Langvin jordbruksskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mindresunde hotell frå 1890 vart brukt som jordbruksskule frå 1920 til 1995. Foto: Jens Knudsen Maurseth, 1910. Kjelde: Fylkesarkivet i Vestland.

Langvin jordbruksskule (Jordbruksskulen i Nordfjord) var ein jordbruksskule for Nordfjord plassert først i Stryn og så i Innvik, begge i dag i Stryn kommune. Skulen vart grunnlagd i 1920 som Mindresunde jordbruksskule. Skulen vart lagt ned i 1995.

Mindresunde - gard, hotell og jordbruksskule

Skulen vart først etablert på Mindresunde gard i 1920. Garden var den største i Stryn, og var plassert ved utløpet av Oppstrynsvatnet. Garden fungerte som skysstasjon og Hotel Mindresunde vart etablert her i 1890. Etter kvart vart garden pakta vekk til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Jordbruksskulen for Nordfjord, Mindresunde Jordbruksskule, vart etablert på garden i 1920. Hotellbygningen fungerte både som internat for elevane og som skule. Olav Karstad var styrar ved skulen så lenge den var på Mindresunde.

Ny jordbruksskule i Innvik

Leigeavtalen for bruk av Mindresunde gard gjekk ut i 1945, men fylkeskommunen fekk forlenga avtalen medan dei jobba med å finne en ny gard. Stryn kommunestyre ville behalde skulen i kommunen. Fylkeskommunen fekk fleire tilbod, og vedtok til slutt å flytte jordbruksskulen for Nordfjord til Langvin i Innvik, som på den tida var eigen kommune. Eit av argumenta for valet av Innvik, var at bygda er godt egnet for fruktdyrking. Fylkeskommunen fekk den gamle prestegarden vederlagsfritt.

Det tok tid å få bygga klar, og i 1951 ble skulen flytta og namnet endra. Ein tyskerbrakke frå Stryn vart brukt som skulebygning og internat dei første åra. I 1973 brant driftsbygningen ned, men alle husdyra vart reddet ut.

Lærarar

1980

Elevar

Frå nyttår 1980 var det 65 elevar ved Langvin jordbruksskule. Desse var i ulike kurs:

  • Agronomkurs (23 elevar)
  • Rekneskapsførarkurs (13 elevar)
  • 1-årig grunnkurs (15 elevar)
  • Landbruksteknisk kurs (8 elevar)
  • Praktikantar/Stipendiatar (6 elevar)

Kjende elevar

Anna bruksområde

Langvin vart lagt ned som jordbruksskule i 1995. Etter at skulen vart lagt ned skipa fylkeskommunen og Stryn kommune Stiftinga Langvin, og overførde heile eigedomen til denne. Verdien var kr 10.000.000. Formålet med stiftinga var å utnytte eigedomen Langvin gjennom næringsverksemd for å fremje nasjonale, regionale og lokale interesser knytta til verksemd og kompetanseutvikling i primærnæringar, reiseliv m.v. Etter ti år, i 2005, la stiftinga eigedomen ut for sal. Langvin vart seld etter 4,5 år til Taraldset Holding.

Galleri

Kjelder


Skulenmin logo.jpeg Langvin jordbruksskule er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.


Koordinater: 61.849948° N 6.624577° Ø