Kyrkjekunst frå Sogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Olav frå Fresvik.
Madonna med barn, Fresvik kyrkje.
Mann og kone, Fjærland i Sogn.
Smeden frå Berdal.
Fartøy med dansk flagg frå Feios.

Kyrkjekunst frå Sogn dreide seg i mellomalderen særleg om malte treskulpturar. Frå 1500-talet kom glasmaleriet til landet og var dei fyrste århundra primært knytt til kyrkjekulturen.

I regi av Nordiska museet i Stockholm, vart det på 1800-talet samla inn kunstgjenstandar frå Noreg. Truleg har fleire skulpturar og glasmåleri frå Sogn vorte redda frå destruksjon takka vere denne innsamlinga.

Skulpturkunst i mellomalderen og glasmaleriet frå 1500-talet

Data frå den norske mellomalderen viser at kunst i bygdene i fleire hundre år primært  var knytt til kyrkjekulturen. Bibelsk bodskap var  formidla gjennom arkitektur, dekor og utsmykking i det organisasjonsnettverket som vart etablert etter innføringa av kristendommen. Mellomalderen har sin skulpturkunst. Nokre århundre seinare gjorde glaskunsten sitt inntog. I Noreg utvikla den seg frå 1500-talet.

Kunstskattar i midtre Sogn

Kunstutsmykking i det offentlege rom hadde nok liten prioritet i samtida, iallfall i små bygdesamfunn. Bortsett frå enkelte framstøyt med å få på plass ein skulptur i dei enkelte bygdelag. Av nyare skulpturar i midtre Sogn er det vel berre «Hanen» på Hanahaug  og «Gjest Bårdsen» i Sogndalsfjøra som er av nyare dato. Og på Vangsnes står den over 107 år gamle Fridtjovstatua.

Det er likevel ein del kunstskattar av historisk karakter som er knytt til området i midtre Sogn, men som ikkje har vore allment kjent. Her kan ein nemna mangfaldet i kyrkjekunsten. Dei siste par åra har «Hovemadonnaen» fått merksemd i Vik. Dette klenodiet, som er tatt vare på ved Bergen museum, kjem snart tilbake til Sogn som kopi.

Museet i Vestlandshovudstaden rommar dessutan det kjente «Leikangerkrusifikset», som kjem frå Rinde stavkyrkje. Krusifikset er ein del av presentasjonen i avdeling for kyrkjekunst ved Historisk museum i Bergen. Ein kopi heng i Leikanger kyrkje, etter rehabilitering av kyrkja på 1960-talet. Data viser at krusifikset har sitt opphav i Feios. Nok ein viktig skulptur frå sørsida av Sognefjorden som har stor kunsthistorisk verdi, er skulpturen av St. Olav. Det dukka også overraskande opp ein madonnafigur frå same staden.  

Utover 1800-talet gjekk eit framsynt fagmiljø både i Bergen og Oslo, mellom anna professor i kunsthistorie Lorentz Dietrichson, Georg Andreas Bull og Peter Andreas Blix, inn for å ta vare på dette materialet. Dei samla inn og sytte for at ein del av kunstverka i Sogn frå mellomalderen og framover har vorte tatt vare på. På 1800-talet stod nasjonsbygginga sentralt, og dette fagmiljøet såg den historiske verdien som  kyrkjekunsten representerer utover bygdene i midtre Sogn.

St. Olav frå Fresvik

I Fresvik var det eit rikt miljø for kyrkjekunst. Trefiguren eller skulpturen «St. Olav» er tidfesta til 1250 og kjem frå Fresvik kyrkjestad. I dokumentasjonen er garden Skau nemnt. Kunstverket er av eik, og høgda er 155 cm, breidda 65 cm og djupna 52 cm .

Krusifikset har vore langtidsutlånt til Historisk museum i Oslo frå Nordiska museet i Stockholm. Dokumentasjonen omkring trefiguren går attende til 1877, da Nordiska museet var i etableringsfasen. I fylgje Norsk Folkemuseum fekk grunnleggjaren av museet, Artur Hazelius, engasjert ein kar frå Telemark, Torjus Leifsson Jorde, til arbeidet med å samla inn norske gjenstandar. Han fekk med seg viktige kunstskattar frå Sogn. Arbeidet foregjekk til unionsoppløysinga i 1905.

Madonna med barn

Skulpturen «Madonna med barn» er òg lokalisert til Fresvik (Virgin with child, C33290). Kunstverket er relatert til mellomalderen utan nærmare antatt årstal. Det i eik med høgd 132cm, breidde 42 cm og djupne 39 cm.

Skulpturen vart bringa til Nordiska museet i fem bitar av Torjus Leifsson Jore. Han har vore langtidsutlånt frå Nordiska museet i Stockholm til Kulturhistorisk museum i Oslo sidan 1971 og er katalogført frå Fresvik i Vestland fylke.

Glaskunsten frå bygdene i Sogn

Da glasmaleriet kom i bruk utover 1500-1600-talet, i kjølvatnet av at glas vart tilgjengeleg i Norge, breidde kunstuttrykket seg først og fremst utover bygda gjennom kyrkjekulturen, men truleg òg gjennom embetsstanden. Det tyder på at glaskunsten kom til dei i bondestanden som  hadde råd til å ta han i bruk.

Einar Lexow nemner at denne kunsten først og fremst fekk innpass i overklassen. Etter som borgarskapet voks fram, kom glasmaleria i bruk også utanfor kyrkja, med Bergen som ein viktig arena for utviklinga.[1] Lexow  hevdar at glasmaleria mest truleg har sitt opphav i Fresvik, fordi som han ironisk skriv:

«Det er også mest sannsynlig, idet sorenskriver Cappelen selv bodde i Fresvik som tidligere var et av de viktigste centrer i Sogn, mens Feios  alltid har vært en forholdsvis fattig bygd».[2]

Nationalmuseet i København viser korleis glasmaleri vart nytta i bondestover og kjøpmannshus, mellom anna Ålborgstuene. Det viser seg når ein går inn i tematikken at glasmaleri er viktig dekor over heile Danmark-Noreg. Bergen var eit viktig kultursentrum både for kunsthandverk, religion og handel i mellomalderen. I dag er glaskunsten framleis knytt til kyrkjebygga, og i Trondheim er ein eigen verkstad for dette handverket knytt til Nidarosdomen.

Mange av kyrkjene som vart rivne på 1800-talet, hadde tydelegvis fått innsett glasmaleri i vindaugo. Ein grunn kan sjølvsagt vera glasvindaugo gjorde kyrkjerommet lysare. Tidlegare kom lyset vanlegvis inn gjennom gluggar. Ein annan grunn kan ha vore at den rike samfunnsklassen ynskja å gje kyrkja gåver, og da kunne glaskunst vera prestisjefullt.

Det er ikkje usannsynleg at glasmåleria i Stockholm kom på auksjonen i samband med rivinga av Rinde stavkyrkje. Om hypotesen skulle vera haldbar, er det godt at Ivar Person Berdal (1805-1885) fekk hand om desse glasmåleria.

Mann og kone

Boka til Einar Lexow har ein omfattande omtale av glasmalerikunsten frå heile Norge. Frå Sognefjorden er det eit rikt tilfang. Mann og kone er eit motiv som truleg er laga av ulike glashandverkarar, men etter lik mal. Motivet finst også i Trøndelag, men med nokre variasjonar på detaljnivå. Glasmaleriet «Mann og kone» på biletet til høgre er frå Fjærland i Sogn.

Smeden frå Berdal

Nordiska museet i Stockholm har to glasmaleri frå «den fattige bygda» Feios. Det eine, «Smeden frå Berdal», er presentert i biletutgåve i Lexow si bok, medan det andre er omtalt i teksten.[3] I museumskatalogen kalles det «Smed med Städ, hammare ock tång.» Det er kategorisert innanfor handverk og herreklede og under status står det: «Högsta bevarandevärde, omöjligt att ärsetta. Kan ej bytas eller avyttras.»

Seglfartøy med dansk flagg

Også glasmaleriet «Segelfartyg med dansk flagg» er å finna ved Nordiska museet. I katalogen ligg det under kategoriane fartøy og nasjonalsymbol med status som for Smeden frå Berdal. Beskrivinga viser at biletet har sitt opphav i Feios: «Glasrude. Norge, Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amt) Yttre Sogns fgd. Lekangers pr. Fejos,  Från Berdal.» Det har ei høgd på 12,8 cm, ei breidd på 9,6 cm og er malt på begge sider. Når det gjeld mottak av glasmaleriet kan ein i katalogen lesa: «I.av Ivar Pedersen Berdal, gm gårdsbr. Torjus Leifsson Jore ank. 22-5-1877

Fotnotar

  1. Lexow, 1938
  2. Lexow, s. 93
  3. Lexow 1938

Litteratur

  • Basert på artikkelen "Gløymde og gøymde kunstskattar frå Midtre Sogn?" av Jan Magne Borlaug Rinde. I: Helsing frå kyrkja. Kyrkelydsblad for Vik. Årgang 74, nr. 1, 2021. S. 4-8. Besøkt 8. november 2023. Artikkelen har brukt fylgjande kjelder:
    • Anker, Leif. (1981) Høymiddelalderens skulptur i stein og tre. Norges kunsthistorie. Bind 2
    • Høymiddelalder og Hansa-tid. Gyldendal Norsk Forlag – Oslo
    • Bendixen, B.E. (1909) Aus der mittelalterlichen Sammlung des Museums in Bergen. Bergens Museums Aarbog Nr. 16.
    • Brendalsmo, A.J., Frøysaker, T., Jensenius, J.H. ( 2001) Kors og krusifiks. Tre utsnitt av deres historie. NIKU publikasjoner 105: 1-46.
    • Faye, Audhild. Glassmaleriene i Nidaros domkirke. Del 1 og 2. Nidaros domkirkes restaureringsarbeider forlag 2000.
    • Dedekam, Hans. Glasmaleriets esthetik og historie. Norsk Tidsskrift for handværk og Industri. 1908
    • Fett, Harry. (1908) Billedhuggerkunsten i Norge under Sverreætten. ALB. Cammermeyers Forlag, Kristiania
    • Hammarlund-Larsson, Ciciliea. (2016) Nordiska museet under 125 år. Nordiska museets förlag
    • Horgen, Randi.(2000) Universitetets kulturhistoriske museer, Oldssakssamlingen.
    • Johannessen, Ole-Jørgen. (2016) Bergens Kalvskinn. Kildeutgivelse fra Riksarkivet, Oslo
    • Kjelsrud, Karoline. (2021) Kulturhistorisk museum i Oslo. C 35142 og C33290
    • Lee, Rune. (2018) Feios Ættesoge. Vik Lokalhistoriske Arkiv.
    • Lexow, Einar. (1938) Norske glassmalerier frå laugstiden. Forlaget H. Aschehoug  & Co, Oslo
    • Maxén, Maria. (2019) Vising av arkivmateriale og datatilgang i Nordiska museet.
    • Nicolaysen, N. (1862-1866) Norske Fornlevninger. En opplysende fortegnelse over Norges fortidslevninger, ældre end reformationen og henførte til hver sitt sted. Utgivet af foreningen til norske fortidsminnemerkes bevaring. Kristiania Carl C. Werner & Comp´s Bogtrykkeri
    • Rinde, Jan Magne B. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn
    • Rinde, Jan Magne B. (2018) Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje. PRIDLAO nr. 1. 2018
    • Rinde, Jan Magne B. (2019) Da sorenskrivaren i Sogn budde i Fresvik, og glasmaleria i Sogn. PRIDLAO nr. 1, 2019.
    • https://digitaltmuseum.no/021026365443/krutthorn
    • https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Hanahaug
    • https://www.nrk.no/norge/mestertyv-statue-skaper-sinne-1.500683
    • http://www.musit.uio.no/foto/#/search?q=c35142