Kristiansund
Kristiansund er ein by og eit administrasjonssenter i Kristiansund kommune på Nordmøre som strekk seg over tre øyer med eit samla areal på 22 kvadratkilometer. Busetninga i området var opphavleg kjend som Lille-Fosen, som på 1600-tallet fekk status som ladestad. Den 29. juni 1742 gav Christian VI staden status som kjøpstad, og gav byen namnet Christiansund etter seg sjølv.
Garden Fosna på Kirkelandet er den eldste garden i Kristiansund og den som byen har oppstått frå. Den låg godt i le. Det var på denne staden garden lå det vart kalla Lille-Fosen. Både Kirkelandet (Lille-Fosen med Gomalandet), som Nordlandet (Auma) og Innlandet (Hunsa) høyrde opphaveleg til Fosna. Den var krongods fram til 1660, då ein Jens Baltzersen fekk den i eige. Deretter var den i lang tid i familien Mühlenphort si eige.
Byen var identisk med Kristiansund kommune fram til 1964, då den vesle øykommunen Grip og ein del av Bremsnes kommune vart innlemma. Då Frei også vart innlemma i 2008 vart kommunen omkring fire gonger så stor som sjølve byen.
Kristiansund ligg altså på tre øyar: Nordlandet, Gomalandet/Kirklandet og Innlandet. Heilt sidan 1876 har sundbåtane gått mellom øyane og knytt dei saman. Gomalandet og Kirklandet er knytta saman av eit smalt eid inst i Vågen. Dette er eit kunstig eid laga av fyllmasse; det var opphavleg to øyar.
Byen vart kjend som eit sentrum for produksjon og eksport av klippfisk, ei historie som bland anna formidlast av Norsk klippfiskmuseum i Kristiansund. I seinare år har byen vorte eit administrasjonssenter for olje- og gassindustrien på Haltenbanken. Den er også regionssenter for Nordmøre.
Tettstaden Kristiansund strekk seg ikkje ut over kommunegrensene. Det bor 18 355 personar i tettstaden (2016), noko som er meir enn to tredjedeler av kommunen sin befolkning.'
Bynamnet
Fosen eller Fosna kjem truleg frå norrønt folksn, som tyder 'gøymestad', som må vere ein referanse til ei trygg hamn fra storhavet utenfor. Det gammelnorske verbet fela betyr å skjule seg. (skjulested). Det opprinnelige namn har vært Folsken.
I 1742 fekk byen namnet Christianssund etter Christian VI. Dette var gjeldande skrivemåte fram til byrjinga av 1900-talet, då forma Kristiansund vart innførd.
I 1929 var det ein folkeavstemming over eit forslag om at byen skal heitte Fosna i staden. 4740 innbyggjarar stemte, og berre 41 av dei stemte for Fosna som nytt namn.
Kristiansund sitt byvåpen er basert på ein feiltolking av det gamle namnet. Dei som fastsette det trudde at Fosen viste til ein foss, og la inn det motivet.
Galleri
Kjelder
- Kristiansund i Store norske leksikon.
- Cappelen, Hans og Johannessen, Knut (red.): Norske kommunevåpen'. Utg. Kommunalforlaget. Oslo. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket..