Ole Hanssen (1870-1953)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Lærarar i Oppdal ca. 1910. Fremst frå venstre: Marie Myren, Ingeborg Bjerke Mull og Ingrid Volden (?). Midtrekka frå venstre: Ole Hanssen, Johannes Braut, John A. Snorroeggen, Gustav Bjerkager, Mons Bjørlo, NN og Olaf Hoel. Bak frå venstre: Odin Leopold Elnan, Einar Grimnes (?), NN, Tønnes Braut (?) og Engel Meslo.
Foto: Håkon Steinsheim

Ole Hanssen (fødd 7. februar 1870, død 3. juli 1953), kjend i lokalmiljøet som "Hanssen", var ein lærar i Oppdal kommune. Han var son av Hans Domaas (1842-1908) og Kari Dompen (seinare gift med Lars Lo, Oppdal), og vart gift med Mari Dahlen (1865-1941). Dei fekk sonen Olav Dalgard i 1898. Hanssen var kjend som ein uortodoks - og tidvis sær lærar, men som hadde borna og folkets tillit - trass - eller på grunn av (?) si fritenking. Denne artikkelen er basert på intervju som Ola Mjøen gjorde med lærar Hanssen hausten 1986. Intervjuet vart gjort i samband med prosjektet Vollan skoles historie, og vart nedskrive av Tore Fagerhaug, Oppdal i mars 2013.

Frå Lesja

Vi veit ikkje meir om barndomen til Ole enn at han vart fødd på husmannsplassen Dompe under Systugu Sønstebø i Lesja 7. februar 1870 og at han voks opp der. Foreldra var ikkje gifte, men mora, Kari Endresdtr., vart nokre år seinare altså gift med Lars Olsson Lo frå Losløkkja i Oppdal. Ole gjekk nok på omgangsskulen i Kjøremsgrende, der han sannsynlegvis hadde Johannes T. Bjørli (1828-1917) som lærar. Bjørli var visst ikkje seminarutdanna, men har eit godt ettermæle som lærar i bygda. At Ole var evnerik og fekk gå på seminar det har han sjølv fortald. Men vi veit ikkje kva for eit seminar han vart elev på.

Til Oppdal

Som nyutdanna seminarist heldt Ole Hanssen skule på Dalholen i Folldal og i Lesja før han kom til Oppdal: «Aar 1893 den 7 dec. Besættelse av den ledige lærerpost i Fagerhaugs og Engans kredse. Lærer O. Hanssen valgt til lærer i Fagerhaugs og Engans Skolekredse».

Ola Stuggu, fødd 1876, har fortalt at Hanssen var ein svært flink lærar. Før Hanssen var det ein kar frå Støren, som var lærar på Nordskogen. Frå honom vart ikkje lærdommen så stor, mintes Stuggu. Ja, med unnatak frå religion da, har Ola Stuggu fortalt.

Far

I 1898 må ekteparet ha vore i Folldal, for der vart sonen Olaf fødd den 19. juni. I 1923 skifta han etternamn frå Hanssen til Dalgard. Olav Dalgard vart ein kjent kulturarbeidar i Noreg: forfattar, teaterinstruktør, filmregissør, litteraturkritikar, redaktør, foredragshaldar og litterær konsulent. Han døde første juledag 1980 i Bærum.

Læraren

Ole Hanssen var ingen slave av pensum eller anna stoff ungane skulle lære, han tok ikkje slikt så alt for høgtidleg fortalde Ola Mjøen, som tykte akkurat det var ein fordel. Det fekk borna att på anna vis. Hanssen var god med å aktivisere elevane. Ola Mjøen formulerer det slik: «Han sa det sjøl, sume gong: E va no firri mi tid, e». Og han held fram: «Det ha han aldeles rett ti. Du vet, han ha stor tru på det som hette intellektuell legning sjå elevom, og han ha veldig te tru på at kunnskap og orientering i teværet skull’ vårrå med på å frigjørrå oss som va ung». Akkurat dette var Mjøen heilt sikker på. Han kjente godt alle de andre lærarane som var samtidige med Hanssen i Oppdals-skulene først på 1900-talet.

Hanssen meinte – og praktiserte - at kunnskap og orientering i tilværet skulle være med å frigjøre dei unge.

Ulike lærarar i Oppdal rundt 1900

Gravminnet over lærar Hanssen vart både stort og vakkert.
Foto: Oddbjørn Hinseth

Engel Meslo var lærar på Risom, han var interessert i politikk, og var ordførar i periodar. Han var av det slaget som hadde lett for å tale og var ein stø og god mann, men på ein helt anna måte enn Hanssen.

I Haugen krets var Gustav Bjerkager skulemester. Ein særs festleg kar og et svært godt menneske som dessutam var klokkar og kordirigent. Han var forguda av elevane.

Så var det John Snorroeggen; sentral riksmålsmann og politisk konservativ. Han var rekna for å vera ein svært flink lærar. Han gjekk inn for å gjere elevane perfekt i barneskulefaga.

Ole Hanssen hadde på ein måte ein heilt annan ideologi, ja, ein annan tanke om korleis skulen skulle vera. Rekning for eksempel brydde han seg lite om, minnest Ola Mjøen; «Min merkverdig nok, oss læ’rt det a’u, så Hanssen må nok likevel tå my’ tå æron». Han hadde nok ein noko anna måte å undervise på. Dei formelle forklaringane tok han, når nye emne skulle forklarast, og rekna på veggtavla for å vise elevane. Men han dreiv mest aldri med kontroll, rekneprøver var det yttarst lite av. Men autoritært var miljøet, det var vanleg det, den tida, på alle skular.

Kristendom og opplysningstid

I faget kristendom vart det ein heilt annan sak. I småskulen, hjå Dorthea Fjøsne, var alt på perfekt stell i så måte. Hanssen derimot var fritenkjar og behandla bibelhistoria og katekisma på sin svært personlege måte, som nok var ei stor utfordring for dei som var personleg kristne. Trass i alt dette møtte ikkje Hanssen særleg motbør frå folket i kretsen. Ola Mjøens foreldre var personleg kristne, men sa aldri noko gale om Hanssen.

Ola Mjøen minnest da Sivert vart høyrd i faget. Det gjekk ikkje så bra. «Nei, du må lære bibelhistoria di, Sivert», sa Hanssen. «Det går ikkje detta». Så gjorde han en sving, før han kom att. «Åja, du kan det no bra nok au, da», sa han. «For det æ no berre eventyr ditta her», sa han. «Men detta her vil e ikkje ska kåmmå ut». Jo, denne læraren var noko for seg sjølv. Så: Enda om foreldre og elevar, elevane først seinare, var religiøse, tok dei ikkje avstand frå Hanssen på grunn av fritenkjeriet hans. Tvert i mot, seier Ola Mjøen, dei satte ham høgt, alle som ein.

Men det er ei kjent sak at Ole Hanssen kom på kant med presten og kristenfolket i bygda. I bladet Tænk selv, som Hanssen ga ut fleire nummer av, harselerte han over prest og kristendom. Det gjekk faktisk så langt at folk forlanga at han skulle seiast opp. Men da presten kom til Mælesvollan skule for å høyre på Hanssen, heldt Hanssen ein glimrande time. Presten fann ingen ting å sette fingeren på da han skulle kontrollere kristendomsundervisninga hans. Tvert om, fortelles det, det var ei glimrande førestelling, som overtydde presten.

På sett og vis får Ola Mjøen støtte av Olav Dalgard (sonen til Hanssen). Han skriv i memoarboka si, Samtid, frå 1973: «Sikkert kjende han (faren) det som ei livssak for seg da han sette i gang med bladet. Han ville «ruske opp i bygdeidyllen» sa han, og det greidde han òg, på si vis. Han vart kjend som rabulist og ein «original» som folk stort sett aksepterte».

Ole Hanssen var svært opptatt av Opplysningstida, frå om lag 1690 og godt og vel hundre år framover. Voltaire og Rousseau var ideala hans. Han las svære verk om desse to. Han hadde til og med timar for elevane der han fortalte og las høgt frå det desse filosofane skreiv. Opplysning skulle føra borna inn i eit meir lykkeleg liv, meinte Hanssen. Derfor var desse to karane så viktig. Borna skulle vera glade og lykkelege, fri.

Lærar Hanssen var filosofisk anlagt. Mang ein gong kom han med definisjonar, som var utruleg fint presentert og godt pedagogisk oppbygd. Det fortel om en mann som tenkte godt. Og hadde lett for å forme tankane sine.

Lærebøker

I storskulen, da elevane tok til hjå Ole Hanssen, fekk dei lærebøker. Det fanst både i geografi, historie, naturfag og rekning. Nordahl Rolfsens lesebok var òg komme. Og sjølvsagt var det lærebøker i kristendom, både bibelsoge og katekisme. Kristendomsfaget var for hundre år sia eit av dei viktigaste faga, med pugging både av bibelvers, trusartiklar og forteljingar frå Det nye testamentet, for ikkje å gløyme: pugging av salmar.

Gymnastikk var det heller så som så med, berre lite bøy og strekk, og nokon gymnastikksal fanst sjølvsagt ikkje. Men fysisk aktivitet var likevel ikkje mangelvare. Gjennom arbeidet heime og det store engasjementet i leiken på skulen var aktiviteten alltid stor nok.

Songboka som var bruka på Mælesvollan var Seips visebok. I den var det eit godt utval av songar som Hanssen lika. Ola Mjøen nemner spesielt Vinje-songen «Kunnskap skal styra rike og land». Når Hanssen skulle lære borna nye songar, bruka han orgelet.

Undervisninga

Ole Hanssen dreiv ikkje ein utprega pugge-skule, slik vanleg var på dei aller fleste skular. Nei, det var Roussau-tankar som låg bakom der òg. Den franske filosofen hadde tankar om at elevane sjølv skulle lære seg å lære, eller sagt på ein annan måte: borna skulle i størst muleg grad settast i stand til å erverve seg kunnskap på eiga hand. Hanssen ville at borna skulle orientere seg i landskapet. Kan hende la han lista litt for høgt i så måte. Dei aller fleste greier nok ikkje den oppgåva, sjølv om han kunne lykkast med enkelte.

Den kunnskapsrike Hanssen kunne nok gløyme at mange elevar ikkje hadde forutsetningar for å forstå han. Men sjølvsagt var det òg spørsmål om kva slags bakgrunn elevane hadde. Hanssen brydde seg ikkje så mykje om det. Dei aller fleste kom frå det vi kan kalle enkle heimar der kvar og ein dagleg måtte trø til for å skaffe nok utkomme åt familien.

Skuleåret var stutt samanlikna med i dag. Det var skule annankvar dag, tre dagar i veka. Først i oktober tok skuleåret til, slutta uti mai eingong, 30 veker omtrent. Skuleåret slutta med to veker sløyd for gutane og to veker med handarbeid for jentene. Det fanst ikkje kladdebøker, elevane skreiv med griffel på steintavler. Så hadde dei ein klut som dei vætte og pussa ut att når steintavla var full. Her har vi opphavet til det gamle ordet, som eldre framleis brukar i staden for pennal, «greffelthus», eit lite treskrin til å ha greffelt’n og kluten i. Skrivebøker var det, men dei vart bruka berre til skjønnskrift. Da vart det bruka penn og blekk. Skjønnskrift var eit viktig fag. Det låg litt status i det å ha ei flott handskrift. Sjølv hadde Hanssen ei feiande flott skrift, fortel Ola Mjøen.

Friminutta – leik

Skuledagen tok til klokka 9. Timane, seks om dagen, var 45 minutt, med ti minutts friminutt. Matfriminuttet var langt, ein time. Da gjekk nok Hanssen inn til Mari og fekk middag.

Det var inga klokke som ringte inn. Slik kunne nok friminutta bli noko lenger. Og da leika barna, sjølv-aktivering kan vi seie no. Dei slo ball, dei leika stresshjerte (kva no det er!). Eller dei kunne sitte og lesa indianarforteljingar. Dette føregjekk litt synnafor skulen, der det var ein stor torvmyr. Etterpå var det store slag eller trefningar mellom dei forskjellige indianarstammane. Det var òg ein grusplass som var såpass stor at dei kunne spela, eller slå, kroket med klubba og trekular.

Vinters tid var for det meste ski. På eit jorde vart det bygd hopp så snart snøen kom. «Der hoppa oss fort en 14 – 15 meter», fortel Mjøen. «Den bakkin va no bruka te premierenn a’u han, ser du. Min da bøgd dem hoppet lite lenger innpå, og da kunn’ dem töy se innpå tjug’ meter, dem som va lite flenka’r». Sjøl-aktivering var ein fin måte å halde seg i trim på.

Læraren i samfunnet

Utanom skuletida hadde læraren ein svært viktig funksjon i kretsen. Men det var ikkje noko spesielt for Hanssen. Det var likt i alle kretsane. Var det bryllaup eller gravferd var lærarparet sjølvsagte gjestar. I bryllaup var han ofte òg høvesmann. Den 17. mai var det festleg samvær med læraren som sentral aktør, som festtalar. Da Ola Mjøen gjekk på skulen, var det arrangement saman med Rise krets. Når samværet var på Vollan, var det Engel Meslo som heldt 17. mai-tala, men når de var på Rise, var det han Hanssen som heldt tale for dagen.

Korleis var så lønnsnivået? Lærarinna fekk godt og vel 10 kroner for veka. Ho hadde fem skuletimar om dagen. Når så skuleåret var 30 veker, blir årslønna noko over 300 kroner, slik Ola Mjøen minnest det. Læraren tente meir, kanskje godt og vel 400 kroner. Men han hadde skulejorda attåt. På Mælesvollan, minnest Ola Mjøen, hadde Hanssen ein par kyr. Og så hadde han hest. Den kjøpte han da anlegget på Dovrebanen tok til rett etter 1910. Sonen Olaf Hanssen, seinare Olav Dalgard, bruka hesten, dreiv med vaggkøyring på Mjøa-gjerdet. Truleg finansierte han slik deler av gymnastida si.

Det at lærarfamilien hadde skulejord og nokre kyr, var svært viktig for at dei berga seg såpass bra som dei gjorde. Det hadde nok vorte smalhans om ikkje.

Hanssen som lærar

Som før sagt var ikkje Ole Hanssen streng, han hadde på ingen måte det vi kan kalle kadaverdisiplin. Når elevane satt med teikning og skjønnskrift for eksempel, hendte det rett som det var at dei kunne småprate litt. Dei satt to og to på gammaldagse pultar med lokk. Men han passa på at det ikkje skeia ut. Han greip inn om noen satt for lenge og prata og kanskje vart lite for høgmælt.

Hanssen var opptatt av at borna skulle bli glad i god litteratur. Slik vart det etter kvart ei stor boksamling på skulen. Det var som sagt indianarbøker, det var klassiske romanar: Robinson Crusoe og skjønnlitterære bøker av norske forfattarar, som Bjørnson og Holberg. Hanssen og Holberg, dei var på sett og vis nokså like, vil Ola Mjøen ha det til. Komediane til Holberg var populære. Anders Hovden var òg borna interessert i. Boksamlinga kunne vera på langt borti hundre band, ei nokså stor boksamling etter tida. «Oss lå’nt og oss les, e va flittig te å lå’n», minnest Ola Mjøen, som òg var lærar; i 44 år.

Kjelder