Martin Ervik
Martin Sigvald Ervik (fødd 13. september 1879 i Volda, daud 7. juli 1952) var lærar.
Han tok heile utdanninga si i heimbygda, med lågare lærarprøve i 1900, høgre lærarprøve i 1902 og mellomskule i 1906. Så byrja han å lesa til eksamen artium, som han tok på Hauges Minde i 1908. Han tok ikkje meir på universitetet enn førebuande prøver i 1909–1910.
Ervik hadde korte periodar som lærar og tidvis klokkar i Brønnøy, Herøy (1902–1906), Volda og Eftedal før han vart tilsett i Brandbu i 1910. Han styrte Brandbu middelskole frå 1911 til 1922, og var til slutt adjunkt ved Gjøvik høyere skole frå 1922 til 1949.
Ervik vart gift med Borghild Kinge (1897-1987) frå Tingelstad i Brandbu. Dei fekk tre døtre og ein son, og budde i Tordenskjolds gate 18. Ved sida av jobben var han leiar i Den Nordiske Kristne Buddhistmisjon i mjøsbyen. Han døydde i 1952 og er gravlagd på Gjøvik kirkegård.
Kjelder og litteratur
- Martin Andreasen Ervik i folketelling 1900 for Volda herred fra Digitalarkivet
- Martin Ervik i Adressebok for Gjøvik by 1942 fra Digitalarkivet
- Martin Ervik i Historisk befolkningsregister.
- Studentene fra 1908. Utg. Grøndahl. 1933. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Studentene fra 1908: biografiske opplysninger samlet til 50-års jubileet 1958, s. 42
- Rabben, Bjarne (1973). Bind 2 av Herøyboka. Bygdesoga, s. 510
- Dehli, Martin (1981). Fra borgerskole til videregående skole: Gjøvik høyere skole gjennom 100 år, s. 77, 140
- Sigstad, Einar (1986). Gjøvik i tekst og bilder: fra kjøpstad til storkommune, s. 91
- DIS-Norge gravminnedatabase