Ole Olsen Ranheimsæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Olsen Ranheimsæter tok dette biletet av Kvernes stavkyrkje, truleg under oppføringa av nye Kvernes kyrkje i 1890-åra.
Foto: Ole Olsen Ranheimsæter

Ole Olsen Ranheimsæter (fødd 1856 i Oppdal, død 1926 i Sunndal) var fotograf i Sunndal og Kristiansund.

Han var son av gardbrukar Ole Ranheimsæter. Han vart gift med Catharine Christine Petersen (f. 1858), og dei hadde ein son, Carl O. Ranheimsæter som også blei fotograf. Han byrja i fotograflære hos K.L. Schmedling 21. august 1871 i Kristiansund, overtok hans firma i 1880 og dreiv det til 1916. Då flytta han til Sunndal, kor han ved sida av fotografforretninga starta ein kino som han dreiv til sin død.

Atelieret i Kristiansund vart overteke av F.O. Knudsen. Det finst arkiv etter ham frå om lag 1890 på Tingvoll Bygdemuseum, Meisingset. Han hadde diplom frå Tromsøutstillinga i 1894 og var ein av utstillarane på Bergensutstillinga i 1898. Fotograferte Ålesund by berre få dagar etter den store brannen i 1904. Fleire bilete er oppbevart ved Aalesunds Museum. Han har fotografert Ålesund tidlegare, i 1880, då han har utgjeve ein montasje i kabinettformat av ein del Ålesundsbilete frå den tid.

Sjå også

Kilder

Eksterne lenkjer


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Ole Olsen Ranheimsæter er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.