Marthe Gabestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marthe Olsdotter Gabestad (fødd i Trøgstad 1781, død på Kongsberg 13. januar 1841) var i yngre år kjend som haugiansk lekpredikant. Det vart lite av slik verksemd etter at ho gifta seg, truleg som følgje av mannens motvilje mot dette.

Foreldra hennar var bønder i Trøgstad. Ho hadde to brør, Torkel og Iver som også vart vakte og verka i haugianismens teneste.

Marthe verka som forkynnar mange stader på Austlandet og større delar av Sør-Noreg elles. Ho reiste mykje saman med ein annan predikant, den nokre år eldre Pernille Vold Dei to drog også saman til Jylland i 1803, da dei hadde høyrt om ei stor vekkingsbølgje der, og vart verande i Danmark i fleire år. Etter at ho kom heim att, moglegvis i 1808, budde Marthe ei tid heime hjå foreldra og tok opp att forkynnarreisene sine. Ho var særleg mykje i Drammen og Eiker.

Ho gifta seg med reipslager og mølleeigar Lars Karsch på Kongsberg. Heggtveit skildrar Karsch og forholdet hans til kona si kristelege gjerning: «Han var en velhavende og dygtig Mand, der nød almindelig Tillid, men delte ikke Hustruens Tro. Da han holdt hende strængt og nødig vilde slippe hende ud for at besøge Venner, levede hun paa Kongsberg et stille, indeslutted Arbeidsliv.»

Kjelder og litteratur