Malmvegen 27 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 27
Utskilt: 1987
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 496
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 27 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført av Bykle kommune i 1986/87. Dei som bur her nå (2006) kaupte huset av kommunen i 2001.

  • Tom Arnold Kvinlog, f 1959
sb m Inger Lise Grønsand, f 1953
Hans born:
  • Siri, f 1973, fysioterapeut, busett Geilo
  • Gro, f 1976, p t (2004) under utdaning

Tom er frå Kvinesdal og son åt Lars Georg og Birgit Synnøve Kvinlog. Han er lærarutdanna, og kom til Hovden som rektor ved Hovden VGS i 1993. Frå 2001 har han vore dagleg leiar ved Hovden Skisenter, som han frå same tidspunktet eig saman med Asle Magne Torseth. Han har tidlegare budd i Hemsedal. Ekskona Toril og døtrene vart verande der. Både Siri og Gro har vore aktive alpinistar på internasjonalt nivå.

Inger Lise kjem frå Hurum, og er dotter åt Olav og Ada Fossholt. Ho kom til Hovden som lærar i 1996, og arbeider nå som sektorsjef i Bykle kommune.

Inger Lise Grønsand, bilete funne i kommunearkivet.
Tom Kvinlog, bilete frå Setesdølen.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 27 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 26 • Neste bolk: Malmvegen 28

Koordinater: 59.55914° N 7.36313° Ø