Nils Nilssøn Dahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Nils Nilssøn Dahl (fødd i Tresfjord i nåverande Vestnes kommune 18. juli 1806, død på Nordfjordeid i nåverande Eid kommune 2. juli 1854) var teolog, stortingsmann og forfattar. Som politikar tilhøyrde han den nasjonalliberale retninga. Han var ein god ven av Wergeland, og skreiv som stortingsmann innstillinga om jødesaka i 1851.

Bakgrunn og familie

Nils Dahl var var bondeson. Han var fødd og oppvaksen på Nilsgarden av Øvstedal i Tresfjord. Foreldra var gardbrukarparet Nils Larsen Dahl og Anna Larsdotter frå Øye i Stordal. Nils Nilssøns oldefar på farssida er omtala som «student Lars Dahl», og skal etter familietradisjonen ha flykta frå Danmark.

Nils Dahl var gift med Christopha Kirstine Rønneberg, dotter av kjøpmann i Ålesund Peder Elias Rønneberg og fyrste kone Charlotte Marie Hagerup. Nils og Christopha Dahl fekk fire born som voks opp:

  • Walter Scott (1839-1906), jurist, stortingsmann og statsråd,
  • Nicoline (1841-1898) gift Harbitz, forfattar,
  • Konrad (1843-1931), prest og forfattar og
  • Ulrikke (1846-1923), forfattar, ugift.

Utdanning og yrkeskarriere

Det framgår ikkje av gjennomgådde kjelder korleis skulegangen var frå fyrst av. Biskop Neumann vart merksam på nokre dikt som Nils hadde skrive, og gjorde sitt til å hjelpe guten fram til ein utdanningsveg. Han tok examen artium i 1828 dimittert (uteksaminert) av sokneprest i Sund Johan Fritzner Greve. Etter det tok Dahl teologisk embetseksamen allereie i 1830. Han hadde eit kort opphald i Frankrike i 1831. Året etter vart han personaellkapellan for den vidgjetne «folkeopplysningspresten» Nils Griis Alstrup Dahl i Eivindvik i Sogn. (Trass namnelikskapen var ikkje dei to i slekt.) I tidsrommet 1833-1838 var Nils Nilssøn Dahl fast vikarprest i Bergen stift. Han vart så residerande kapellan i Melhus i Sør-Trøndelag i 1838, der han budde med familien på kapellangarden Varmbo. I 1851 fekk han sokneprestkallet i Eid i Nordfjord, men tok avskil i 1854 på grunn av sjukdom (tuberkulose), og døydde seinare same året. Han er gravlagd på kyrkjegarden på Nordfjordeid.

Nils Nilssøn Dahl var aktiv i lokalsamfunnet også utover det prestegjerninga naturleg førde med seg. Han var mellom anna forlikskommissær og sparebankdirektør både i Melhus og Eid.

Politikaren

Dahl var suppleant (vara) til Stortinget frå Søndre Trondhjems amt i 1842, og var representant for same amtet i 1845, 1848 og 1851. Han var odelstingspresident i 1848 og visepresident i 1851. Av andre posisjonar på Stortinget kan nemnast at han var formann i konstitusjonskomiten, trykningskomiteen og arbeidarkomiteen. Historisk har han kanskje markert seg sterkast som den som formulerte innstillinga som var grunnlaget for opphevinga av jødeparagrafen. Han var rekna som ein av Stortingets beste talarar.

Forfattar

Nils Nilssøn Dahl skreiv fleire bøker, deriblant Fortællinger for Folket (1844) og ei rekkje dikt og artiklar. Etter Wergelands død gav Dahl ut Udvalgte Digte af H. Wergeland, saman med Conrad Nicolai Schwach.

Kjelder og litteratur

  • Elstad, Hallgeir: Artikkel om Nils Nilssøn Dahl i Store norske leksikon.
  • Lindstøl, Tallak: artikkel om Walter Scott Dhl i Stortinget og statsraadet 1814-1914, 1. bind, Kristiania 1914.
  • Halvorsen, J.B. (red.): Norsk forfatter-lexicon 1814-1880 bd. 2, Kristiania 1888.
  • Sørås, Odd: «Ulrikke Dahl - forfattaren på Stokkeland» i Romsdal sogelag årsskrift 1994.