Lucie Sigurdsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lucie Sigurdsdotter (død i Skjåk 1444) var jordeigar og openbert ei formuande dame. Ho budde iallfall mot slutten av sitt liv på Skjåk, den garden og kyrkjestaden som har gjeve opphavet til bygdenamnet.

Edel byrd

Sosialt kan Lucie knyttast til eit aristokratisk, adeleg samfunnssjikt, jamvel med nære band til det ypparste såvorne på riksnivå. Det framgår direkte av eit vitnebrev frå 1432, der Lucie avstår to gardar til «frenden sin» Olav Håkonsson, som vederlag for at han påtek seg å vere «ombodsmann over alt hennar gods og forsvare henne til lov og rett». Olav Håkonsson var riddar og medlem av riksrådet. Han åtte Nesøygodset i Asker, og hadde setegarden sin der. Han var ein av tre riksrådar som daverande konge over Noreg, Danmark og Sverige, Erik av Pommern, skulle velje blant til ombodet som drottsete. Han skulle trå i kongens stad i Noreg fordi kongen budde utanlands. (Det vart rett nok ikkje Olav, men Sigurd Jonsson, som vart utnemnd.)

Familie

Lucie Sigurdsdotter figurerer i sju mellomalderdokument attgjevne i Diplomatarium Norvegicum. Av desse, og av fleire dokument der ikkje ho, men påviste slektningar er omtala, kan vi stadfeste nokre fakta av familiehistoria hennar.

Faren Sigurd var etter alt å dømme Sigurd PeterssonAukrust i Lom. Mora var ei «Gudleiksdotter», sidan Lucie sin dokumenterte morbror er ein Peter Gudleiksson. Lucie hadde to sysken som kan påvisast i kjeldene: Sigurd Sigurdsson på Aukrust og systera Siglod. Slektsgranskaren Engebret Hougen har knytta desse personane til det han kallar «Staur-ætta på Skiåker, Skjåk».[1]

Garden Skjåk, og truleg anna jordegods, hadde falle i arv til Lucie Sigurdsdotter etter ein Bård Trondsson, «bonde på Skjåk», som hadde ått mange gardar og gardpartar både i Skjåk, Lom og lenger nedover i Gudbrandsdalen i andre halvparten av 1300-talet.[2]

Lucie Sigurdsdotter sin sivilstand gjennom livet er ikkje klårlagd. Den verjefunksjonen ho overlet til riddar Olav i 1432, viser iallfall at ho ikkje hadde nokon ektemann på det tidspunktet. Anten ho aldri var gift, eller at ho sat i enkjestand, synest uråd å fastslå.

Godset og arveoppgjeret

Ho har i alle høve ikkje etterlate seg livsarvingar. Det framgår av arveoppgjeret, som vart dess meir komplisert av den grunn. Det gjekk så langt at saka måtte skytast inn for lagmannenHamar. Ved lov-orskurd dømde lagmannen at heile arven etter Lucie på Skjåk skulle tilfalle ein Peter Gudleiksson. Han var barnebarn av Lucie sin morbror med same namn. Det ligg føre eit vitnebrev frå 28. november 1444 som fortel at Lucie sjølv, frå sjukeleiet, gong på gong hadde uttrykt at ho sjølv rekna Peter som sin rettmessige einearving.

Motparten til Peter Gudleiksson var brørne Bård og Arnald Jonssøner. Både dei og Peter «tedde fram brev om skyldskapen under gode menns innsegl». Men diplomet med saksreferatet er skadd, slik at vi ikkje kan lese på kva måte dei einskilde var i slekt med avdøde.

Kva arven bestod av framgår ikkje nærare. Dei einaste namngjevne gardane/gardpartane av Lucie sin godseigedom er Vik i Kvam i Nord-Fron, og Mytting i Ringebu. Det var nemleg det godset Lucie hadde overlate til riddar Olav Håkonsson i 1432, og som Olav seinare (1458) overlet til Peter Gudleiksson. Peter er i diplomet nemnt som «Peder aff Skeddager [Skjåk]», noko som vel viser til at han har overteke garden Skjåk som sin heimegard.

Referansar

  1. Hougen, E. 1968 s. 156–163.
  2. Hougen, E. 1968 s. 157–158. Hosar, H.P. 1994, s. 255–257.

Kjelder og litteratur

  • Diplomatarium Norvegicum