Oskar Sylte Mineralvannfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mineralvannfabrikken på Årø i Molde.
Foto: Chris Nyborg (2014).
Brus fra Oskar Syltes Mineralvannsfabrikk. Brus med ananassmak og Brus med pæresmak er særeigne for fabrikken, som også lager brus på lisens.
Foto: Olve Utne (2009).

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde vart grunnlagt i 1929. Pr. 2014 har fabrikken drygt 100 ansatte. Det produserast mineralvatn på lisens, som Solo, men mest kjent er fabrikken for Brus med pæresmak og Brus med ananassmak. Av dei seksten mineralvannfabrikkane ein hadde i Møre og Romsdal etter krigen, er det berre Oskar Syltes som har klart seg.

Oskar Sylte (1907–1976) kom til Molde som ung mann, og begynte sin yrkeskarriere som visargut. Han oppretta etter kvart eigen agentur- og kommisjonsforretning. Han dreiv med fisk, vilt og is, og leverte ferskmat til turistskipa som la til i byen. Et år makrellen svikta på Sørlandet gjorde han gode pengar, og nytte dei til å kjøpe inn maskinar til brusproduksjon. Desse fekk han satt inn i den gamle meierigarden. Etter ei tid gjekk brusproduksjonen så godt at han slutta med kjøt og fisk. I byrjinga lagde han også øl på lisens frå Frydenlunds Bryggeri. Han måtte så velje mellom øl- og brusproduksjon, og valde brusen.

Under bombinga av Molde 1940 vart fabrikken råka, og fyrst etter andre verdenskrig kom produksjonen i gang att. Han fortsatte i Kirkebakken, og noko seinare fekk han seg eit nytt lokale i Vektergata. Brusen vart forhandla i Romsdal, og fyrst i 1960-åra utvida Sylte salsområdet til heile Møre og Romsdal. Han måtte etter ei tid opprette eit stort lager i Ålesund. Mot slutten av 1960-åra kom sønene Steinar og Oskar Dag Sylte inn som henholdsvis administrerande direktør og salssjef. Steinar Sylte vart seinare styreformann, og Oskar Dag Sylte vart administrerande direktør.

Fabrikken vart i 1973 flytta til Årø utafor Molde. Fleire hevda at anlegget var for stort, men det viste seg at dei måtte utvide fleire gonger. Dagens anlegg er om lag dobbelt så stort som det var i 1973. På denne tida fekk Sylte ein fordel framfor andre produsentar, då foretaket fekk gode kontraktar på kjøp av sukker. Kort tid etter at kontraktane var inngått gjekk sukkerprisane kraftig opp.

I 1989 kom Ringnes inn i foretaket med ein eigardel på 44 prosent. Firmaet er framleis lokalt styrt, og lager brus på lisens for Ringnes. Foretaket har også kontrakt med det internasjonale foretaket Schweppes. Dei to særeigne brustypene, ananas- og pæresmak, kan ein også få kjøpt andre stader i landet, mellom anna på ein del butikker i Oslo.

Kjelder