Martinus Sørestrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Martinus Andriassøn Sørestrand (fødd 21. august 1892 i Lavik i Sogn, død 23. desember 1977) var lærar, gardbrukar, organist og folkeminnesamlar.

Foreldra var Adrias Bendikson Løland og Eli Sjursdtr. Avedal. Han gifta seg i 1914 med Hansine Alette Larsedtr. Raasberg (1889-1945). Dei fekk to born. I 1945 gifta han seg med Anna Martinusdotter Mørkve (1923-2008). Dei fekk også to born.[1]

Martinus Sørestrand gjekk på Sogndal Folkehøgskule og Sunnfjord Ungdomsskule. Han tok eksamen på Stord Lærarskule i 1913. I 1914 var han lærar på Kyrkjebø, Sogn, og frå 1915 var han lærar i Årdal.[2] I 1920 flytta familien til Vossestrand, og Sørestrand var lærar ved Myrkdalen skule frå 1920-1952 og 1959-1961.[3]

Sørestrand var aktiv i lokalmiljøet, blant anna som korledar og bygdesogegranskar. Han samla også inn folkeminne, og hadde stipend frå Historielaget i Sogn for å delta på Folkeminneskeidet i Bergen i 1918.[4] I Etno-folkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen er der fire notatbøker med folkeminne Sørestrand samla frå Årdal.

Under Læreraksjonen i 1942 vart Martinus Sørestrand tatt til fange. Han sat i fangenskap frå 20.03.1942 til 22.11 same år.[5]

Referansar

  1. Ættebok for Vossestrand II. Utg. Voss bygdeboknemnd. Voss. 2013. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Dagen (Bergen) 1952.08.20. 19520820. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Ættebok for Vossestrand II. Utg. Voss bygdeboknemnd. Voss. 2013. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Tidsskrift. Utg. Historielaget. Kaupanger. 1920. Digital versjonNettbiblioteket. s.83
  5. Martinus Sørestrand - Norsk digitalt fangearkiv 1940-1945 - Fanger.no