Peder Bårdsen Frøysnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Truleg har Peder her fotografert kona si.
Foto: Peder B. Frøysnes (ukjend).
Frøysnes tok dette biletet av Tone B. Ørnefjødd frå Bykle.
Foto: Peder B. Frøysnes (ukjend).

Peder Bårdsen Frøysnes (født 20. desember 1859 på Sandtveit i Hægeland, død 1. desember 1928) var omreisande fotograf. Bilete finst i Gamle Bergen Museum og på SetesdalsmuseetRysstad, sjå Knut Jonsson Heddis samling, truleg også andre stader.

Peder vart fødd på den vesle garden Vintermyran under Sandtveit i Hægeland (Vest-Agder), og foreldra Anne Katrine Ånonsdotter (f. Tjomsås, 1830–1891) og Bård Simonson (1824–1891) let guten døype 15. januar 1860. Han var den sjette av ein syskjenflokk på ni, fire brør og fem systre. Faren arbeidde som «lastehugger» og åtte den vesle garden. Han sette upp huset dei budde i, og dei hadde tre sauer. Ein gong mellom folketeljinga 1865 og 1869 vart bruket seld for 30 spd., og familien tok med hus og alt til Frøysneset. Der fortel folketeljinga 1875 at faren arbeidde som «fyrbøder ved dampskibet i Sætersdalen» ved sida av at han var husmann. I 1875 hadde Peder allereie reist heimanfrå.

6. juli 1893 vigde han med Gyro (skrive som Guro i folketeljingane), dotter til Torbjørg Olsdotter Helle (1842–1885) og Olav Bjørnson Uppstad (1834–1890) i Valle prestegjeld. Ho kom frå husmannsplassen Mo nede ved Otra i Hylestad (Setesdal). Peder er «fotografist, f.t. Kvæstad» i Valle. Frå Setesdal reiste dei over fjellet til Dalen, der han arbeidde som fotograf.

I folketeljinga 1900 bur han, Gyro og tri ungar på Tønsberg i Mo i Telemark, som no er ein del av Tokke kommune. Her budde familien frå 1898 til 1905. Ti år seinare er dei busett på Nystad i Mo, og kalla «Hyttebyen». Pe(r)der er «Husmand Veivogter» medan Guro tek seg av huset og driv kaffihandel. Seks ungar he dei fengje, yngstedottera Selma er berre 9 månader då teljinga fann stad.

Etterslekta

Oversikta er henta frå folketeljinga 1910.

  • Peder B. Frøysnes (f 20. desember 1859 i Øvrebø), gm Guro O. Frøysnes (f 25. november 1872 i Valle)
    • Berdian, f 11. mars 1894 i Vinje, til Vennesla 1928
    • Olav Konrad, f 9. desember 1895 i Mo, til Lunde, lærar
    • Anne Katrine, f 6. januar 1897 i Mo, til Oslo
    • Torbjørg, f 25. februar 1902 i Mo, gm Håkon Mandt S. Tveiten
    • Hilde, 12. september 1905 i Mo, til Skien 1925
    • Selma, 1. mars 1910 i Mo, til Vennesla

Feil i folketeljinga 1900

Her har teljaren angjeve fødestaden som «Øvrebø Brb», det vil seie i Bratsberg len. Brb er truleg ein misforståelse. Den Peder Bårdson som er beskrive her i artikkelen vart fødd same året og dagen som den folketalde i 1910, som var vigd med same kone som i 1900. Han er døypt og konfirmera i Øvrebø prestegjeld i Nedenes len, familien hans vart tald på Frøysneset i Hægeland i 1875. Han vigde med Gyro frå Heddi i Hylestad (Setesdal), og dei flytte til Telemark etter kvart.

Kjende verkestader

Sjå og

Kjelder

  • Åsen, Jon (1951): Hægelands-boka. 1 : Gard og ætt, s. 241 og 425. Digital versjonNettbiblioteket
  • Marvik, Steinar (1989): Mo bygdebok : gard og ætt. 1 : Mo sokn, side 631, 664. [Dalen] : Tokke kommune, ISBN 8299194210. Digital versjonNettbiblioteket
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Peder B. Frøysnes på Digitalt museum.
  • Peder B. Frøysnes på KulturNav
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Peder Kile på Digitalt museum.
  • Peder Kile på KulturNav
  • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjonNettbiblioteket
  • Nes, Trygve (1992): Hjartdal i bilder, Skien

Primærkjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Peder Bårdsen Frøysnes er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.