsdalføret, truleg er det berre styggvær i Trøndelag. Her er det so fint at ein kann ikkje ynskja seg det betre, månen er like klår som i går kveld. God natt då!

Hamar 4.09

God morgon jente, kl er 6, berre ruske deg opp no! Vi hev det same strålande finveret. Skal berre ta eit par brødskiver og litt vatn no so tenkjer eg det skal gå noko å koma til Eidsvoll.

Hei, morgonskaffe her! Ved Mjøsa, du må tru den smakt godt no kl er 11. Det her er so fint, blikk stilt, fint solskinn og vatnet skvulpar og slær mot stranda, ja her er fint, men eg hev endå ikkje set det finare enn på Innhered.

Skal tru om de har berre regn der norda-fjells no og? Dei er ikkje heilt ferdige med skurdonna her på Hedmarksbygdene heller, det er mykje konn ute enda.

Hei no har det gått strykande, tarveleg humpete veg, men. Kom til Venger Gard kl 3 i dag. Har no vore hjå ei kone frå Namndalseide, der lo vi so leppene sprakk for ho var så kvikk.

I morgo skal vi ta toget til Oslo, så er vi fri å fara med syklane. Ja, no har vi nok komme til hovudstaden, vi kom oss ganske fort inn på Pensjon Frognen, så får vi vera glad for det, men det kjem nok til å verta dyrt i lengda.

Vi hev vore avstad og sett på 3 rom no, men det var sjølvsagt opptatt, men no har vi sett inn annonse i Aftenposten, så får vi berre ha god tru til måndag.

Sundag 20. september.

Tora Qvillers vevstue, trolig fotografert for Bladet Urd ca 1935.
Foto: Esther Langberg/Oslo museum
No har vi vore her i Oslo i heil 14 dagar, tida går fort. Vi styrer godt her på den vesle hybelen vår ute ved Jar st. Uppe kl ½ 7 om morgon og kveikjer under kjelen eller havresuppa, so ein fin spasertur til skulen.

Vi går ein snarveg gjennom skogen og der er so idyllisk og fredeleg med so mange framande blomster og treslag. Ja, og så ikorn er det mange av. Heile denne siste veka har det vore slikt strålende fint ver.

Forrige helg gjekk vi tur over Stabekk, og utover til Høvik. I dag var vi i Ullern kyrkje, ei svær stenikyrkje. Ein svært grei prest (truleg trønder).

Då vi kom frå kyrkja gjekk vi laus med å koke kjøttsuppe, og det vart suppe som smakte kan du tru, kirsebærsyltetøy med fløyte på, til dessert og derpå ein kopp kaffe.

På skulen har vi ikkje komme svært langt endå, men eg vil då endeleg vona at det vert litt framgang. Frk. Quiller er nok ei svært smart forretningsdame som kan snu kappa som vinden bles, so eg trur knapt ho lærer frå seg meir enn det ho sjølv har bruk for.

- Rutt!

Takk for godt lag på sykkeltur, for samarbeid på hybelen, med deling av divanen og godt fylgje i skulevegen. Eg ynskjer deg lukka og framgong med arbeid for sams interesse. Og gå elles ikkje meir i arbeidet enn at du ein og annan gong minnes din tru kompis frå haustkurset hos Frk Quiller år 1936.



Takk for alt du. Di Karen

Karen Tørring skrev overstående lille hilsning i boka til mor. Skal tru om noen i dag kunne tenkt seg å sove to på en divan, i tre og en halv måned?

Vevekurset varte fra september til uti desember. Jeg er ikke sikker på hvordan jentene kom seg hjem til jul, men trolig tok de toget.

En tid etter at jentene hadde kommet trygt hjem igjen, kom det beskjed til mor om at hun fikk jobb ved systua på Heimen i Oslo. (det er Noregs Ungdomslag sin butikk som selger bunader etc.)

Så da var det bare å pakke kofferten og dra, men denne gangen med toget i vanlig kupe.

Sparbu – Oslo 6.03.37

Strålande fint ver. Hadde fylgje med Målfrid (søster, gift Kippe på Dyrstad) til Røra, alt gjekk både fort og vel, snart var eg i Trondheim.

Sanneleg var det ikkje ein mann (trur det var ein journalist) som hadde vorte so forelska at han ville hjelpa meg med kofferten, ja han vilde tilmed få i plassbillett åt meg. Eg takka sjølvsagt og tok med, moro å få litt hjelp og somme tider.

So er eg inne på vogn nr 20 og plass nr 45. Og Dovregubben pustar iveg. Eg har fylgje i ein unggut frå Levanger, ein gamal doktor og eit rivjarn av ei frue. Doktorfolka skulle til Oppdal Turisthotell for å dra frisk luft.

Kl 7 søndags morgen var vi på Oslo Øst. Huff det var kaldt å stikka nasen ut no, nattvaken og urven. Det er so kaldt at det gnåle og skrik for kvart skrev ein tar. Det er grå tåke og kaldt enda.

På St. Olav hadde dei då plass for meg, eg tok sjølsagt det billigaste rommet eg kunde få.

I dag 8. mars har eg stridd av den fyrste dagen i min nye arbeidsplass på Heimen. Det var moro og koma att når alle ynskte meg velkommen. Eg trur det kjem til å gå bra.

Sluttkommentar

Mor beholdt arbeidet sitt på systua på Heimen helt til i 1942, så det ble mange turer tur retur Oslo – Sparbu. En måte å reise rimelig på, var å reise med krøttervogna. Per Heimdal fra Henning drev med forsendelse av slaktedyr til Oslo.

Tante Magnhild mener at mor reiste på denne måten minst 3 – 4 ganger. Å reise med krøttervogna betydde gratis skyss, men som motytelse måtte de reisende fore og fli for dyra.

Sykkelen ble også benyttet flere ganger, blant anna fra Oslo og hjem i juni i 1940. Denne gangen sammen med ei jente fra Sparbu, Pauline Kolset, som senere ble mor si svigerinne og gardkjerring oppi Holtan.

Modig gjort av damene, like etter at landet hadde blitt okkupert av Tyskland, men alt gikk fint sa de.

    • Overskrifter markert med stjerne er lagt til i ettertid.