Lifjellvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lifjellvegen ved Østerli.
Foto: Roy Olsen (2016).

Lifjellvegen i i Midt-Telemark kommune går frå krysset med Folkestadvegen og Vatnarvegen til Jønnbu der han endar ved parkeringsplassen 756 moh. Han er om lag 4 kilometer lang

Vegen har namn etter Lifjell, og blei namnsett i 1991.

Lifjellvegen blei anlagt vidare frå Lifjell hotell (tidlegare Lifjell sanatorium) i fyrste halvdel av 1950-talet, og var ferdig hausten 1955. Da voks den gamle turiststaden på Jønnbu sterkt, m.a. med ei omfattande hytteutbygging. Skien-Telemark Turistforening opna Lifjellstua (Lifjellhytta) i 1959 og Jønnbu fjellkyrkje blei vigsla i 1969.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972 s. 426.
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.44515° N 9.07169° Ø