Perstølane (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Reistar etter ein av Perstølane. Biletet er teke mot sør.
Foto: Marianne Wiig (2013)

Øvre og nedre Perstølen låg nord for Øynan på Ustaoset, Hol kommune. Båe stølane låg i same hamnestrekning mellom Uren og Ruken. Den eldste av stølane, truleg nedre Perstølen, høyrde opphavleg til Hallsteinsgard i Ustedalen. Kan hende fekk han namn etter Per Herleikson Hallsteinsgard som hadde garden frå 1693. I 1707 vart Gullstein skilt ut frå Hallsteinsgard, og da følgde Perstølen den nye garden. Eit skøyte frå 1744 syner at Gjermund Knutson Gullstein selde stølen vidare til Knut Eirikson nedre Sausgard (seinare Øygarden) i Lio, med stølsbu, hamn og brennefang for 3 løbbol. Knut kjøpte samtidig slåttemarka som Gullstein hadde ved Øynan.

Da Øygarden i 1777 vart delt mellom Eirik Knutson Øygarden og Per Arneson Helle, fekk Eirik ”den gamle Perstølen”, medan Per kjøpte øvre Perstølen med beite for 6 løbbol av Ola Olson Tufto, Kvisla, i 1782. Eirik selde i 1801 både Øygarden og søre Foss og kjøpte Fosshagen, men behaldt Perstølen og delar av Øynan. Året etter stemnde han og fleire stølsgrannar Elling Larson Tufto frå Kvisla for å ha sett opp og gjerdt inn ei stølsbu ved Perstølen og latt eigne og framande krøter beite ned vollane. Elling vart dømd til å ta ned att bua innan 6 veker.

Ola Eirikson Nerolshaugen, Holet, kjøpte i 1813 øvre Perstølen av Jens Jonson Øygarden, men selde han like etter vidare til Sjugurd Olson nordre Foss. Knut Olson Nerolshaugen, sonen til Ola, bytta i 1851 bort stølen til broren Ola, som hadde Sekshus, mot å få hente ved i Hyttelien.

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3, 6 og 7.


Koordinater: 60°31′5″ N 7°58′46″ Ø