Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-38
Hopp til navigering
Hopp til søk
Røyrvik kommune (bokmål/nynorsk) eller Raavrhvijhken tjïelte (sørsamisk) er ein kommune lengst nordaust i Trøndelag fylke. Kommunen vart utskilt frå Grong herred i 1923. Regionsmessig sett ligg kommunen i Indre Namdalen. Kommunen grensar til Lierne i søraust og Namsskogan i vest. I nord grensar kommunen til Grane og Hattfjelldal kommunar i Nordland fylke. I aust grensar kommunen til Strömsunds kommun i Jämtlands län i Sverige. Røyrvik har sterke band til det sørsamiske og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk. Les mer...