Kremargarden (Odda)
Kremargarden er eit forretningsbygg i Odda som vart teikna av Odda-arkitektane Sigurd Sekse og Knut Mannsåker. Bygget sto ferdig i 1960, då Odda var i ei sterk oppgangstid. Stilen er modernistisk og eit godt døme på 1960-tallsarkitekturen til selskapet Sekse & Mannsåker. Bruken av synlege betongsøyler og platekledde veggfelt er svært typisk for slike bygg frå perioden.
Odda får eigne arkitektar
Sekse & Mannsåker var det første arkitektfirmaet som etablerte seg fast i Odda, og Sekse og Mannsåker kom til å setja sitt tydelege preg på Odda og distriktet gjennom ein god førtiårsperiode. Dei teikna mange skular og andre offentlege bygg, mellom anna heradshuset i Eidfjord. Den private og offentlege bustadbygginga var også sterk utover frå 1960-talet, så distriktet hadde stort behov for eigne arkitektar.
Forretningsbygg og losjelokale
Det var Sigvald Johannessen som fekk sett opp dette bygget, som fekk namnet «Kremargarden» og adresse Eitrheimsvegen 10. Johannessen leigde ut til mange ulike leigetakarar. Her var både kolonialbutikk (Espeland), konfeksjonsbutikk (From) og møbelsalg (Odda Møbelsalg&Co) i starten. Tannteknikar, tannlege, legekontor og ulike andre firma har halde til oppover i etasjane. Haugesunds Avis hadde distriktskontor i 3. etasje i ei årrekke, så her hadde journalistane «Jangen» og Melkeraaen overblikk og nærkontakt med folkelivet, torget og hamna i Odda.
I øvste etasje heldt Odd Fellow-losjen til før dei kjøpte eige bygg nær Vasstunsbrua.
Gjensidigebygget
Hardanger Gjensidige Branntrygdelag kjøpte bygget og eigde det ein lang periode. Selskapet ekspanderte i distriktet og hadde etter kvart kontor i det meste av andre etasje frå tidleg på 1990-talet. Fasaden i butikklokala i 2. etasje hadde opprinneleg vindauger frå golv til tak. Dei mørke felta og solskjerma vindaugene, som virkar meir dominerande på fasaden, kom seinare. I 2008 avvikla Gjensidige avdelinga i Odda. Bygget selde dei litt tidlegare til nye eigarar.
Kjelder og litteratur
- Hardanger Folkeblad 2005.04.01. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hardanger Folkeblad 2011.12.05. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Haugesunds Avis 1960.09.27. Digital versjon på Nettbiblioteket.