Osmund Kaldheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Osmud Kaldheim på Sentralbanksjefens årstale 2018.
Foto: Tore Sætre

Osmund Kaldheim (fødd 20. februar 1964 i Haugesund) er ein tenestemann, næringslivsmann og tidlegare politikar for Høgre. Han har mellom anna vore ordførar i Fet kommune 1995–1999, statssekretær, direktør i Husbanken 2017-2025 og er frå 2025 kommunedirektør i Hamar kommune.

Bakgrunn

Familien på farsida er frå garden Kaldheim (matr. nr. 47) i Etne. Foreldra Paul Leif (f. 1937) og Liv Karin (f. Miljeteig i Sauda 1940) arbeidde høvesvis som bibliotekleiar og sjukepleiar. Kaldheim flytta til Fetsund i 1989.

Politisk arbeid, verv og stillingar

Kaldheim var involvert i partiorganisasjonen i Høgre frå 1980-tallet, og har hatt fleire verv lokalt og nasjonalt. Han var ungdomssekretær i Unge Høgre frå 1984, politisk sekretær i Akershus Høgre, hadde forskjellige stillingar i Høgre si stortingsgruppe 1985-1989 og jobba som sekretær for sosialminister Wenche Frogn Sellæg 1989–1990 . Frå 1990 var han informasjonssekretær i Geelmuyden Kiese.

I 1991 blei Osmund Kaldheim valt inn i kommunestyret i Fet. Ved kommunevalet i 1995 vart det borgarleg fleirtal i kommunestyret i Fet, og Kaldheim tok over ordførarvervet i kommunen som første Høgre-representant på 81 år. Han styrte ut ifrå eit valteknisk samarbeid med Framstegspartiet, Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Kaldheim tok ikkje gjenval ved neste val, og partifelle Hallstein Flesland tok over ordførarvervet i september 1999.

Kilder og litteratur


Forgjenger:
 Vidar Amundsen (1939–2026) 
Ordfører i Fet kommune
Etterfølger:
 Hallstein Flesland 


Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!