Nils Grotnes
Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945.
Familie
Faren Elias Kristian Eliassen (1858-1927) kom frå småbruket Grønfjellet i Nord-Rana, mora Sara Lydia Nilsdotter (1864-1953) kom frå tilsvarande forhold på Fagerjorda i same bygda. Elias og Sara gifta seg i 1887. I folketeljinga 1900 er dei å finne som brukarar på Stupforsmoen, som dei forpakta nokre år. I 1902 flytta familien til Gråtneset, som dei kjøpte. Der har Nils Grotnes etternamnet sitt frå. Om familien hadde budd fleire stader enn på Stupforsmoen før dei kom til Gråtneset, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Nils var nest eldst av 10 sysken.
Han gifta seg i 1916 med Albertine Bergitte (Thine) Kristensen (fødd 1897) dotter til kjøpmann Peter Kristensen og Mathilde Amalie Mathiesen. Nils og Thine Grotnes fekk tre born fødde i tidsrommet 1917-1935.
Utdanning
Nils Grotnes fekk ei allsidig høgare utdanning. På folketeljingstidspunktet 1910 finn vi han som handels- og mellomskuleelev, innlosjert på Erikstad i Kasfjord hjå Sevald Lund og familien. Det var tre andre elevar som budde der. Den eine, Rolv Thesen, skulle seinare bli kjend som litteraturvitar. Thesen og Grotnes beheldt venskapen frå skuledagane livet ut.
Grotnes tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1913. Han tok examen artium som privatist på reallinja i 1922. Ved sida av lærarstillinga var han deltidsstudent ved Universitetet i Oslo i åra 1924-1930. Der tok han førebuande prøver i filosofi, latin, gresk og hebraisk. Han hadde planar om å studere teologi, men fekk av praktiske og økonomiske grunnar ikkje realisert dette. Han var to semester ved Universitetet i Göttingen (Tyskland) i 1928 og 1929.
Lærar, skulestyrar og skulegründer
Fyrste lærarposten Grotnes hadde, var i Værøy der han var i tre år. Sidan var han to år i Eide (Nordmøre?) og fire år i Torsnes (Østfold?). Så var han lærar ved Gudbrandsdal folkehøgskule i to år.
Han tok til i framhaldsskulen i Sel i 1924, og var lærar og styrar der til han gjekk av med pensjon ved nyttår 1960. Han hadde eit opphald da han studerte i Tyskland i slutten av 1920-åra og dessutan under okkupasjonstida, da han arbeidde i folkeskulen på Otta). Framhaldsskulen var annakvart år på Nord-Sel og Otta fram til den vart gjort obligatorisk i 1952 og fekk fast tilhald på Otta.
I 1934 starta Grotnes Otta private realskule. Denne dreiv han på kveldstid med hjelp av to andre lærarar. Han heldt skulen gåande og var styrar i 12 år. Sidan vart privatskulen gjort om til ein interkommunal realskule for Sel, Vågå, Heidal og Nord-Fron. Skulen vart nedlagd i 1971 og avløyst av den niårige ungdomsskulen.
Organisasjonsarbeid og offentlege verv
Nils Grotnes var aktiv på mange frivillige frontar. Han var med i ungdomslagsarbeid, og han starta og leia ein speiartropp på Otta. Han var fråhaldsmann, var forstandar for barnelosjer og hadde verv som distriktstemplar i losje Gudbrandsdølen. Dessutan var han ein ivrig bilist, og var formann i avdeling Nord-Gudbrandsdal av Norges Automobilforbund. Han oppgir elles sjølv i samlebiografiar at han har bilferie med camping som hobby.
Han var aktiv i sin eigen yrkesorganisasjon, mellom anna ved å ta intiativ til og vere formann i Eide lærarlag og tilsvarande i 10 år for Vågå, Sel og Heidal pedagoglag.
Han var i eit par periodar med i heradsstyret og i skulestyret i Sel, vald av Arbeidarpartiet.
I 1934 var han med og skipa Gudbrandsdal lærarmållag saman med mellom andre Martinus Høgåsen og Kristian P. Åsmundstad. Dette laget stilte seg i spissen for ein svært vellykka aksjon for å få til språkskifte til nynorsk i Gudbrandsdalen.
Motstandsarbeid
Grotnes gjorde ein aktiv innsats i samband med læraraksjonen mot nazistyret i 1942. Han var av dei som i samband med dette vart arrestert og sendt til Kirkenes. Da Noregs Lærarlag vart oppløyst, var Grotnes med og fekk til illegale lærarlagsmøte fleire stader i Gudbrandsdalen. Heeimen til familien Grotnes på Otta, der dei også dreiv eit lite pensjonat, vart ein mykje brukt møtestad.
Referansar
Kjelder og litteratur
- Bakke, Kåre og Saastad, Gustav: «Skulehistorie», i Otta gjennom 100 år 1896-1996. Sel Historielag 1996.
- Frøholm, Anders: Rana bygdebok, bd. 2: Mo prestegjeld. Gardshistorie. Mo Sparebank, 1965 (?)
- Høgåsen, Martinus: «Minneord om skulemannen Nils Grotnes», i Årbok for Gudbrandsdalen 1961.
- Norske skulefolk, red. Karl Bakke, Dreyer forlag, Stavanger 1952.
- Studentene fra 1922. Red. Peter Kleppe. Oslo 1951.
- Nils Grotnes i Historisk befolkningsregister.